– Vi må respektere kvarandre og ulike meiningar

Tre nye Nei til EU-tilsette: Ny generalsekretær Thomas Haug er oppteken av god organisasjonskultur. Nye på laget er også Mathilde Decaen og Lisa Wensberg.

Generalsekretær Thomas Haug er hedmarking.

– Eg er frå Koppang i Stor-Elvdal kommune. Ein vakker lita kommune. Du må få med at det er ein veldig fin plass, seier han. Generalsekretæren har arbeidd med organisasjon i Senterpartiet og Senterungdomen og har akkurat fullført femårig master i statsvitskap ved NTNU.

– Eg hadde eigentleg ikkje så mykje tilknyting til Nei til EU før eg søkte. Men for meg var det den politiske saka som først og fremst engasjerte. For meg er det kombinasjonen av organisasjon og politikk som gjer stillinga spanande. Kanskje med hovudvekt på organisasjonen, seier han.

Fransk organisasjonsmenneske

Økonomi- og administrasjonsrådgjevar Mathilde Decaen har ein litt meir uvanleg bakgrunn i Nei til EU.

– Eg kjem frå Rouen i Frankrike, ein gamal by med omlag 200 000 innbyggjarar i Normandie i nord. Ein time med tog frå Paris.

– Eg kom til Noreg då eg var nitten i eit utvekslingsprogram. Eg kom til Hønefoss og enda opp med å bu der ganske lenge. Etter utvekslingsåret tok eg mastergrad i økonomi, administrasjon og marknadsføring. Så tok eg til å arbeide som lærar, som ikkje hadde noko med det eg studerte å gjere, men som var kjempegøy.

– Etter kvart jobba eg med administrasjon på høgskulen, og så fekk eg jobb som økonomikonsulent i LNU – Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

– Vi må ha aktive fylkeslag i alle fylka, som skaper aktivitet for medlemene, slik at medlemene har eit tilbod.

Leiarerfaring frå privat næringsliv

Organisasjonsrådgjevar Lisa Wensberg kjem frå det private næringslivet.

– Eg har utdanning i sosiologi og statsvitskap frå Trondheim og Oslo. Deretter jobba eg i privat sektor som distriktsleiar for nitten ulike butikkar i ei kleskjede. Der hadde eg overordna leiaransvar for opp mot to hundre tilsette.

– Organisasjonsteori var ein vesentleg del av utdanninga mi, så det er jo veldig relevant.

– Eg har også vore med i frivillege organisasjonar. Eg var veldig aktiv i Isfit, den internasjonale studentfestivalen i Trondheim. Der sette vi opp store arrangement.

– Eg kjem frå ei arbeidarfamilie i Nord-Noreg og har fått inn politikken frå eg var ung. Eg hugsar 1994 godt og har alltid stått på eit grunnlag der Nei til EU var ein viktig del. Eg har følgt godt med når EU-sakene har vore oppe og kjenner godt til Nei til EU som organisasjon. Men eg vil lære meir.

– Eg såg at eg brukte veldig mykje tid på arbeid og kjende på behovet for å jobbe nærare opp mot saker som betyr noko for meg. Eg synest EU-saka er viktig, seier ho.

(Artikkelen held fram etter biletet)

22 Thomas Lisa og Mathilde2
Generalsekretær Thomas Haug, organisasjonsrådgjevar Lisa Wensberg og økonomi- og administrasjonskonsulent Mathilde Decaen er klare til å ta fatt på arbeidet med å byggje Nei til EU vidare. Foto: Eivind Formoe

Organisasjonsarbeid med meining

Alle tre er opptekne av organisasjonsarbeid. I LNU lærte Mathilde mykje om det norske organisasjonslivet.

– Det var veldig fascinerande for meg, for noko liknande finst absolutt ikkje i Frankrike. Dette er heilt spesielt for Noreg. Den grad av organisering som folk har og kor mange organisasjonar som finst, seier ho.

– Eg vil jobbe med noko som gjev meg meining. Eg vil prøve å skape verdi på ein annan måte, gjennom å skape ein verdi til fellesskapen.

Thomas deler dette perspektivet.

– Eg trur dei arbeidsplassane som er tilknytte organisasjonslivet har ei heilt anna meining og er meir verdibaserte enn andre typer stillingar. Det gjev ein ekstra dimensjon til arbeidet.

Lisa meiner det også er mykje lærdom å hente frå privat næringsliv.

– Private verksemder er også organisasjonar, men ein viktig skilnad er den demokratiske strukturen i organisasjonslivet.

Mathilde har også brukt LNU-erfaringa til å starte ein eigen organisasjon.

– Vi er ein gjeng som har starta opp ein organisasjon no i mai. Den heiter Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens. Målet med organisasjonen er å jobbe for eit heilskapleg og forsvarleg helsetilbod for personar som opplever kjønnsinkongruens, det vil seie transpersonar.

– Vi må prioritere

Thomas meiner Nei til EU må prioritere kva saker vi skal kjempe hardt for.

