Vindkraft er den minst effektive energiforma og gir størst skadar på naturen

Me kan ikkje overlata til EU å styra norsk energipolitikk. Regjeringa bør i staden følgja opp tiltaka som er foreslått av alternativ energikommisjon.

Innlegget har bl.a. stått på trykk i Dagsavisen, Rogalands Avis.

Regjeringa har bede om høyringsuttalelser til ei utgreiing kalla «Meir av alt — raskare». Der går dei inn for uhemma energiutbygging: klampen i bånn, mest mulig natur skal raserast etter så lite utgreiingar som mulig for slik å skaffa mest mulig energi frå alle kjelder.

Utgreiinga tar for gitt at Norge vil få kraftunderskot i 2030. Det er langt frå gitt og slett ikkje nødvendig. I dag har Norge eit kraftoverskot på frå 15 til 18 TWh i eit normalår. Samtidig kan me raskt gjennomføra fleire tiltak som kan auka dette underskotet utan å gjera vesentlege nye inngrep i naturen. Ifølgje NVE (Vassdragsvesenet) er det stort potensial både i energiøkonomisering og i opprusting av eksisterande vasskraftverk. Ifølgje lokale opplysningar (frå Lyse Energi) vil opprusting av eksisterande vasskraftverk vera lønnsomt så lenge dei kan selja straumen til ein pris på minst 50 kWh. Me minner om at prisane for tida er langt høgare enn dette, stort sett det mangedoble av dette, sjølv om dei svinger kraftig. Det er ingenting anna enn politisk uvilje som kan hindra oss i å gjennomføra slike tiltak — som i løpet av få år kan frigjera mange titals TWh med straum. Utan nemneverdige nye inngrep i naturen.

Men same kor mye me produserer, er det alltid mulig å sløsa bort overskotet. Energi er ein begrensa ressurs som bør nyttast til samfunnsgagnleg verksemd: til samfunnsnyttig produksjon, og for å dekka energibehovet for landets innbyggarar. Energi må ikkje sløsast bort, t.d. til å produsera kryptovaluta, og heller ikkje til å elektrifisera oljeproduksjonen på sokkelen — ein produksjon som i alle år har klart seg utmerka utan annan energitilførsel enn den produksjonsplattforma sjølv skaffar ved å bora etter olje og gass i havdjupet. Elektrifisering av denne verksemda vil rett nok redusera forureinande utslepp på norsk sokkel, men bare for å eksportera dei same utsleppa til utlandet, og vil dermed vera bortkasta som tiltak for å redusera globale klimaproblem. Utsleppa på sokkelen bør heller fangast på sokkelen og sendast ned igjen i havbotnen. Til det trengst korkje straumkablar frå land eller havvind på sokkelen.

Dersom styresmaktene prioriterer energiøkonomisering og i tillegg sørger for at gamle vasskraftverk blir rusta opp med ny teknologi, vil ein lett frigjera 30-40 TWH meir energi, og kanskje langt meir enn dette. Dersom ein lar vera å elektrifisera sokkelen, vil ein spara ei planlagt framtidig forbruksauke på 20 TWh. Til saman vil dette skaffa oss store mengder energi til det framtidige grønne skiftet. Og me vil minna om at eit «grønt skfite» må vera nettopp grønt, det vil seia naturvennleg, og ikkje må føra til storstilt rasering av naturen me skal leva av både i dag og i overskodeleg framtid.

Regjeringa, NHO, parti på høgresida og enkelte andre, vil ha storstilt satsing på vindkraft. Vindkraft er den minst effektive energiforma og gir størst skadar på naturen. Kven som tjener på vindkrafta eller kor pengane frå vindkrafta hamnar, veit me ikkje. Truleg hamnar mye i skatteparadis. Ikkje fordi vindkraft er lønnsomt — tvert om, den lønner seg bare så lenge den blir subsidiert med den særlege skatteletten som bare gjeld vindkraft, og så lenge straumen kan seljast for prisar fastsett på EU-marknaden. Det er me, skattebetalarane, som subsidierer profitten til vindkraftselskapa. Og styresmaktene overlet villig naturkreftene våre til utanlandsk kapital.

Vellykka forvaltning av energiressursar føreset demokratisk politisk kontroll. Me kan ikkje overlata til EU å styra norsk energipolitikk. Regjeringa bør i staden følgja opp tiltaka som er foreslått av alternativ energikommisjon, https://a-ek.no/

I 2019 vedtok stortingsfleirtalet EUs «energipakke 3», og bestemte med det at EU skulle styra energipolitikken. «Pakken» slo fast at energi skal flyta fritt over landegrensene med energiprisar fastsett av EU-marknaden, med mål om mest mulig lik pris på all energi i heile EU med EØS. Eit særskilt energibyrå, ACER, har myndighet til å gjennomføra dette. Sidan har ikkje norske styresmakter hatt kontroll. Derfor har straumprisane gått til himmels. No må me ta styringa tilbake!

Av Amina Ødegaard Prestbakk, leder Rogaland Nei til EU | Espen Watne, nestleder Rogaland Nei til EU | Anita Utsola, nestleder Rogaland Nei til EU | Eline Prestbakk, AU-medlem og Leiv Olsen, kasserer Rogaland Nei til EU