
Nett-møte i fylkeslaga
Webinar og nett-møte er ein praktisk og rimeleg måte å ha aktivitet når det er vanskeleg å møtes fysisk. Nei til EU sentralt kan hjelpe fylka med å få arrangert webinar.
Vi kan tilby å sette opp møter i Microsoft Teams til nett-møte. Dette er ei enkel løysing, men der alle som har lenka kan kome inn på møtet. Fylkeslaget må sjølv styre møtet og be alle andre enn møteleiar og innleiarane om å skru av mikrofon og kamera. Dette føreset at møteleiar og alle deltakarane deltek frå eigen PC med mikrofon og kamera.
Les meir om møter på Teams her.
Lenka til Teamsmøtet kan leggast ut i ei kalenderoppføring på nettsidene, leggast inn i eit Facebook-arrangement og sendast ut på epost eller SMS til medlemene gjennom medlemsregisteret.
Ta kontakt for å få sett opp eit Teamsmøte.
Vi har ei webinarløysing som vi bruker sjølv til eigne nettmøte. Denne løysinga er godt egna til møte med mange sjåarar. Men krever at ein produsent styrer møtet. Vi har i utgangspunktet ikkje kapasitet til å tilby denne løysinga til fylkeslaga sine nett-møte.
Nett-sending frå fysiske møte
Vi har også fått spørsmål om direktesending frå fysiske møter, der innleiarar og møteleiar er i same lokale. Det er ein meir omfattande operasjon som krever fleire kamera og bildemiksar. Vi ønskjer å kunne sette opp slik direktesending sjølv i framtida, men den løysinga har vi ikkje på plass i dag. Dersom fylkeslaga har behov for slik direktesending er det ei teneste de må kjøpe inn eksternt.
Stort bilde i toppen: Nettmøte med Heidi Larsen, Kjell Brygfjeld og Morten Harper om Høyesteretts kjennelse om ACER-saken.