Hordaland Nei til EU: Vil ha fleire lokallag og fleire medlemer

Hordaland Nei til EU vil ha fleire medlemer og fleire aktive lokallag. Fylkeslaget vil også skape ei sosial ramme rundt arbeidet.

I denne artikkelen presenterer styret i Hordaland Nei til EU seg, med litt historikk, litt om korleis styret arbeider, kva saker som er prioriterte, og litt om tankar framover.

Arbeidet i styret

Styret i Hordaland Nei til EU har sju medlemer og fire varamedlemer. Den viktigaste kontakten i styret er styremøta som me har jamleg, det vil seie omlag ti gonger i året. I tillegg til styremøta har AU, som utgjer eit utval på tre styremedlemer, e-post- og telefonisk kontakt utanom styremøta.

Aktivitetar som verving, å stå på stand, ha kontakt med lokallag, delta på møter, seminar og andre aktuelle aktivitetar, vert diskuterte på styremøta, og det vert avgjort kva me skal vera med på og kven som skal delta. På styremøta prøver me òg å få til kunnskapsformidling om aktuelle politiske saker, noko som fører til gode diskusjonar og utveksling av synspunkt.

(teksten held fram under biletet)

22 Hordaland Knarvik senter Jane Nordlund Torill Mongstad og Anna Ulrikka Nordlund
Hordaland Nei til EU på stand på Knarvik senter i 2017. Fra venstre Anna Nordlund, Toril Mongstad og Jane Nordlund.

Styremøta tar også opp det som rører seg i organisasjonen sentralt. Alle styremedlemene får tilsendt referat frå sentrale møte i styret og AU. I forkant av styremøta vert det utarbeidd ei grundig saksliste, og det er ført referat frå alle møta.

To gonger i året vert styremøta utvida til også å omfatta eit sosialt samkome. Det er nyttig for å verta betre kjende. Lutefiskmiddag før jul hos Toril er no ein fast og kjekk tradisjon.

Kva er me flinke på?

Det er alltid slik at eit styre, som ein kvar person, har sider som er sterke og sider der me ikkje er så gode – eller sagt meir positivt: område der me kan bli betre. Her kjem eksempel på saker som me sjølve synes at me har god hand om, og som me er flinke på.

Me har hatt fleire flotte faglege seminar om ulike aktuelle tema. Frammøte på desse har variert mellom 40 og 65 personar. I tillegg har me studiesirklar og opne møte for medlemene.

I desse møta har me ein som innleier, og me har gode diskusjonar der dei frammøtte deltar aktivt. Me arrangerer stand både i Bergen sentrum og i Nordhordland. Dette arbeidet skal Bergen Nei til EU ha ein stor del av æra for. Så er det verving og gjenverving. Mange gjer ein stor innsats på dette området, særleg når det gjeld å ringja til medlemer for å få dei til å betala kontingenten. Styret har god økonomi og god økonomisk styring. Me er gode på å ha styremøte kvar månad (med unntak av sumarmånadene), og å følgja opp det som vert vedteke i møta. Styret har også god kontakt med kvarandre mellom styremøta.

Det er god stemning på møta våre, noko alle i styret bidreg til. Det skal vera kjekt å gå på styremøte.

(teksten held fram under biletet)

22 Hordaland DSCN0695 - Kopi - Kopi - Kopi
Nokre frå fylkesstyret. Frå venstre Oddvar Skre, Anna Nordlund, Ivan Tubez og Frode Mannsåker.

Kva kan me gjera meir av?

Me kunne så absolutt ønskt oss fleire aktive lokallag i fylket vårt. Det ville krevja meir kontakt med personar i dei ulike kommunane, og me ser klart at her kan me verta betre. Det er eit arbeid som krev både tid og ressursar, og det har ikkje vore lett å få til.

Me kunne også ha gjort meir av direkte vervearbeid og dette er ofte tema på styremøta våre. Her har me ei utfordring, og så langt har me ikkje kome på det geniale som skulle leia til auke i talet på medlemer. Når det gjeld gjenverving, kan det vel aldri verta nok av det, men me får seia det slik: Me gjer så godt me kan.