– Eg trur at det er når vi tør å prioritere nokre politiske saker at vi kan sette tydelege spor etter oss. Då organisasjonen samla seg om Acer, klarte vi å setje fokus på saka og skape interesse og engasjement rundt saka, politisk og i media, men også ut til folket.

– Vi må ha aktive fylkeslag i alle fylka, som skaper aktivitet for medlemene, slik at medlemene har eit tilbod. Eg trur organisajonen alltid må tilby noko til medlemene og dei tillitsvalde, slik at dei opplever det som engasjerande og gjevande å vere med. Og då vil fleire ta del i organisasjonen, seier han.

Mathilde vil ta tak i administrasjonsutfordringane.

– Det er viktig å ha gode system, men ikkje systematisere ting i hjel. Det er mykje unødvendig som folk brukar mykje tid på, i staden for å bruke tid på det dei brenn for.

– Noko anna er at eg synest kontora er stygge. Vi får ikkje så ofte besøk, men når vi får besøk så skal det framstå profesjonelt her. Det har kanskje ikkje så mykje å seie for politikken til Nei til EU, men det har mykje å seie for min kvardag. Og når folk har det triveleg på kontoret, har dei meir lyst til å vere der, slår ho fast.

Thomas er samd med Mathilde i dette.

– Den sosiale delen på ein arbeidsplass er kjempeviktig. Det handlar også om trivsel, seier han.

– Vi må ha organisasjonsstrukturen på plass, og vi må ha ein god organisasjonskultur. Det må vere lov å kome inn utanfrå med nye tankar. Vi må respektere kvarandre og kvarandre sine meiningar. Men samstundes må vi ha respekt for demokratiske organ og spelereglar.

Stort bilete: Nye tilsette med hjarte for organisasjonsarbeid. Generalsekretær Thomas Haug, organisasjonsrådgjevar Lisa Wensberg og økonomi- og administrasjonskonsulent Mathilde Decaen. Foto: Eivind Formoe

reLATERT

Se alle arrangementer

Rådsmøtet feiret 20 år med nei-flertall

26. april 2025

Nei til EUs råd feiret at det i april 2025 har vært 20 sammenhengende år med nei-flertall på meningsmålingene om EU-medlemskap.

Rådsmøte 26.–27. april

26. april 2025

Her kan du følge vedtak fra Nei til EUs rådsmøte på Klækken Hotell i Hønefoss.

Inderøy Nei til EU er stiftet

03. april 2025

På et stiftelsesmøte 20. mars ble Inderøy Nei til EU stiftet. På stiftelsesmøtet ble et styre valgt og som ledes av Anders Hals.

En stor nei-kunstner har gått bort

02. april 2025

Rolf Groven gikk bort 26. mars i år. Nei til EU har hatt et nært forhold til Rolf Groven gjennom mange år og vi er svært stolte eiere av to ikoniske bilder som Groven har malt.

Inderøy Nei til EU er stiftet

02. april 2025

På et stiftelsesmøte 20. mars ble Inderøy Nei til EU stiftet. På stiftelsesmøtet ble et styre valgt og som ledes av Anders Hals.

Tom Ragnar Berg gjenvalgt som leder i Buskerud Nei til EU

23. mars 2025

På årsmøtet i Buskerud Nei til EU som ble avholdt på Hønefoss 15. mars 2025 ble Tom Ragnar Berg gjenvalgt som leder. Les mer om årsmøtet her.

Vedtekter Buskerud Nei til EU

23. mars 2025

Buskerud Nei til EUs vedtekter ble sist endret på årsmøtet i mars 2025.

Bærebjelker for Nei til EU

21. feb. 2025

Her kan du lese Nei til EUs bærebjelker – første gang vedtatt på landsmøtet 29. november 1992, med tillegg fra landsmøtet 15. november 1998, og revisjon fra landsmøtet 13. november 2016.

Over 150 nye medlemmer på striden om EP4

31. jan. 2025

Nei til EU har fått over 150 nye medlemmer siden nyheten kom om at Arbeiderpartiet vil fremme tre direktiver fra EUs energipakke 4 til vedtak i Stortinget.

– Om vi organiserer breitt så vinn vi

27. nov. 2024

Standpunkt samla i 2019 alle dei gjenlevande Nei til EU-leiarane til samtale om jubileet: – Den viktigaste lærdomen frå 1994 er at det er mogleg å utfordre den etablerte politiske og økonomiske makta, sa Stein Ørnhøi, leiar i Nei til EU 1995–1997.

Nei til EUs arbeidsplan 2025–2026

18. nov. 2024

Vedtatt av Nei til EUs landsmøte 8.–10. november 2024.

Nei til EU søker politisk rådgiver – vikariat

18. nov. 2024

*** Avsluttet *** Vi søker et selvstendig og kunnskapstørst menneske som vår nye politiske rådgiver. (1. februar 2025 til 15. oktober 2025 i 100 % stilling).