Jostein Hansen presenterte den nye boka om Gloppen Nei til EU på biblioteket på Sandane 16. mars 2023.

Jostein har skrive historia om EU-kampen i Gloppen

– Den viktigaste saka for Nei til EU no er energipolitikken. Vi har ikkje lenger lov til å drive med eigen energipolitikk, seier Jostein Hansen. Han har gitt ut bok om historia til EU-kampen i Gloppen kommune.

Tidlegare lokallagsleiar Jostein Hansen har skrive boka «Soga om Gloppen Nei til EU 1969–2020». 16. mars vart boka lansert på Gloppen folkebibliotek. I Gloppen har nei-sida alltid stått sterkt. Ved folkerøystinga i 1972 sa heile 84 prosent av dei glopparane som røysta nei til medlemskap i EF. Over 20 år seinare, i 1994, stemte nær 78 prosent av dei nei igjen. 

Gloppen Nei til EU har vore det sterkaste Nei til EU-lokallaget i landet i høve til folketalet. Ved den første folkerøystinga om medlemskap i 1972 hadde laget heile 1500 medlemmer. I 1994 

hadde laget 636 medlemmer.  I 1994 hadde laget 636 medlemmer. Det er svært høge tal i ei kommune med rett under 6000 innbyggjarar.

Første lokallagshistorie som er gjeven ut 

Dette er første gongen det er skrive om arbeidet og historia til eit lokallag av Nei til EU, og det er passande at det er Gloppen som er først ut. 

Jostein Hansen takka på lanseringa alle dei mange som har bidrege til boka. Fleire har bidrege med arkivmateriale og bilder, nokre med å lese gjennom manuset og kome med innspel til teksten, og andre har bidrege med å lese korrektur. Dei viktigaste er Jan Fossheim, kasserar i ved starten i 1969, Bernt Kristian Holtan, leiar i 1972, Sverre Folkestad, leiar i 1994 og varaordførar frå SV, Ove Eide, som har skreve 30 bøker, mange av dei lokalhistoriske, og Sindre Humberset, kasserar i lokallaget og fylkeslaget i svært mange år. 

Hansen har forsøkt å få oversikt over alle dei som har vore aktive i Gloppen Nei til EU gjennom åra. 

– Lista over alle tillitsvalde og aktive i boka er på 136 namn, og eg har nok ikkje fått med meg alle, fortalde Jostein Hansen. 

Hansen (fødd 1944) er førsteamanuensis i sosiologi og samfunnsfag frå 1994 og er fødd på Sandane i Gloppen. Han har arbeidd på Høgskulen i Alta i 34 år, og hadde eit engasjement for Nordisk Samisk Instittutt i perioden 1986–1989 i Kautokeini/Guovdageidnu, der han laga ei konsekvensutgreiing om «Barenshavet Syd – konsekvensar for samiske busettingsområder», finansiert av OED (Olje- og energidepartementet). Han er no pensjonist. Han flytta i 2008 tilbake til fødestaden Sandane, der han har både mors- og farsslekta, men han vaks opp på Bryne på Jæren.

Hansen har tidlegare gitt ut boka Saueull, fossekraft og gründerånd: Evebøfoss fabrikker 1910–1984 (Selja 2019). Han har og vore leiar i Gloppen Nei til EU frå 2009 til 2022, og medlem av fylkesstyret fram til 2020. 

(Artikkelen held fram under bildet)

Jostein Hansen boklansering Firda Tidend 3. mars 2023.jpg
Jostein Hansen fekk god omtale av den nye boka om Gloppen Nei til EU i Firda Tidend 3. mars 2023.

Folkestyre viktigaste argument 

Hovudargumentet for å stå utanfor EU har vore den same sidan den første EF-kampen. 

– Eg har gjort ei innhaldsanalyse av det som var skrive om EF/EU i Firda Tidend i 1972 og 1994. Det viktigaste argumentet i begge perioder var at vi mistar sjølvråderetten vår, sa Jostein Hansen. 

Også i dag er sjølvråderett den viktigaste grunnen til å seie nei til både EU og EØS. 

– Den viktigaste saka for Nei til EU no er energipolitikken. Gjennom EØS får vi energibyrået ACER og RME (Reguleringsmynde for energi) som overstyrer norske energistyresmakter. Vi har ikkje lenger lov til å drive med eigen energipolitikk, slo forfattaren fast. 