Kva vil vera viktig framover?

Me må satsa endå meir på folkeopplysning og kunnskapsformidling, og her står kampen for å kvitta oss med EØS-avtalen sentralt. Korleis skal me på ein pedagogisk og god måte få kunnskap om EØS-avtalen og alle dei negative konsekvensane ut til folket?

Studiearbeidet sist haust er ein del av dette arbeidet, og me ser at det trengs meir av dette. Det er overordna viktig å få fram kva følgjer EU-politikk og EØS-avtala har for demokrati, folkestyre og reell nasjonal suverenitet. Å få fleire medlemer er også overordna viktig. Dess fleire medlemer di sterkare står me som kamporganisasjon.

Det er også viktig å auka kontaktflata mot fagrørsla, politiske parti, kulturaktørar og liknande.

Og så må me erkjenna – me er mange i styret som har lagt ungdomstida bak oss. Me treng nye og yngre krefter inn i styret. Me arbeider med saka, og har fleire medlemer no enn tidlegare med ein alder godt under 50.

Stort bilete i toppen: Ein del av fylkesstyret. Frå venstre Oddvar Skre, Anna Nordlund, Ivan Tubez og Frode Mannsåker.


Hordaland Nei til EU

  • Stiftingsår: 1991
  • Medlemer: 1788 
  • Aktive lokallag: I dag er det berre Askøy, Bergen og Ullensvang som har aktive lag.

22 Vervestand i Bergen
Sølvi Helene Møinichen (til venstre) og Anna Nordlund stod på stand utanfor hovudbiblioteket i Bergen i april 2017.

Presentasjon av styret i Hordaland Nei til EU

Gunnar Rutle, 71 år, er leiar i styret på tredje året. Gunnar seier følgjande om seg sjølv og Nei til EU-saka: «Jeg har vært aktiv motstander av EEC, EF, EU og EØS så lenge jeg kan huske.» Gunnar var leiar i Ålesund Nei til EU i tida 1992 til 1995, og han sat i styret der fram til 2005. Han er medlem av Raudt.

Toril Mongstad, 64 år, er sekretær og nestleiar i styret. Ho er samfunns­engasjert og har i lengre periodar vore politisk engasjert. Toril har vore med i fylkesstyret sidan 2015. Viktigaste sak innan Nei til EU er å få oss ut av EØS.

Jorunn Skistad Holsen, 77 år, bur i Osterøy kommune. «Eg har hatt tillitsverv i samvirkeorganisasjonar og har mange år som kommunepolitikar bak meg i Sp. Eg har sete i styret i Hordaland Nei til EU i tre år, dette har for meg vore ein god læreperiode.»

Hildur Straume, 60 år, i styret sidan 2007, fylkesleiar frå 2009 til 2016. No er Hildur styremedlem med ansvar for mellom anna økonomi. «Eg var nok ein fylkesleiar som la vekt på organisasjon og det formelle; det er oppgåver eg likar.»

Ivan Tubez, 45 år, er ny i styret i Hordaland. Han har jobba som sjømann store delar av yrkes­livet. Ivan seier at han alltid har vore sofarevolusjonær og interessert i politikk.

Oddvar Skre, 79 år. Var leiar i Hordaland frå 2002 til 2009. «Situasjonen i dag kan i alle høve ikkje måla seg med aktiviteten og medlemstalet under sjølve EU-kampen i 1991–1994. I denne perioden var eg kasserar i Bergen Nei til EU og følgde EU-kampen på nært hald.»

Sigmund Simmenes, 73 år, har vore med i styret sidan 2014. Yrkesbakgrunn er småbrukar og lærar/rådgjevar i ungdomsskulen, og han er no pensjonist. Sigmund har vore med i kommunestyret i Vaksdal i fleire periodar.

John Dale, 79 år, er varamedlem i styret, og han var leiar i styret i 1991/1992. «Eg var aktiv i kampen mot EEC i 1972. Var med på å skipa Ungdomsfronten mot EEC. Var sterkt engasjert for å snu Senterpartiet frå ja til nei i 1971.»

