
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

På ein folkeleg og pedagogisk fin måte informerte og forklarte John om korleis folkestyret forvitrar som ein konsekvens av at makt er flytta frå norske folkevalde og til EU, via EØS-avtalen. Han tok også for seg spørsmålet om demokratiet ville ha betre vilkår med eit medlemsskap. Svaret frå John var konkret og greitt, eit medlemskap vil gjera det demokratiske underskotet større. Og kvifor er det slik? Svaret John sjølv gav på dette spørsmålet er at EUs styring og oppbygging ikkje er til fordel for demokratiet, og at nasjonalstatane i utstrekt grad har gjeve avkall på eigne demokratiske prosessar. Han var og inne på at prisen for å ha EØS-avtalen er nettopp det demokratiske underskotet avtalen fører med seg. Er det ein for høg pris, undra John, og understreka at dette er eit spørsmål me må stilla både oss sjølve og dei folkevalde.
John påpeika vidare at folkestyret berre kan skje ved at folket gjennom val avgjer kven som skal utøva makt og politikk på deira vegne, og at desse politikarane er å finna i det norske Stortinget, ikkje i Brussel.
Her er innledninga til John Dale
Etter innleiinga vart det eit godt ordskifte med ulike innlegg, synspunkt og spørsmål.
Eg vil retta ein stor takk til John og til alle dykk som deltok på møtet. De var alle med på å gjera denne kvelden interessant og lærerik.
Avslutningsvis minnar eg om at me held fram med studiearbeidet, nytt møte er 6. desember, 18 – 20.30. Møtestad er Blindeforbundet, Rasmus Meyers alle 5, Bergen.
I dette møtet vil John gå meir inn på korleis EU fungerer samt gå meir i detalj på korleis me kan hevda at EØS-avtalen ikkje gagnar folkestyret.
Vel møtt!

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: