Karen Marie Aaseng valgt til ny leder i Oppland Nei til EU
Oppland Nei til EU avholdt årsmøte lørdag 21. februar. På årsmøtet ble Karen Marie Aaseng fra Heidal valgt til nye leder.

Talet på betalande medlemer i Nei til EU var ved årsskiftet 20 845. Det er 137 fleire enn ved førre årsskiftet. Medlemstalet i Nei til EU auka altså i 2018, etter å ha gått ned kvart år sidan 2010.
Medlemsregisteransvarleg Kjell Arnestad er nøgd med framgangen.
– Det er spesielt ACER-saka som gav oss mange nye medlemer i 2018, og dei aller fleste melde seg inn i første kvartal då EUs energiunion stod sentralt i både Nei til EUs kampanjearbeid og i media.
– Vi fekk i overkant av 2000 nye medlemer i 2018, og litt over 1700 av dei har no betalt kontingenten. Tala viser òg at gjenverving ute i fylka er viktig for å halde på medlemene vi alt har fått, seier Arnestad.
Arnestad viser til at dei nye medlemene gjer Nei til EU meir representative for heile neisida.
– Nei til EUs nye medlemer er litt yngre og i litt større grad kvinner.
– Det gler oss at verving faktisk gjev oss ein betre balansert organisasjon slik at medlemene speglar att den typiske norske EU-motstandaren; ei yngre kvinne!
– Det er sjølvsagt viktig for Nei til EU å organisere så mange som mogleg av nye EU- og EØS-motstandarar no som ordskiftet opnar seg i fagrørsla og fleire og fleire ser kva nye EU-reglar får å seia for faglege rettar og velferdsgode i Noreg.
Nei til EU klarte å få medlemsframgang i 2018, men skal framgangen også halde fram i 2019, må heile organisasjonen mobilisere. Generalsekretær Thomas Haug har ei oppmoding til alle medlemer, aktivistar og tillitsvalde i organisasjonen:
– Medlemene er ryggrada i Nei til EU. Vi treng medlemer for å ha ei framleis aktiv grasrot. Kjenner du nokon som du har diskutert EU eller EØS med og som du tror kan ha samme standpunkt som oss i Nei til EU, så må du spørje dei: Vil du bli medlem i Nei til EU?
– Nei til EU har mange medlemer, men gjennomsnittsalderen er høg, og vi har for få kvinner. Difor treng vi fleire unge vaksne, og vi treng kvinner som medlemmer.
Stort bilete: Rådsmøtet i Nei til EU i april 2018 feira at vi hadde fått inn 2000 nye medlemer i løpet av Acer-kampanjen. Foto: Sindre Humberset
Oppland Nei til EU avholdt årsmøte lørdag 21. februar. På årsmøtet ble Karen Marie Aaseng fra Heidal valgt til nye leder.

Rogaland Nei til EU avholdt årsmøte lørdag 14. februar, og Anita Utsola forsetter som leder av fylkeslaget.

Buskerud Nei til EU avholder årsmøte 21. mars kl. 10:30. Her finner du innkalling og årsmøtedokumenter.