Endeleg landsmøte! I 2020 var landsmøtet digitalt, der delegasjonane sat i sine eigne fylke. I november kan vi igjen samle oss til eit tradisjonelt landsmøte med røysteskilt og god stemning. Biletet er frå siste samla landsmøte i 2018.

Landsmøte i landets viktigaste organisasjon

Snart er det klart for landsmøte i Nei til EU. Vi skal staka ut kursen for dei to neste åra, to år som kan bringa med seg større svingingar i EU- og EØS-debatten enn på lang tid.

Vi skal velja ny leiar og nytt styre. Og ver ikkje i tvil; Nei til EU er landets viktigaste organisasjon. EU-saka bind saman kampen for demokrati, for vern av miljøet og for ein meir solidarisk politikk, både innanlands og internasjonalt.

Nei til EU gjer seg klare til å skipa til landsmøte 2022 i dagane 11.–13. november på Scandic Oslo Airport ved Gardermoen.

Her samlar vi om lag 200 delegatar frå heile landet for å diskutere Nei til EU og EU-saker og leggja kursen for organisasjonen for dei neste to åra. Det vert ei helg fylt av politikk, viktige saker og vedtak, samt kulturelle innslag og god stemning. I år skal vi òg velja ny leiar i organisasjonen.

Ny leiar

Roy Pedersen gjev seg etter to år ved roret. Det er alltid trist når ein så solid leiar går av, og Roy har vore ein god lagspelar for både tillitsvalde og tilsette, ikkje minst for meg sjølv som ny generalsekretær. Vi kjem til å sakna den lune, røffe humoren og dei daglege samtalane om store politiske spørsmål og dei nære sakene i organisasjonen.

På den korte tida har Roy sørga for god alliansebygging med fagrørsla som han kjenner så godt frå tida i LO Oslo, og han har vore tydeleg på punktet om straumprisar og EUs energibyrå ACER.

Solidarisk politikk

Solidarisk politikk ligg naturleg for Nei til EU. Der EU traktatfestar åket under marknadsliberalismen, skal vi forsvara alle sin rett til arbeid, tryggja velferdsstaten og visa solidaritet med alle dei flyktningane som flyktar frå land i tredje verda og krigsherja område.

Med ein krig i Europa, ei straumpriskrise over det meste av EU- og EØS-området og ålmenn «dyrtid» (eit ord vi ikkje har nytta sidan EU-striden i 1972), kan Nei til EU visa til ein verkeleg solidarisk politikk, av di vi veit at verda er større enn EU, og at solidaritet ikkje er å selja ut norsk kraft til eit endelaust sluk i eit marknadsstyrt kraftsystem som har spelt fallitt i møte med røyndomen og auka etterspurnad. Hadde det hjelpt, hadde det gjeve lågare prisar for straum i EU, ville saka vore annleis. Men slik krafta vert prissett på børs og etter gassprisen, er det einaste vi oppnår at industrien mistar rein og rimeleg energi, og dimed arbeidsplassar, at forbrukarane og næringslivet må ha støtteordningar som ikkje strekk til, og at prisane på alle varer går i veret – og rentene med. Dét er alt anna enn solidaritet.

Nei til EU kan spela på lag med sosiale rørsler i både Noreg og resten av verda. Felles sak er kampen om ressursane og eit godt samfunn for menneske, ikkje kapital.

Den arabiske våren starta delvis som følgje av høge brødprisar, opprør i Frankrike kom etter åtak på pensjonsordningar og andre velferdsgode, i Katalonia kjempar dei for nasjonalt sjølvstyre. Åtak på faglege rettar ser vi i mange europeiske land. Mangel på straum og gass, prisstigning og lågare levestandard er krut, og særskilt når det kjem samstundes. Eg trur ikkje EU vil sjå så forlokkande ut i den næraste framtida. 

Ein annan joker er utviklinga i USA. Ein antidemokratisk president kan snu heile stemninga for EU-medlemskap på kort tid. Det treng korkje vi eller nokon andre i ei allereie uroleg verd som ikkje er kome på hengslene att etter koronakrisa.

Nei til EU har teke opp kampen mot ein energipolitikk som ikkje fungerer for andre enn kraftprodusentane. Det handlar òg om vern av naturen og for ein god klimapolitikk. Vårt svar er gode og fornuftige tiltak som tek vare på det norske fortrinnet med rimeleg og rein vasskraft som basis for industrien, næringslivet og eit landbruk over heile landet. Difor arbeider vi på lag med mellom andre Industriaksjonen og Alternativ energikommisjon.

Stiller vi oss slik at arbeidsplassar forsvinn i industrien, handelsnæringa og landbruket, er det ein dramatisk konsekvens av EU-integrasjonen. Paradoksalt nok er argumentet frå jasida at vi er så bundne av EØS-avtala at vi like godt kan verta medlem og få bitte litt innflyting over den politikken dei sjølv har sett bort til EU.

