ARRANGEMENT
Lørdag 27. februar 2021 kl. 11:10 Digitalt årsmøte i Microsoft Teams

Årsmøte 2021 i Troms Nei til EU

Årsmøte i Troms Nei til EU vert halde laurdag 27. februar 2021 kl. 11:10 – 12:30. Frist for innmelding av saker er 19. februar.

Dersom du vil vere utsending til årsmøtet må du melde det til elibrg@online.no innan 19. februar.

I samband med årsmøtet blir det også halde eit ope møte frå klokka 13.00 der Roy Pedersen, leiar i Nei til EU, innleiar om Europeisk fagrørsle i motbakke – kvifor og kva no? 

Bli med på årsmøtet og det opne møtet

Årsmøtet (11.10–12.30) og det opne møtet (13.00) vil bli halde digitalt på Microsoft Teams. 

Trykk på lenka for å bli med på møtet.

Trykk deretter på «Fortsett i nettleseren» for å delta på møtet utan å installere Teams på maskina di. 


ÅRSMØTESAKER

Dagsorden:

  1. Godkjenning av innkalling.
  2. Godkjenning av saksliste
  3.  Konstituering
  • Valg av møteleier og referent
  • Val av to personer til å skriva under protokollen
  • Godkjenning av fullmakter.
  1. Årsmøtesak : Nei til EU har problem sidan viktige sponsorar reduserer den årlege økonomiske stønaden sin. Samstundes er det nedgang i talet på medlemmer i Nei til EU noko som yttarlegare reduserer inntektssida. Det vert no vurdert oppseiingar av medarbeidarar sentralt. Dette er alvorleg. Nei til EU har spurt fylkeslaga om økonomisk stønad i desse krisetidene.

Forslag til vedtak: Troms Nei til EU vurderer det slik at me har ingen medarbeidarar å mista. Tvert om skulle me ha hatt fleire i staben for å få enno kraftigare trøkk mot EØS-avtalen og mot eit EØS venleg Storting.

Difor instiller styret i Troms Nei til EU å løyva kr. 40 000 som ein eingongssum til Nei til EU

Årsmelding 2019-2021:

  1. Regnskap
  2. Arbeidsplan for 2021 - 2022
  3. Budsjett
  4.  Val
  • leiar
  • styremedlemmer (6)
  • varamedlemmer til styret (5)
  • valkomite
  • revisor
  • 2 medlemmer med vara til rådet i Nei til EU
  • kvinnekontakt

Øvrig:

Forslag til fråsegner kan de sende til styreleiar på e-post: olavflaate@hotmail.com innan fredag 24 februar 2021.

Forslag til valkomite kan de sende til: Åshild Fause på e-post: ashild.fause@hitos.no snarest og seinast 24. februar 2021

For meir informasjon ta kontakt med leiar av Troms Nei til EU på e-post: olavflaate@hotmail.com eller mobil: 92680283

Velkomne skal de vera til eit uvanleg årsmøtearrangement i Troms Nei til EU laurdag 27. februar 2021

Påmelding til årsmøtet: Send påmelding til årsmøtet til Eli Berg for å få link til oppkopling til møtet: elibrg@online.no

Sakspapir vert tilsendt på epost etter du har meldt deg på.

 

reLATERT

Se alle arrangementer

Kommende arrangementer

arrangement
Tirsdag 03. feb. 2026 kl. 18:00 - 21:00 Torp Hotell, Fokserød

Toppmøte om EU og EØS

Vestfold Nei til EU inviterer til toppmøte mellom leder i Nei til EU, Einar Frogner og leder i Europabevegelsen, Trine Lise Sundnes.
arrangement
Onsdag 04. feb. 2026 kl. 18:00 - 19:30 Teams

Digital skolering - hvordan komme på i media

Vi ønsker velkommen til skolering i "hvordan komme på i media" med vår nye rådgiver for samfunnskontakt, Alexander Fossen Lange.
arrangement
Tirsdag 10. feb. 2026 kl. 18:00 IOGT Sarpsborg, Pellygata 70 arpsborg

Sarpsborg Nei til EU - Åpent møte og Årsmøte

Sarpsborg Nei til EU inviterer til åpent møte kl. 18.00 og årsmøte kl. 19.25, tirsdag 10. februar på IOGT Sarpsborg, Pellygata 70
arrangement
Onsdag 11. feb. 2026 kl. 19:00 Øvre Aaseng i Heidal, Heidalsvegen 2101

Sel og Heidal Nei til EU - Årsmøte 2026

Sel og Heidal Nei til EIU innkaller til årsmøte onsdag 11. februar kl. 19.00 på Øvre Aaseng i Heidal.