Votering under Nei til EUs landsmøte 2022. På første rekke Olaf Gjedrem, Einar Frogner og Roy Pedersen.

Nei til EUs rolle blir stadig viktigare

No nærmar det seg landsmøte att. Diskusjonane er i gang i fylkeslaga, i komiteane og i styret sentralt. Med eit tiltakande ordskifte om EØS og kraftpolitikken er vår rolle stadig viktigare.

Nei til EU samlar den seriøse EU- og EØS-motstanden i Noreg. EU-saka bind saman kampen for demokrati, for vern av miljøet og for ein meir solidarisk politikk, både innanlands og internasjonalt.

Nei til EU sitt landsmøte 2024 skjer på Scandic Hamar Hotel i dagane 8.–10. november. Når vi skal staka ut politikken og aktiviteten for dei neste to åra, er det to bein vi må stå på; den grundige, kunnskapsbaserte og etterrettelege politikken, og ein solid organisasjon med ein berekraftig økonomi for å få gjennomslag for politikken. 

Vi er godt skodd med politikk, men vi treng å breie ut og ha krafter til å ta for oss endå meir av EU-tilpassinga. Organisasjonen og neialliansen må styrkast. Nei til EU må verta meir attraktivt for yngre medlemer, og det kan vi berre gjera ved å arbeida med saker som yngre er opptekne av. Og møteplassane våre må vera attraktive og lærerike. Dette er òg viktig for å kunne rekruttera og halda på dei medlemene vi har. Vi er framleis ein stor organisasjon med nesten 19 000 betalande medlemer. Vi bør kunne verta endå fleire. Det må til for å vera ein slagkraftig organisasjon, men òg for å sikra økonomien. 

EU-saka bind saman kampen for demokrati, for vern av miljøet og for ein meir solidarisk politikk, både innanlands og internasjonalt.

Styret har sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på korleis vi kan få ein berekraftig økonomi i åra framover. Nei til EU er avhengig av offentleg støtte og løyvingar frå våre vener i landbruket og fagrørsla. Denne støtta har gått ned dei siste åra, og prisvoksteren har som kjent vore høg, særskilt på reise og opphald. Det råkar ein organisasjon som Nei til EU hardt – både sentralt og lokalt – i og med at organa er store og møteaktiviteten høg. Vi må anten vera budd på å betala prisen eller kutta kostnadene. 

Det er viktig å ta vare på og styrke medlemsdemokratiet. Landsmøtet er vårt høgste organ, og det skal stå fritt til å gjera dei vedtaka landsmøtet og medlemene ynskjer. Det er det som gjer det artig å driva politisk, frivillig arbeid; nett det å arbeida for å få gjennomslag – anten det er politisk utetter eller organisatorisk innetter. 

I år er det 30 år sidan folket sa nei til EU-medlemskap sist. Dét at vi slo makta og storkapitalen er vår største triumf. Vi skal feira sigeren i 1994 under landsmøtet, og vi skal sjå frametter mot ein mogleg ny EU-kamp. Usikre tider internasjonalt og eit val i USA som kan påverka debatten i Noreg, skimtar vi i kjømda. Då er det viktig at vi er rusta med dei beste argumenta for å forsvara folkestyret mot ein stadig tettare union. Landsmøtet har store oppgåver å løysa, og eg ser fram mot gode ordskifte og gode vedtak! 

Stort bilde i toppen: Votering under Nei til EUs landsmøte 2022. På første rekke Olaf Gjedrem, Einar Frogner og Roy Pedersen. (Foto: Eivind Formoe)

reLATERT

Se alle arrangementer

Tid for handling: Ta tilbake kontroll på krafta

02. des. 2024

Vi ønsker å reise full oppmerksomhet om forvaltningen av kraftressursene og norsk kraftpolitikk inn mot stortingsvalget 2025 under parolen ‘Krafta er vår – ta tilbake demokratisk kontroll over strømprisene’.

Nei til EU vil reise kampen mot EØS inn mot stortingsvalget

02. des. 2024

Nei til EU vil presse på for en kritisk debatt om EØS-avtalen. En avtale som underminerer selve folkestyret, og som har i seg ødeleggende elementer for norsk samfunnsliv.

Nei til EU vil ha fisken tilbake til kysten 

29. nov. 2024

Fordi vi ikke er medlem i EU har vi politisk frihet til å bringe fiskeriforvaltninga i tråd med lovverket og tidligere stortingsvedtak om at fisken skal sikre sysselsetting og bosetting i kystsamfunnene.

30 år utanfor EU: Ja til norsk sjølvstyre, nei til EU

27. nov. 2024

I 2024 er det 30 år sidan den siste folkerøystinga om EU-medlemskap. Vi greier oss godt utanfor EU.

– Om vi organiserer breitt så vinn vi

27. nov. 2024

Standpunkt samla i 2019 alle dei gjenlevande Nei til EU-leiarane til samtale om jubileet: – Den viktigaste lærdomen frå 1994 er at det er mogleg å utfordre den etablerte politiske og økonomiske makta, sa Stein Ørnhøi, leiar i Nei til EU 1995–1997.

Norge som sjølstendig stemme i verdenssamfunnet 

26. nov. 2024

Utenfor EU og EØS har Norge en friere stemme som kan brukes uten å hemmes av stormaktenes interesser.

Beredskap og tryggleik i eit uroleg Europa krev nasjonal politisk kontroll

25. nov. 2024

Tryggleikspolitikken har vorte ei meir aktuell problemstilling i forholdet mellom Norge og EU. Delar av ja-rørsla ønsker at Norge skal knyte seg tettare til EU militært.

Stopp EUs usolidariske asyl- og migrasjonspakt – vi krever en rettferdig asyl- og flyktningpolitikk!

21. nov. 2024

Den nye asyl- og migrasjonspakten forverrer situasjonen for mennesker på flukt fremfor å bidra til en solidarisk og rettferdig asylprosess.  

Innleieregler må bestemmes i Norge – ikke av ESA/EFTA-domstolen gjennom EØS

20. nov. 2024

Nei til EUs landsmøte mener at det beste for norsk arbeidsliv er en handelsavtale med EU der Norge kan bestemme hva som tjener norsk arbeidsliv.

Et varsko for Norge – EU tilsidesetter Green Deals miljøkrav på grunn av høye energipriser 

19. nov. 2024

Norge må derfor etablere egen politikk på klima- og miljøområdet utenfor EU, utenfor EØS, tilpasset norske forhold, og der vi samarbeider internasjonalt gjennom bilaterale avtaler. 

Nei til EU krever veto mot EUs fjerde energipakke!

19. nov. 2024

Norge må bruke reservasjonsretten i EØS mot EUs fornybardirektiv og resten av EUs fjerde energimarkedspakke. 

Nei til EUs arbeidsplan 2025–2026

18. nov. 2024

Vedtatt av Nei til EUs landsmøte 8.–10. november 2024.