Hordaland Nei til EU sitt 50 års jubileumsseminar med middag
Den 25. september i 1972 var det folkeavstemming om medlemskap i EU, den gongen EF, og i år er det 50 år sidan denne viktige milepælen i Nei til EU sin kamp. Dette vil me feira med eit halvdagsseminar der me skodar attende, ser på dagens situasjon, og skodar framover.
Program:
15.00 – 15.15 Registrering, lett servering, kaffi, te
15.15 – 15.25 Velkomen v/ Toril Mongstad, fylkesleiar i HrdlNtEU
15.25 – 15.55 Historisk attendeblikk – 1972 – 2022 v/nestleiar i HrdlNtEU John Dale
15.55 – 16.00 Kort pause
16.00 – 17.00 Mimring – fleire veteranar tar ein uhøgtidleg prat om kampen i 1972. Her kan også folk i salen koma med innspel.
17.00 – 17.10 Kort pause
17.10 – 18.00 Kva ser ungdomen som dei største utfordringane framover?
Innleiingar ved nestleiar i AUF, Gaute Skjervø og leiar i UmEU-Bergen / fungerande leiar i Hordaland Ungdom mot EU / fylkesstyremedlem, Kim Rene Hamre.
18.00 – 18.10 Kort pause
18.10 – 19.00 Dagens politiske situasjon v/stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen
19.00 – 19.15 Innlegg v/Roy Pedersen, leiar i Nei til EU
19.15 – 19.25 Kort oppsummering av dagen v/ Toril Mongstad
19.45 – 22.30 Middag
Aagot Monsen leiar bordsetet
Fristen for påmelding er dessverre allerede gått ut