Solid dokumentert 

Boka er rikt illustrert og har mange interessante faksimiler og utklipp som viser aktiviteten frå alle åra med nei-kamp. Og forfattaren har lagt ned eit stort arbeid med å finne kjelder. Det stadfesta Ove Eide under lanseringsmøtet. Han er sjølv forfattar og bokredaktør og har bidrege til boka. 

– Dette er ei kjeldebasert og solid fagbok. Ho fokuserer på konflikt i lokalsamfunnet, i motsetnad til dei fleste lokalhistorier som fokuserer på semje. Det gjer boka ekstra spennande, sa Eide. 

– Ikkje alt er negativt 

Hansen har ikkje hatt ambisjonar om å kome med eit komplett bilete av EU-kampen i Gloppen. Dette er historia til nei-sida. 

– Eg presenterer argumenta mot EU-medlemskap. Eg har ikkje sett det som mi oppgåve å presentere ja-argumenta. Det får nokon andre ta seg av. Men ikkje alt er negativt med EU, Erasmusprogrammet, som mellom anna dreier seg om studiefinansiering, og miljøpolitikken kan også ha mykje bra med seg. Likevel er den nasjonale sjølvråderetten det viktigaste, sa han. 

Jostein Hansen var først ute med ei lokallagshistorie. Den fyrste historia til eit fylkeslag kom ut i 2021 om Østfold Nei til EU, og forfattar er Terje Bjørlo har laga ei svært grundig bok på heile 415 sider. Sogn og Fjordane Nei til EU er truleg neste lag ut. Fylkeslaget har engasjert forfattar Gaute Losnegård til å skrive historia til fylkeslaget og har løyvd 250 000 kroner til prosjektet. 

Stort bilde i toppen: Jostein Hansen presenterte den nye boka om Gloppen Nei til EU på biblioteket på Sandane 16. mars 2023. (Sindre Humberset)

reLATERT

Se alle arrangementer

Et EU-kritisk storting må sette foten ned mot EU-tilpasning på tvers av nasjonale interesser

11. nov. 2025

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 9. november 2025.

Esa eser ut

10. nov. 2025

EØS-tilsynet Esa vil overstyre jernbanen i Norge og regjeringen vil øke Esas budsjett med mange millioner. Begge deler er lite lurt.

En økt EU-debatt gir oss mulighet til å fronte vårt syn

08. nov. 2025

Nei til EU er samla til rådsmøte på Klekken hotell. Rådsmøtet er det høyeste organet mellom landsmøtene og samler representanter fra alle fylkeslag og direktevalgte representanter.

Oslo Nei til EUs julemarked 2025

04. nov. 2025

Julemarkedet vårt fyller 30 år i 2025.  Mange har vært med hvert eneste år fra starten, men skal vi holde ut 30 år til trenger vi flere hoder og hender. 

Er euro valgfritt?

04. nov. 2025

Nye medlemsland i EU er pålagt å innføre euro med felles pengepolitikk.

Vett 2 2025 Krone eller euro?

29. okt. 2025

Vett 2 2025 undersøker virkningen av euroen i medlemslandene, og viser hvorfor det passer dårlig for Norge å erstatte krone med euro. Her kan du også lese om hvordan vi best møter trusler om toll.

Ikke kutt i støtten til EU-opplysning

16. okt. 2025

EU- og EØS-debatten har blusset opp de siste årene, samtidig foreslår regjeringen kutt i støtten til EU-opplysning.

Stortinget sier nei til å innføre resten av EUs fjerde energipakke

15. okt. 2025

Et stort flertall på Stortinget har sagt nei til å innføre ytterligere ett direktiv og fire forordninger i EUs fjerde energipakke. Regjeringen bør nå legge ned veto.

Oslo's new parliament - what will flashpoints with EU be?

02. okt. 2025

Norway’s relationship to the EU will in particular be controversial on matters related to tariffs, labour rights and the electricity market.

– EU-medlemskap kan ikke erstatte Nato

02. okt. 2025

– EU er blitt en viktigere sikkerhetspolitisk aktør, men det er ikke da sånn som mange liker å fremstille det et alternativ å erstatte NATO med EU, sier Øystein Tunsjø.

Nei til EUs 7 krav til det nye Stortinget og regjering 

30. sep. 2025

Nei til EU krever blant annet at regjeringen ikke må søke om EU-medlemskap, at nasjonal kontroll over strømmen sikres og at Stortinget ikke skal avgi suverenitet til EU-organer. Les hele listen under.

Gratulerer til det norske folk!

26. sep. 2025

Last ned løpeseddelen som oppsummerer valget. Stortingsvalget er overstått. Folket har valgt et storting som sier nei til EU-medlemskap.