Gå til hovedinnhold

– Acer-debatten har gitt oss ny sjølvtillit

17. aug. 2018
Norsk EU-debatt
ACER-søksmål
Klipp og omtale
ACER
Om Nei til EU
Thomas Haug hugsar OL på Lillehammer betre enn EU-kampen i 1994. No er han ny generalsekretær i Nei til EU. I dag er han gjest i Helgepraten i Nationen.

– Eg likar at eg får moglegheit til å kjempe for ei sak som er viktig og aktuell. Eg er eit organisasjonsmenneske. Eg likar organisasjonsarbeid. Eg synest nei-rørsla er fascinerande. Det er så mange medlemer som står for ein sak. Nei-sida sin styrke har alltid vore at vi arbeider ute blant folk, seier Thomas Haug til avisa.

31-åringen frå Koppang i Hedmark er i gang med si andre veke på jobben som ny organisasjonssekretær i Nei til EU.

Løfta av Acer

– Den viktigaste saka for oss framover er Acer-kampanjen og søksmålet vårt. Vi vil prøve grunnlovensparagraf 115 for domstolane. Det blir veldig viktig for oss framover, seier Haug.

– Acer-debatten viser at sakene våre framleis er høgaktuelle. Saka har også gitt organisasjonen vår eit løft. Den har gitt oss meir sjølvtillit fordi vi klarte å løfte fram ei sak som engasjerte både vanlege folk, politikarane og etter kvart også pressa, seier Haug.

– Eg hugsar OL på Lillehammer betre enn EU-kampen. Men gjennom arbeid i Senterpartiet har eg blitt svært opptatt av folkesuverentitet, nasjonal kontroll og styring. Det kan jo ikkje vere slik at om ein ikkje hugsar 1994, så er ein ikkje berettiga til å vere med.

Organisasjon og organisasjon

Haug omtaler seg sjølv som eit organisasjonsmenneske.

– Noko av styrken til Nei til EU er at det er ein grasrotorganisasjon. Det er viktig å vere til stades i heile landet. Det andre som er spesielt viktig er det faglege. God politisk kunnskap har alltid vore viktig for organisasjonen vår. Medlemene våre skal kunne føre gode diskusjoner ved kjøkenbordet, med kameratgjengen og på skolen. Og så skal vi klare å verve fleire medlemer og få ein sterkare organisasjon.

Portrettintervjuet med Thomas Haug kan lesast i Nationen si papiravis. 

Relatert

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

03. juli 2026

Igjen og igjen opplever me at meiningane våre vert kasta vrak på både i presse og media. Styret i Hordaland Nei til EU har mange medlemer som er glade i å ytra seg om kampsakene våre. Me sender lesarinnlegg både som sjølvstendige innlegg og som svar på andre sine innlegg. Me sender fakta der ja-sida har servert udokumenterte påstandar. T.d. i saker som omhandlar Brexit, peikar me på manglande dokumentasjon frå ja-sida, og me tilbyr nettopp det, faktabasert informasjon. Me kan lura på kvifor presse og media synes å vera interesserte i å støtta opp under feil-informasjon. I BT 29.6.26 kjem Morten Myksvoll med eit innlegg som osar av skremselspropaganda. Me er nær undergangen om me ikkje tenkjer medlemskap i samband med at Island vurderer dette. Me står utanfor, me er ein stat utan makt, me er utrygge osv. Det er ikkje måte på kva som vil henda oss om me no ikkje går inn i unionen. Eit svarinnlegg på dette var det ikkje plass til i BT. Då eg la innlegget ut som ein kommentar, ser eg at moderator har fjerna det. Er den frie pressa ein myte? Skal det vera slik at meiningsytringar som ikkje fell i smak hos redaktøren, berre skal neglisjerast? Eg publiserer her innlegget mitt, eit innlegg som haltar litt fordi Myksvoll sitt innlegg ikkje vert publisert samstundes. Dette kan ein sjå ved å gå inn på bt.no.