– Om vi organiserer breitt så vinn vi

Standpunkt har samla alle nolevande Nei til EU-leiarar til samtale om jubileet: – Den viktigaste lærdomen frå 1994 er at det er mogleg å utfordre den etablerte politiske og økonomiske makta, seier Stein Ørnhøi, leiar i Nei til EU 1995–1997.

Standpunkt har samla alle nolevande leiarane i Nei til EU til samtale om 25-årsjubileet for folkerøystinga i 1994. Stein Ørnhøi (SØ) var nestleiar i Nei til EF i perioden 1992–1993 og leiar Nei til EU i 1995–1997, Lisbeth Holand (LH) var leiar i 1997–1999, Sigbjørn Gjelsvik (SG) 1999–2004, Heming Olaussen (HO) 2004–2014 og Kathrine Kleveland (KK) frå 2014 til i dag.

Kristen Nygaard, som var leiar frå grunnlegginga av Nei til EF i 1990, gjennom heile EU-kampen og til 1995, døydde i 2002.

– Kva er den viktigaste lærdomen etter 1994?

LH: – Det er to ting. Det eine var at det var viktig å starte tidleg for å kunne bygge opp ein beredskap hos folk. Det andre var at det er viktig å fortsette. Det var snakk om at vi kanskje skulle leggje ned Nei til EU etter 1994. Men vi har sett, ikkje om EU-medlemskap, men om EØS, at det var veldig viktig å halde ein beredskap oppe. Og vi har nok påverka ein del i ganske mange spørsmål.

SØ: – Om ein organiserer breitt, og nedanfrå, så vinn ein. Så er det ein lærdom til, og det er det at du vinn aldri for alltid. Sigeren må haldast vedlike. Og det kan vel gå an å meine at vi kanskje har vedlikehalde sigeren litt dårleg.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

12 Stein Ørnhøi1
Stein Ørnhøi, leiar i Nei til EU 1995–1997. Foto: Eivind Formoe

HO: – Den første lærdomen er at det må ei brei folkeleg mobilisering til for å vinne over makta. Den folkeopplysingskampanjen som Nei til EU var i 1994, var avgjerande for at vi skulle klare å vinne slik vi gjorde.

SG: – Den viktigaste lærdomen er at jafolka aldri gir seg, sjølv om dei har tapt to gongar. Difor er det utruleg viktig å ta vare på Nei til EU og ein brei folkeleg nei-allianse for å sørge for at folket sitt nei blir respektert.

KK: – I 1994 såg vi kor viktig det var at alle var med. At vi hadde ei breidde av alle folk i Noreg. Og den breidda og den alliansen som vi var den gongen, den har vore viktig for Nei til EU heile tida etterpå. Det var distrikta, arbeidsfolk, fiskarar, kvinner, det var ungdom og alle som var med. Det er viktig også i dag at vi har ei breidde i neiet vårt til EU.

– Det var snakk om at vi kanskje skulle leggje ned Nei til EU etter 1994. Men vi har sett, ikkje om EU-medlemskap, men om EØS, at det var veldig viktig å halde ein beredskap oppe. | Lisbeth Holand, leiar av Nei til EU 1997–1999.

– Er EU-saka framleis aktuell?

SØ: – EU-saka er jo ikkje berre eit spørsmål om formelt norsk medlemskap i ein organisasjon. Den ber i seg grunnleggjande problemstillingar som har med korleis makta skal forvaltast, nærleik til avgjerdene, korleis vi disponerer dei grunnleggjande ressursane våre, korleis miljø og fordeling skal skje. Den kampen må pågå kvar einaste dag, på alle politiske område.

LH: – Det vi har sett er at det er ein stadig aukande motstand mot EØS. Akkurat no er det mest aktuelle spørsmålet om vi kan klare å gå ut av EØS.

HO: – Nei-saka, i tydinga medlemskap, er ikkje aktuell på kort sikt i alle fall. Men spørsmålet om vi skal bestemme i eige land er høgaktuell, nettopp på grunn av EØS-avtalen. Den produserer stadig nye EU-lover og EU-direktiv og forordningar, som undergrev det vi vann i 1994.

SG: – EU-saka er utruleg viktig fordi det kjem stadig nye framlegg om å avgi suvererenitet til EU. Difor treng vi å bygge alliansar og sørge for at vi får ei utvikling der det er det norske folk gjennom val som skal bestemme utviklinga, og ikkje byråkratar i EU.

KK: – Vi har sagt nei til EU to gongar. Likevel held EU oss meir enn nok med arbeid kvar einaste dag i Nei til EU. Aller sist ser vi det på EUs energibyrå og på jernbanepakka. Så EU-saka er meir enn aktuell nok. Når vi ser på Storbritannia kor vanskeleg det er å kome ut, så må vi halde oss utanfor. Det er enklare å vere utanfor enn å kome seg ut.

