
Hva kan Island lære av Norge?
I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.
Programmet starta kl 1430: Vertsskapet stilte med noko å bita i, både salt og søtt, og etter nokre minuttar med eting, kaffidrikking og litt prating om laust og fast, startet seminaret.
Gunnar Rutle, leier i Hordaland ynskja velkomen, og gjekk i gang med si innleiing. Han gjekk inn på auken i talet på byrå i EU, og spørsmålet om EU er på veg frå union til føderal stat. Byrå som får stor makt og mynde, og som også kan instruera andre nasjonar, synes å vera ein trend innan EU. Dette fører til at dei etablerte «styresmaktene» innanfor unionen, kan få mindre å seia, noko som igjen opnar dører for lobbyistar og andre som ønskjer å påverka utfrå eigne interesser.
Om EU går mot å vera ein føderal stat vil kunna få innverknad på oss som eit EØS-land. Her bør me vera vakne og følgja med i timen. Overnasjonal styring frå EU si side, er alt i dag eit uttalt ønskje og krav på mange viktige område i samfunnet. Så langt synes det ikkje å vera noko regjeringa vår uroar seg for, tvert i mot.
Lokomotivfører Janne Lisesdotter Håkonson var neste innleiar, og tema var Jernbanepakken herunder Jernbanepakke 4 som skal handsamast av Stortinget i haust. Kva skjer med infrastruktur, togtilbud i heile landet, dei tilsette og dei reisande når alt skal splittast opp, ut på anbud og privatiserast? Ho gjorde greie for kva som har skjedd i Sverige og England, der jernbana er privatisert. Røynsla viser stort sett berre negative verknader. Ho la også vekt på oppsmuldringa av arbeidslivspolitikk, der færre tilsette, dårlegare vilkår og bruk av korte og mellombelse stillingar aukar i omfang. Ansvarsoppdeling som følgje av oppsplittinga i ulike ansvarsområde fører til mangel på god organisering og samarbeid. Hovudmålet for dei ulike aktørane er forteneste, ei forteneste som ikkje lenger går til investering og vedlikehald av infrastruktur, og som vert tatt ut av landet.
Første del av innlegget finn du her
Jan Steinholt, Rådgiver i Nei til EU, snakka om arbeidslivsdirektivet som er på trappene. Eit direktiv som kan gripa om seg på mange område innanfor det arbeidslivspolitiske feltet. Dette er eit heller nytt direktiv, og så langt er det ikkje klart kva dette skal innehalda, kva mynde det skal ha, og korleis det kjem til å virka inn på nasjonale modellar for utforming av tariffavtalar, forhandlingssystem osv. Kan det gripe overnasjonalt inn i den norske modellen ved at me er tilslutta EØS-avtalen? Mange politikarar og folk i fagrørsla har uttalt seg i forkant av konkret handsaming av direktivet, og mange meiner at her er grunn til å vera føre var. Ein ting er å løfta tilhøva i land som treng det, det kan vera positivt, men kva med å måtta senka standardar der systemet er godt og velfungerande?
Jon Dahle, tidligere leder i Hordaland Nei til EU og stortingsrepresentant for SP, avrunda seminaret med eit tankevekkjande og interessant innlegg om kva vilkår demokratiet har under rådande regime: har me eit reelt folkestyre når dei me har vald gjennom val, ikkje lenger står for utforming og vedtak av lover? For slik er det på mange viktige politikkområde og samfunnsaktuelle tema. Som ein konsekvens av EØS-avtala, innfører me lover, direktiv og regelverk som direkte kopi av det som er vedteke i EU. Han var og inne på korleis maktapparatet i EU er sentrert rundt få personar og der lobby-verksemd har stor innverknad på kva som vert avgjort. Slik vert vårt eige demokrati svekka, og folkestyret er ikkje lenger det det skulle vera. Er me nok merksame på det som skjer? Kan det motarbeidast og kan utviklinga snuast?
Etter kvart innlegg var det opna for innlegg, kommentarar og spørsmål frå salen. Og dei frammøtte var aktive og undrande og hadde mange gode synspunkt. Eit gjennomgåande spørsmål er korleis me skal nå ut til folket med informasjon om kva som er i ferd med å skje. Korleis skal me konfrontera politikarane som me har valde og minna dei om kva me – og demokratiet – forventar av dei.
Det er kommune- og fylkestings-val i 2019. Nei til EU har ei stor samfunnsoppgåve i å driva med folkeopplysning og informasjonsarbeid. Men kvar einskild må også ta ansvar for å ta diskusjonen med i heimen, i venneflokken, på arbeidsplassen og andre aktuelle felles arenaer. Me har alle eit stort ansvar i å ta vare på landet vårt og sikra oss at me også framover vert verande eit reelt demokrati med eit levande folkestyre.
Seminaret vart avslutta litt før kl 19.

I forhandlinger om EU-medlemskap er varige unntak lite sannsynlig.

Kvifor vil EU har Island som medlem?
Det er god grunn til å stilla dette spørsmålet no ca 5 veker før det islandske folket skal ta standpunkt til om landet skal (re)opna forhandlingar om medlemskap i EU. Folkerøystinga skal vera 29. august.
Spørsmålet kunne og vore stilt på vegne av Norge, men denne gongen er det Island det skal handla om.
Det viktige er at me snur merksemda og spør kva EU vil tena på å få Island som medlem. Det er diverre ei kjennsgjerning at ja-folket får dominera ordskiftet i presse og media, og derfor vert det altfor ofte lagt vekt på fordeler ved medlemskap samstundes som ulempene vert verande i det skjulte. Les meir...

Tore Flo, styremedlem i Hordaland Nei til EU, har eit flott og godt innlegg i Klassekampen 10. juli. Dette som eit svar til Ragnhild Thielemann, medlem i Europeisk Ungdom, som ønskjer ny folkerøysting om EU-medlemskap. Du kan lesa innlegget her: