
Nei til EUs leder i debatt på Arendalsuka: – Nei-flertallet står seg godt
Einar Frogner kommenterte og debatterte Altingets nye EU-måling på Arendalsuka mandag den 10. august

Om du held oljebransjen utanfor, nådde norske bedrifter ein eksport-topp til EU i 1994, det året EØS-avtalen trådde i kraft. Etter det har eksportandelen til EU-landa bare gått nedover (mykje fordi me har auka eksporten til land utanfor EU). I alle fall om me skal tru Statistisk Sentralbyrå — og det gjer vel NHO?
EØS-avtalen må vurderast ut frå kva endringar den har bidratt til. Marknadsadgangen til EU blei sikra med handelsavtalen frå 1973, som enno gjeld og blir oppdatert (sist endra 16. august 2010, siste tilleggsprotokoll datert 11.4.2014). EØS-avtalen kan seiast opp med eitt års varsel (EØS-loven art. 127), og då vil den ikkje lenger gå føra andre avtalar Norge har (EØS-loven art. 120), det vil seia: då er det desse avtalane, blant dei handelsavtalen frå 1973, som gjeld. Det er tvilsomt om EØS-avtalen har ført til at me sel meir til EU. Det avtalen har gitt oss, er arbeidslivskriminalitet, bemanningsbyrå med usikre arbeidsforhold, sosial dumping, livsfarlege utanlandske vogntog på norske vegar — bare for å nemna noko. Avtalen gjer òg at norske tariffavtalar og norske lovar må vika for EU-rett slik EU-retten til ei kvar tid blir tolka av domstolane i EU-systemet. Er det slike forhold NHO vil ha meir av når dei spør om dei neste 25 åra blir like gode?

Einar Frogner kommenterte og debatterte Altingets nye EU-måling på Arendalsuka mandag den 10. august

Vi har hatt et historisk høyt overskudd i produksjon av strøm i Norge i 2025 med 161,8 TWh uten at det har ført til reduserte strømpriser hverken for industrien eller husholdningene i Norge.

Norge har et handlingsrom for å sikre nasjonale kraftinteresser der svenskene har gitt tapt.