
Anita Utsola forsetter som leder i Rogaland Nei til EU
Rogaland Nei til EU avholdt årsmøte lørdag 14. februar, og Anita Utsola forsetter som leder av fylkeslaget.

EUs GDPR-forordning var årsaka til at vi måtte byta medlemssystem, men vi treng ikkje takka EU for at vi no kan gjera medlemshandteringa betre både for deg og for oss. Vi er veldig glade for å ha fått på plass eit nytt system som er framtidsretta og funksjonelt, Hypersys frå Unicornis AS. Hypersys er utvikla og drive av organisasjonsfolk og er kundeeigd.
På https://neitileu.hypersys.no/ kan du logga deg inn med medlemsnummer (eller e-postadressa dersom du har registrert ho). Første gongen må du klikka «Gløymd passord» for å oppretta nytt. På sida kan du endra adresse og slikt sjølv, og du ser kva som er registrert.
Om mobilnummeret ditt er registrert, kan du sjekka medlemsstatus, betala kontingentpurring med sms, oppdatera adresse eller e-postadresse ved å senda sms.
Send melding til 2090 med:
Medlemsregisteret gjev oss no høve til å senda faktura på e-post som pdf, du kan få avtalegiro, og du kan betala med sms-melding. For å få ned kostnadene, vil vi i større grad nytta e-post som førsteval når vi sender ut kontingentgiroen. Har du ikkje e-postadresse registrert eller du ikkje betalar faktura som er sendt på e-post, vil vi senda faktura på papir.
Med det nye medlemsregisteret, vert det enklare å bli fast gjevar med avtalegiro.
Nei til EU mottek kvart år mange gåver frå medlemene. Det er viktig for at vi skal halda aktiviteten oppe. Med det nye medlemsregisteret, vert det enklare å bli fast gjevar med avtalegiro. Snart kjem det høve til å registrera kor mykje og kor ofte du vil gje eit bidrag på våre nettsider.
Vi har i mange år hatt ei fast gåveordning, men dei tekniske løysingane våre har skapt utfordringar med å halda dette stabilt. No som vi får eit solid verkty, vil tidlegare gjevarar òg få ny informasjon. Meir informasjon kjem om kort tid til alle hovudmedlemer.
Har du spørsmål eller treng hjelp, ta kontakt på medlem@neitileu.no eller 918 96 930.
Stort bilete: Medlemsregisteransvarlig Kjell Arnestad og organisasjonsrådgiver Karl-Sverre Holdal er glade for å ha eit nytt medlemsregistersystem. Foto: Eivind Formoe

Rogaland Nei til EU avholdt årsmøte lørdag 14. februar, og Anita Utsola forsetter som leder av fylkeslaget.

Buskerud Nei til EU avholder årsmøte 21. mars kl. 10:30. Her finner du innkalling og årsmøtedokumenter.

Sarpsborg Nei til EU avholdt årsmøte den 10. februar, og Terje Bjørlo fortsetter som leder i lokallaget.