
Einar Åbergsjord er konstituert som leder i Nordland Nei til EU.
På et styremøte forleden ble Einar Åbergsjord fra Andøy konstituert som leder i Nordland Nei til EU. Han vil ta oppgaven på det største alvor og ser fram til å ta fatt på oppgaven.

Namn?
Agathe Børretzen.
Bustad?
Bergen.
Alder?
45 år.
Verv i Nei til EU?
Styremedlem i Bergen Nei til EU.
Yrke?
Har utdannelse innen jordbruk, barne-og ungdomsarbeider og formgivningsfag. Er for tida ufør, noko eg håper å kome ut av i framtida.
Når og kvifor melde du deg inn?
Haldninga mot EU har eg hatt med meg sidan tenåra då eg gjekk på jordbruksskule. Seinare fikk eg autoimmun sjukdom, og eg måtte finne ut korleis eg kunne bli mindre plaga av dette. Ein av teoriene om korleis sjukdomen kunne ha blitt til, er mellom anna knytt til maten vi et, og bruken av sprøytemiddel. Dette gjorde at mitt eige engasjement rundt EØS-direktiv begynte å spire.
ACER-saken var dråpa i begeret for meg. ACER var også starten på medlemskapen min i Nei til EU.
Største utfordringa for Nei til EU?
EØS er den store elefanten i rommet når det gjeld mange problem i samfunnet. Mange av desse problema kan ein vanskelig sjå løysinga på, utan å gå ut av EØS.
Korleis kan Nei til EU nå breiare ut?
No er Hordaland eit stort og ganske aktivt lag allereie. Nye lokallag vert stifta, og det er framleis plass til fleire. Standsaktivitet er nok viktig. I tillegg kan internett og Facebook vere ei moglegheit til å få spreidd engasjement.
Eksempel på vellukka arbeid?
Teknisk sett, så var eg ikkje innmeldt enno, men eg må vel likevel svare demonstrasjonen vi hadde mot ACER.
Kva aktivitet likar du sjølv best?
Kanskje det å vere ute og snakke med folk på stands? Eg er ikkje ekspert på dette enno, men det er sosialt, gøy, og det gir inspirasjon til kreative innspel.

På et styremøte forleden ble Einar Åbergsjord fra Andøy konstituert som leder i Nordland Nei til EU. Han vil ta oppgaven på det største alvor og ser fram til å ta fatt på oppgaven.

Heming Olaussen ny leder i Vestfold
I samband med nye nettsider har Nei til EU også oppdatert den grafiske profilen vår. Her finner du informasjon om hvordan den grafiske profilen skal brukes.