Geir Ove Hopsdal, 41 år, er vara i styret. Har arbeidsbakgrunn fra postverket og som barnehagelærer. «Då eg vart spurt om å vere med i styret, greip eg moglegheita og tenkte det var ein god arena til å arbeide for ei viktig sak, tileigne seg meir kunnskap til bruk i diskusjonar og å verte meir opplyst om EU- og EØS-spørsmål.»

Anna Nordlund, 42 år, varamedlem i styret og presenterer seg slik: «Har tre barn i barnehage/skulealder og bur med kjærasten på eit småbruk utanfor Bergen. Har bakgrunn innanfor sikkerheitsfaget, men jobbar som kursadministrator på eit kurssenter i oljebransjen. Vart medlem i Ungdom mot EU i Bergen i 1993. Har deretter hatt ei lang kvilepause, men vart med i fylkesstyret i Nei til EU i førre periode.»

Frode Mannsåker, 67 år, vara og ny i styret. «Kom inn i styret fordi eg sa meg villig til å føre rekneskapen. Jobbar i offentleg forvaltning. Har vore politisk aktiv sidan tenåra, også i dei to folkerøystingane om EU i 1972 og 1994.»

reLATERT

Se alle arrangementer

Rådsmøtet feiret 20 år med nei-flertall

26. april 2025

Nei til EUs råd feiret at det i april 2025 har vært 20 sammenhengende år med nei-flertall på meningsmålingene om EU-medlemskap.

Rådsmøte 26.–27. april

26. april 2025

Her kan du følge vedtak fra Nei til EUs rådsmøte på Klækken Hotell i Hønefoss.

Inderøy Nei til EU er stiftet

03. april 2025

På et stiftelsesmøte 20. mars ble Inderøy Nei til EU stiftet. På stiftelsesmøtet ble et styre valgt og som ledes av Anders Hals.

En stor nei-kunstner har gått bort

02. april 2025

Rolf Groven gikk bort 26. mars i år. Nei til EU har hatt et nært forhold til Rolf Groven gjennom mange år og vi er svært stolte eiere av to ikoniske bilder som Groven har malt.

Inderøy Nei til EU er stiftet

02. april 2025

På et stiftelsesmøte 20. mars ble Inderøy Nei til EU stiftet. På stiftelsesmøtet ble et styre valgt og som ledes av Anders Hals.

Tom Ragnar Berg gjenvalgt som leder i Buskerud Nei til EU

23. mars 2025

På årsmøtet i Buskerud Nei til EU som ble avholdt på Hønefoss 15. mars 2025 ble Tom Ragnar Berg gjenvalgt som leder. Les mer om årsmøtet her.

Vedtekter Buskerud Nei til EU

23. mars 2025

Buskerud Nei til EUs vedtekter ble sist endret på årsmøtet i mars 2025.

Bærebjelker for Nei til EU

21. feb. 2025

Her kan du lese Nei til EUs bærebjelker – første gang vedtatt på landsmøtet 29. november 1992, med tillegg fra landsmøtet 15. november 1998, og revisjon fra landsmøtet 13. november 2016.

Over 150 nye medlemmer på striden om EP4

31. jan. 2025

Nei til EU har fått over 150 nye medlemmer siden nyheten kom om at Arbeiderpartiet vil fremme tre direktiver fra EUs energipakke 4 til vedtak i Stortinget.

– Om vi organiserer breitt så vinn vi

27. nov. 2024

Standpunkt samla i 2019 alle dei gjenlevande Nei til EU-leiarane til samtale om jubileet: – Den viktigaste lærdomen frå 1994 er at det er mogleg å utfordre den etablerte politiske og økonomiske makta, sa Stein Ørnhøi, leiar i Nei til EU 1995–1997.

Nei til EUs arbeidsplan 2025–2026

18. nov. 2024

Vedtatt av Nei til EUs landsmøte 8.–10. november 2024.

Nei til EU søker politisk rådgiver – vikariat

18. nov. 2024

*** Avsluttet *** Vi søker et selvstendig og kunnskapstørst menneske som vår nye politiske rådgiver. (1. februar 2025 til 15. oktober 2025 i 100 % stilling).