– Kva var den viktigaste faktoren for neisigeren i 1994?

SØ: – Det er den politiske tradisjonen i Noreg. Den politiske tradisjonen med folkeleg mobilisering mot unionen med Sverige, seinare også den folkelege mobiliseringa bak ei arbeidarrørsle som var mykje breiare organisert i Noreg enn i noko anna europeisk land, fordi arbeidarrørsla var i Noreg organisert av småbrukarar og fiskarbønder. Andre har forankra si arbeidarrørsle einsidig i industriarbeidarklassen. I Noreg representerte arbeidarrørsla ein allianse.

HO: – På landsmøtet der eg vart vald til leiar, i 2004, heldt Berge Furre innleiing. Han tok opp historia om småkårsfolket, samhalds-Noreg, som Kristen Nygaard kalla det. Alle disse motrørslene, anten det var målrørsla, kristenrørsla, arbeidarrørsla eller småbrukarane.

– Det var ikkje gjeve at desse skulle klare å alliere seg i ein så brei front. Det måtte nokon til som klarte å lime det i hop. Der kjem vi til Kristen Nygaard og mange andre.

LH: – Slagordet som vart brukt mykje om at det er langt til Oslo, men det er lenger til Brussel hadde mykje for seg. Med den geografien vi har, så var ein så vande til at ein måtte rå seg sjølv.

KK: – Eg brukar å nemne at Noreg har vore i union og hadde dårlege erfaringar med det. Når utanlandske journalistar kjem til Noreg har eg alltid behov for å seie at det norske neiet var eit solidarisk nei, bygd på den breidda av organisasjonar og menneske, men det var ikkje eit egoistisk nei. Solidaritet, miljø, folkestyre, sjølvråderett er dei gode verdiane som ligg bak.

– Noko som er viktig for meg er det antirasistiske grunnlaget. Det var så tydeleg frå starten at Nei til EU skulle vere ein antirasistisk organisasjon.

HO: – Det er to anklagar som har vore ført mot neisida heile tida. Det eine er at vi er oljesmurte egoistar, og det andre er at vi er brune i kanten. Fordi andre EU-motstandarar i Europa er ytre høgre, er det så vanskeleg å fatte, eller ville fatte, at EU-motstanden er basert på sentrum–venstre-rørsler i Norden.

– Det at vi hadde halde på ein medlemskapsorganisasjon, men også ein allianse som var klar til å ruste opp, var viktig. | Sigbjørn Gjelsvik, leiar i Nei til EU 1999–2004.

– Kva har endra seg frå 1994 til no? Kva tenkjer de om neikampen disse 25 åra?

HO: – Det har jo gått i bølgjer. Det var ein periode i starten av 2000-talet då vi trudde vi kunne få ein omkamp om EU. Då fekk vi austutvidinga av EU, og det kom ein tanke om at Europa kunne stå opp mot Bush og amerikanarane si krigføring. Då var det fleirtal for ja på meiningsmålingane. Så fall dei europeiske landa frå kvarandre, og det vart ingenting av det.

– No har vi fått ein situasjon der medlemskap er meir eller mindre uaktuelt, ut frå at jasida er redd for folket. Det har vore samanhengande bortimot sytti prosent nei no i årevis.

SG: – Åtaka på norsk suverenitet er jo sterkare enn dei har vore nokon gong, gjennom EØS-avtalen. Frontane på EØS har vore ganske stabile når det gjeld parti. Men der det har vore endringar er i fagrørsla. Og det er jo på grunn av det du snakkar om, korleis EØS grip inn i arbeidsfolk sine rettar.

LH: – Ein ting er åtak på norsk suverenitet. Eg synest det er endå meir tydelege åtak på politisk styring i det heile tatt. Meir og meir skal underleggast marknadsmakt. Og samtidig ser vi kva det fører til. Vi ser stadig meir kriser i dei einskilde EU-landa, med auka skilnader og stadig fleire som jobbar utan å kunne forsørge seg av sitt eige arbeid. Ein stadig meir desperat situasjon i mange EU-land.

SØ: – Det går kanskje an å sjå heile EU- og EØS-spørsmålet som eit spørsmål om den politiske verda vi levde i tidlegare, og som no er i oppløysing. Eg trur at om ti til femten år så sit vi ikkje der og diskuterer for eller mot EØS eller for eller mot norsk EU-medlemskap. Eg trur at det som skjer no er så svært at vi har ikkje fått det på plass i hovuda våre. EU greier ikkje å handle internasjonalt, saman. Dei er delt og splitta. Dei greier ikkje å oppretthalde den politiske ordenen som vart skapt etter andre verdskrigen.

