
Østfold Nei til EU på kraftmarkering
Torsdag 26. mars var det seminar og fanemarkering om strømpriskrisa i Oslo.

Rogalandsdelegasjonen fekk forbetra nokre uttalelser:
Saman med andre fekk me stoppa nokre forslag som ville ha splitta Nei til EU om dei hadde blitt vedtatt. Nokre ville slå fast, i vedtektene, at bare EØS-motstandarar kan vera medlemmer av Nei til EU, andre foreslo at Nei til EU skal ta standpunkt for NATO-medlemskap. Slike forslag ville gjort uboteleg skade på Nei til EU. Det fekk me forhindra. Nei til EU skal vera open for alle EU-motstandarar, EØS-motstandarar så vel som EØS-tilhengarar, NATO-motsstandarar så vel som NATO-tilhengarar, så sant dei ikkje er rasistar. Me må læra korleis me omgås og behandlar kvarandre slik at folk kjenner seg velkomne — så lenge me kan stå saman i kampen mot norsk EU-medlemskap.
Landsmøtet fekk helsingstalar frå partia på Nei-sida (bare Frp mangla; var dei spurt?), bondeorganisasjonane og fagrørsla — både Fagforbundet og Fellesforbundet. Fagforbundet er det største fagforbundet i offentleg sektor, Fellesforbundet er det største fagforbundet i privat sektor. Når dei bryr seg om å ha helsingstale på landsmøtet vårt, viser det at dei ser på Nei til EU som viktig. Jørn Eggum (Fellesforbundet) møtte også opp personleg, Mette Nord (Fagforbundet) sende helsingstale på video. Også statsminister Støre sende oss helsingstale, på video.
NRK hadde reportasje i Dagsrevyen, som eitt av hovudoppslaga på laurdagen.
Ungdom mot EU jobbar godt. Dei låg langt nede etter pandemien, men har no kraftig vekst i medlemstalet — og dei gjenopprettar lokallag. Honnør til Ungdom mot EU!
Betydninga av Nei til EU — og kva me får til
Det er lett å bli mismodig når medlemstalet fell og når me saknar gjennomslag i media. Eg trur likevel at arbeidet me gjer, betyr meir enn me er klar over.
Etter seieren i folkeavstemninga i 1972 blei det diskutert: skal me halda oppe organisasjonane eller legga dei ned? Folkebevegelsen blei lagt ned. Arbeiderkomiteen mot EEC og dyrtid ville halda fram, bli varig front. Snart hadde organisasjonen likevel blitt ein papirorganisasjon utan folk. Folk meinte at saka var avgjort, det var null interesse for ein varig front mot EEC (som det då heitte).
Nei til EF (som blei til Nei til EU) blei oppretta straks EU-spørsmålet blei reist på nytt. Straks strøymde medlemmene til, over heile landet. Nok ein gong vann me over makta. — Etter det skjønte fleire at EU-trusselen hadde komme for å bli, kampen var ikkje avgjrot ein gong for alle. Spesielt sidan Gro hadde lurt gjennom EØS-avtalen — utan folkerøysting, og utan at folket hadde fått mulighet til å diskutera det i ein stortingsvalkamp.
Men sjølv om mange i dag skjønner at EU fortsatt trugar norsk sjølvråderett, er det ikkje sånn folk flest flest tenker. Dei oppfattar det som at EU-spørsmålet ikkje lenger er aktuelt. Det ER vanskeleg å halda oppe ein organisasjon når folk oppfattar at den ikkje lenger er aktuell. I nabolanda våre har organisasjonane skrumpa inn, men dei står på så godt dei kan. Norske Nei til EU er utan samanlikning storebroren i dag. Meir enn nokon gong.
Me må ha gjort meir rett enn gale.
Det er framleis solid fleirtal mot norsk EU-medlemskap, enno 30 år etter den siste folkerøystinga, og det trass i at EU-tilhengarane har maktapparatet og omtrent alle media. Hadde me hatt fleirtal dersom Nei til EU ikkje lenger fanst? Aldri i livet.
I dag er det tilmed fleire som vil ha handelsavtale enn EØS-avtalen. Hadde det vore tilfelle utan Nei til EU? Slett ikkje. Kven andre enn Nei til EU har drive kampanjen mot EØS?
Motstanden mot EØS-avtalen veks i fagrørsla, og spesielt i Fellesforbundet. Spesielt på grunn av strømkampen, kampen mot sosial dumping og andre kampar som går på livskår og arbeidskår. Nei til EU er drivkrafta i dette, og det veit mange — spesielt dei som er engasjerte i motstanden.
Me skulle gjerne vore meir i media. Men media er stort sett eigd og dominert av EU-tilhengarane. Me kan ikkje forventa at dei ønsker sleppa oss til. EU-motstandarar slepper likevel til frå tid til anna, og gjer det godt når me får sleppa til i NRK.
Me må ha ei realistisk oppfatning av kor mektige EU-tilhengarane er: storkapitalen, NHO, dei dominerande partia, dei dominerande media. Det er godt gjort å vinna fram mot dette «trollet med mange hovud». Likevel gjer me det i så pass omfang at det gjer ein forskjell: EU-motstanden er enno stor, EØS-motstanden er veksande, kampane vi reiser, blir tatt på største alvor. At me har oppnådd så pass, er langt frå sjølvsagt, det er resultat av seigt arbeid — eit maratonløp. — Men sjølvsagt er det alltid noko som kunne og burdee vore gjort betre.
No ser me ny vekst også i Ungdom mot EU. Det er oppløftande!
Ver realistar: maraton-løpet må halda fram i mange år enno. Og EU-tlihengarane er snare til å utnytta situasjonen når det skjer noko som skapar uro og uvisse.
Stort bilde i toppen: Nei til EUs landsmøte 2024 8.–10. november på Hamar.

Torsdag 26. mars var det seminar og fanemarkering om strømpriskrisa i Oslo.

Det er stor oppstandelse over det siste påfunnet til EU-kommisjonen (EU-regjeringa): De foreslår at EU skal kunne kreve 25 prosent av de inntektene EU- og EØS-land har av de s.k. «flaskehalsinntektene» ved overføring av strøm via kabler eller ledninger.

Selv om EU-regler forbyr konkurransevridende offentlig støtte og styring av strømprisen, er det en rekke EU-land som har ulike former for strømstøtte både til husholdninger og næringsliv, viser en gjennomgang fra Stortingets utredningsseksjon.