Det har vært årsmøte i Hordaland Nei til EU 15. mars 2024, og seminar 16. mars
Hordaland Nei til EU hadde årsmøte 15. mars 2024 på hotell Scandic Ørnen i Bergen sentrum, og seminar dagen etter. Det var godt frammøte.. Etter årsmøtet var det felles middag og hyggeleg samver.
Et kort referat fra årsmøtet
Rundt 30 medlemer deltok på sjølve årsmøtet.
(Under finner du program/dagsorden for selve årsmøtet og seminaret)
Årsmøtet vedtok 3 fråsegner. Tema for desse var EU sin helseunionen, det viktige i å ha ein
sjølvstendig utanrikspolitikk og den energipolitiske utfordring som framleis synest å vera like
krevjande.
Fråsegnene vert lagt ut på heimesida vår i tillegg til at me sender dei til lokalaviser i håp om
at dei vil ta dei inn.
Årsmøtet handsama årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og budsjett. Desse dokumenta har
vore tilgjengelege på heimesida før årsmøtet.
Årsmøtet valde nytt styre og ny leiar i fylkeslaget:
Toril Mongstad vart attvald som fylkesleiar.
Med seg på laget får ho:
Styremedlemene:
John Dale
Tore Flo
Jane Nordlund
Sigmunn Rørvik
Sigmund Simmenes
Hildur Straume
Anita Vadset
Og varamedlemene:
Agathe Børretzen
Frode Mannsåker
Gunnar Rutle
Ungdom mot EU har ein plass i styret, og dei peikar sjølv ut kven dei ønskjer skal ha denne
plassen.
Tor Sander, som er leiar i Bergen NtEU, er observatør i styret og vert invitert til kvart
styremøte.
Frank Mo vart attvald som revisor
Ny valnemnd vart og vald:
Daniel Ducrocq
Jorunn Skistad Holsen
Anna Nordlund
Dagsorden og saker til årsmøtet var:
1. Opning
2. Helsingar til årsmøtet
3. Konstituering av årsmøtet
- Opprop
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Val av møteleiarar og ordstyrarar
- Val av møtereferentar
- Val av to personar til å underskriva protokollen
4. Årsmelding 2023 og fram til no 2024
5. Rekneskap, balanse og revisjonsmelding for 2023
6. Forslag til Arbeidsplan 2024 (fram til årsmøtet 2025)
8. Rapport frå Ungdom mot EU (UmEU)
9. Innkomne framlegg
10. Fråsegner
11. Val
- Valkomitéen presenterer innstillinga
- Val av nytt styre
- Val av valkomité til neste årsmøte, styret presenterer innstillinga
- Val av utsendingar til Landsmøtet 2024
12.. Avslutning
Referat frå årsmøteseminaret 16. mars
Det har vorte ein god tradisjon i Hordaland Nei til EU å ha eit årsmøteseminar i samband med årsmøtet. Slik vart det også i år.
Dagen etter årsmøtet 15. mars 2024 møtte nærare 40 medlemer for å få med seg seminaret.
Tre innleiarar sto for interessante og aktuelle innslag, og publikum deltok aktivt med innlegg,
spørsmål og kommentarar.
Først ut var Arne Byrkjeflot.
Arne har lang fartstid i fagforeiningsarbeid, politisk arbeid,
styreverv og fagleg arbeid i Nei til EU.Han gav grundig informasjon om EU sin helseunion,
ein union helseminister Kjerkol meir enn gjerne vil ha oss med i, og det helst så fort som
mogeleg. Det Arne informerte om gav ikkje tilhøyrarane nokon grunn til å ivra for det same
som helseministeren. Tvert i mot, å ha helsa vår som ei vare under eit fri-flyt-regime verka
lite freistande, og det er grunn til å spørja seg om kva regjeringa held på med. Ein kan og
undra seg over om regjeringa har gløymt at folket har sagt nei til union to gonger. Det bør og
gjelda for unionar innan unionen.
Joachim Espe, forbundssekretær i Fellesforbundet og leiar i Bygningsarbeidernes
fagforeining i Oslo, innleia deretter om det energipolitiske feltet. Han viste korleis
straumprisar i fri flyt og i marknadskreftenes vald utfordrar det viktige konkurransefortrinnet
landet vårt har hatt i svært lang tid: rein og billeg kraft.
Det er nesten utruleg å høyra om korleis straumprisen vert fastsett time for time, og korleis
børsfolk har teke over kontrollen, ein kontroll som burde ha vore hos styresmaktene. Det er
og skremmande å høyra om korleis norsk industri kjempar for å halda det gåande, og korleis
alt for høge straumprisar trugar med nedleggjing, konkursar og utflagging. Det
kjempepositive er at Fellesforbundet har sett foten ned, slik vil dei ikkje ha det og dei vil ikkje
ha noko av energimarknadspakke 4. Her har dei følgje av regjeringspartiet SP samstundes
som regjeringspartnar AP ivrar for å få denne pakka innlemma via EØS-avtalen.
Sist, men ikkje minst, var det Helene Bank sin tur. Helene er spesialrådgjevar i eining for
internasjonalt i Fagforbundet. Ho har lang erfaring frå arbeid i For Velferdsstaten.
Tema for hennar innleiing var EU-politikk i ein global samanheng, auka ulikskap, kamp omressursar og undergraving av demokrati.
Her fekk me høyra om korleis rike, stort sett vestlege land, framleis driv med utbytting av
mindre ressurssterke og heller fattige land i jakta på verdfulle ressursar, mineralar og billeg
arbeidskraft. Ho gav oss innsyn i korleis handelsavtalar vert inngått med ein hovudmål for
auga: å tena pengar ved rett og slett å utbytta land som er svakare stilte. Kolonipolitikken
lever i beste velgåande. Den europeiske unionen skil seg ikkje ut på nokon positiv måte. Dei
dikterer. Vil du ha marknadsdelar, må du tilpassa seg deira politikk. Det grøne skiftet krev
meir mineralar og andre innsatsfaktorar, noko mange fattige land har tilgang på, men som
ikkje på nokon måte hjelper dei til å få betre levestandard. Ho fortalde om korleis
pengemakta, via velskodde lobbyistar, klarar å få sine krav gjennom slik at dei kan auka
profitten sin. Kven det går ut over betyr mindre for dei.
Det har kome mange og positive attendemeldingar på dette seminaret, og særskilt for
aktualiteten i dei tema som var grunnlaget for dei ulike innleiingane. Det seier oss i styret at
me må auka aktiviteten når det gjeld opplysnings- og informasjonsarbeid i åra som kjem. Det skal me gjera, og det er også vedteke som ein av hovudprioriteringane i arbeidsplanen som
vart vedteken på årsmøtet dagen i forvegen.
(Innleiingane vil verta sendt til dei som deltok på seminaret)