Beredskapsutval om EU-saka

Det er sant at stoda er annleis enn då vi kjempa mot EU i 1972 og 1994. Det stiller mange nye krav til Nei til EU. Så det er godt arbeidsplankomiteen gjer framlegg om å setja ned eit beredskapsutval som kan greia ut kva for ein organisasjon vi treng for å møta ein ny situasjon. Samstundes veit vi at mykje ligg fast: Utfordringane mot folkestyre og demokrati, vernet om naturen og for ein god klimapolitikk og ein solidarisk verdsorden og handelspolitikk. Framlegget til arbeidsplan er eit godt utgangspunkt for arbeidet i neste periode.

Vi treng å byggja organisasjonen, byggja ein sterk og brei neiallianse, vera opne for ungdom og nye ordskifte og ha ein open og inkluderande organisasjon som inspirerer. Terskelen bør vera låg og engasjementet høgt. Kanskje må kjepphestane i større grad setjast på stallen. Frå 1972 kan vi dra dei store linene. Frå 1994 kan vi læra mykje, men ikkje alt. «Ny» teknologi og nye kommunikasjonsmønster har til dømes i stor grad kome etter siste EUkamp. I 2023 er utfordringa å byggja og samla både organisasjonen og neialliansen og førebu for det som kan koma. Med røynde folk på laget og nye på veg inn, er eg sikker på at vi kan klare det.

Godt landsmøte!

Stort bilde i toppen: Endeleg landsmøte! I 2020 var landsmøtet digitalt, der delegasjonane sat i sine eigne fylke. I november kan vi igjen samle oss til eit tradisjonelt landsmøte med røysteskilt og god stemning. Biletet er frå siste samla landsmøte i 2018. (Foto: Eivind Formoe)

reLATERT

Se alle arrangementer

Gunn Bodil Mathisen valgt til ny leder i Finnmark Nei til EU

26. mai 2023

På årsmøtet som ble avholdt 25. mai ble Gunn-Bodil Mathisen fra Bjørnevatn valgt som ny leder i Finnmark Nei til EU.

Strøm og landbruk i Heidal

12. mai 2023

Flotte omgivelser og gode diskusjoner når Sel og Heidal Nei til EU inviterte til åpent møte på tradisjonsrike Øvre Aaseng gard.

Ny leder i Nord-Trøndelag Nei til EU

03. mai 2023

Jon Olav Forbord ble valgt til ny leder for Nord-Trøndelag Nei til EU på fylkesårsmøtet 25. mars 2023. 

Nytt styre

28. april 2023

Styret i Østfold Nei til EU 2023

310 nye medlemmer på en uke

27. april 2023

– Midtveis i kampanjeperioden er vi på veldig god vei til å nå målet for vervekampanjen, sier verveansvarlig Karl-Sverre Holdal. 

Pangstart for vervekampanjen

20. april 2023

Nei til EUs vervekampanje har starta veldig bra med 105 nye medlemer etter to dagar verving, seier verveansvarlig Karl-Sverre Holdal. 

Møre og Romsdal Nei til EU ruster opp med gigantstyre

19. april 2023

Nei til EU i Møre og Romsdal har hatt fylkesårsmøte i Ålesund, 15 april, og vedtatt å trappe opp kampen mot EØS avtalen. Nå er planen å øke informasjonen om hva EØS-avtalen har medført, og også finne fram til yngre grupper som må nås gjennom nye kanaler. Du kan lese mer i hele artikkelen.

Åpent møte og årsmøte i Oslo Nei til EU ble avholdt 15. februar 2023

12. april 2023

Møtene ble arrangert på Hovedbiblioteket i møterom «Nøklevann».  På det åpne møtet var det 32 personer til stede. 

NtEUs Landsmøte 11.-13.11. Clarion Oslo Airport, Gardermoen.  

28. mars 2023

Oslo Nei til EU deltok med full delegasjon på landsmøtet, dvs. 7 delegater: Delegasjonsleder, Andreas Tharaldsen. Delegater, Lill Fanny Sæther, Berit Hein Moen, Vilde Dalen Andresen, Dag H. Berg, Paul F. Dietrichson og Arnfinn Schjalm. Delegasjonen besto av både nye og erfarne delegater og fungerte veldig bra, det var god stemning og samarbeidet gikk veldig fint. 

Jostein har skrive historia om EU-kampen i Gloppen

24. mars 2023

– Den viktigaste saka for Nei til EU no er energipolitikken. Vi har ikkje lenger lov til å drive med eigen energipolitikk, seier Jostein Hansen. Han har gitt ut bok om historia til EU-kampen i Gloppen kommune.

Energiduell på Grünerløkka

01. mars 2023

I overkant av 20 interesserte hadde møtt opp for å følge debatten om EUs energiunion –  dyrere strøm eller grønnere Europa. 

Medlems- og organisasjonsrådgiver (100 %) 

22. feb. 2023

**Avsluttet** Nei til EU søker engasjert organisasjonsrådgiver med ansvar for medlemsregister og vervetiltak i 100 % stilling.