
Hvorfor avindustrialiseres EU?
Det europeiske unionsprosjektet ble bygget opp rundt ideen om en sterk industrisektor. Nå har fundamentet sviktet.

Han var oppteken av norsk sjølvråderett, og då kampen mot EØS og norsk EU-medlemskap vart aktuell, melde han seg inn i Nei til EU i 1990. Han tok initiativ til å skipa lokallag i Sørreisa, og vart leiar for laget. Dei hadde torgmøte, delte ut laupesetlar i poskassene og heldt fleire tilskipingar, mellom anna eit stort folkemøte med landskjende innleiarar.
Olav var ein flittig lesarbrevskribent, både då og heilt fram til det siste. Etter sigeren i folkerøystinga i 1994 heldt kampen mot EØS og det EU-like samfunnet fram, og han har gjennom åra hatt utallege lesarbrev på prent, ikkje berre i lokalavisa, men òg i regionale og landsdekkjande aviser.
Olav var oppteken av korleis EØS-avtala sine reglar om fri flyt gjer at lokalt næringsliv vert utkonkurrert av store verksemder og korleis sosial dumping trugar arbeidslpassar og arbeidsvilkår i det seriøse næringslivet. Han var òg oppteken av nasjonal kontroll over ressursane. Og med oppvekst i Sauda, som er tufta på tilgang av billeg fossekraft, såg han galskapen i at kraftlandet Noreg knytte seg til straummarknaden i EU.
Olav Flaate kom etter kvart med i styret i Troms Nei til EU, og frå 2015 har han vore leiar i fylkeslaget. I hans tid som fylkesleiar har det vore fokus på EØS og kampen mot nye direktiv og forordningar frå Brüssel. I samband med dette har fylkeslaget halde ei lang rekkje møte og konferansar med mål å auke kunnskapen og nå ut til fleire.
Olav vart sjuk i fjor haust, og etter eit opphald på sjukehus vart han overført til Sørreisa sjukeheim der han døydde 18. januar i år. Men heilt til det siste var han oppteken av kampen mot EU, EØS og det EU-like samfunnet. Styret i Troms Nei til EU minnast Olav Flaate i takksemd for hans innsats og lyser fred over hans minne.

Det europeiske unionsprosjektet ble bygget opp rundt ideen om en sterk industrisektor. Nå har fundamentet sviktet.

Konkurranseutsetting og privatisering har ført til oppsplitting og ansvarspulverisering.

Troms og Tromsø Nei til EU arrangerte stand i Tromsø i dag i nydelig høstvær. Selv om det var flere turister i Storgata enn tromsøværinger, ble det likevel delt ut brosjyrer og vervet noen nye medlemmer.