(Artikkelen fortsetter under bildet)

12 Nei til EU-leiarane rundt bordet
Ser framover i jubileumsåret. – Eg trur at om ti til femten år så sit vi ikkje der og diskuterer for eller mot EØS eller for eller mot norsk EU-medlemskap. Eg trur at det som skjer no er så svært at vi har ikkje fått det på plass i hovuda våre, seier Stein Ørnhøi. Foto: Eivind Formoe

– Kva var dei viktigaste hendingane i di leiarperiode?

LH: – Det var tre ting. Det eine var om vi skulle slutte oss til euroen. Så var det Schengen, og så var det veterinæravtalen. Den første nådde vi fram med. Schengen tapte vi jo, men vi fekk mobilisert ganske mykje. Eg hugsar Erik Bye var ganske dårleg på slutten, men han var med, saman med Ståle Eskeland og meg, og snakka med statssekretæren i Utanriksdepartementet. Han ville vere med å legge tyngde og status bak kravet om å ikkje slutte oss til Schengen.

SG: – I løpet av dei åra eg var leiar kom det første og det mest alvorlege angrepet frå jasida på omkamp om sjølve medlemskapsspørsmålet. Det at vi hadde halde på ein medlemskapsorganisasjon, men også ein allianse som var klar til å ruste opp, var viktig. Frå eitt år til eit anna så dobla vi budsjettet i Nei til EU. Tilsette massevis av folk. For første gong sidan 1994 fekk vi ordinær driftsstøtte frå landbruket igjen. Vi lagde strategiutval med deltaking frå dei gamle samarbeidspartane. Det var heilt avgjerande for å mobilisere og vise jasida at vi var parat om dei skulle prøve seg. Det var til og med enkelte som snakka om dato for ny folkerøysting.

– Det var mykje hard jobbing, men det var mykje artig også. Då meiningsmålingane tok til å sjå mørke ut så merka vi at folk vakna og ville vere med å gjere ein innsats. Og ikkje minst Ungdomskampanjen mot EU, som hadde eit par stormønstringar i Oslo, der ungdomsorganisasjonane var samla for å vise at det framleis var eit kraftfullt nei blant ungdom, basert på folkestyre, miljø og solidaritet. Mange hundre ungdomar var samla.

HO: – Vi hadde store runder på endring av paragraf 93 i Grunnlova. Det var eit viktig prinsipielt spørsmål, sjølvsagt. EU-tilhengarane ville endre Grunnlova for å gjere det lettare å melde Noreg inn i EU. Men det mest interessante var måten vi fekk stoppa det på. Der viste det seg at det var ganske lurt å ha ein medlemsorganisasjon, med mange vakne folk rundt omkring. Der hadde vi enorm mobilisering med trøkk mot dei enkelte stortingsrepresentantane for å stå ansvarleg for det dei hadde svart i kandidatundersøkingane til Nei til EU før valet. Dei prøvde seg gjennom tre perioder, men vi berga denne saka gang på gang.

– Det andre var det auka fokuset på EØS-debatten i fagrørsla. Det var der debatten kom. Vi fekk EUs tredje postdirektiv og opprøret på Arbeiderpartiet sitt landsmøte.

– Vi etablerte Alternativprosjektet, med 17 organisasjonar som ville utgreie alternativ til EØS.

– Og vi fekk ut jubileumsboka til Dag Seierstad. Det var ein milepæl for Nei til EU og nei-rørsla!

KK: – Du Stein er den einaste som ikkje har sagt kva som var det viktigaste i di periode?

SØ: – Det var jo feiringa då, ler han

– Økonomien i organisasjonen etter folkerøystinga var ikkje heilt strøken. Eg brukte veldig mykje tid og krefter på å rydde opp slik at det ikkje skulle heite at vi vann på krita. Det låg att gjeld, til reisebyrå, til trykkeri og så vidare.

– Vi mangla kanskje to og ein halv million. Så sa Amund Venger i Bondelaget at vi kunne få ein million om også andre bidrog. Så gjekk eg til neipartia, og alle skulle betale sin del. Dei skjønte det med ein gong og vi fekk rydda unna. Pengane kom i løpet av ei veke. Det er slik eg blir glad av å tenkje på.

KK: – I mi leiartid så langt har det viktigaste vore at EØS-kampen har gått nokre steg vidare. Eg må jo også nemne brexit, og kor mykje kontakt det var med Nei til EU i forkant av folkerøystinga. Vi kan seie kva som helst om kvar dei står no, men det var stor merksemd på vår organisasjon, både frå Noreg, Storbritannia og heile verda. Då var det veldig viktig for meg å gå tilbake for å finne ut kva som var grunnlaget for vårt nei i 1994, og framheve det solidariske neiet. Likestilling, antirasisme. Og så må eg nemne EUs energibyrå og Acer-kampen, som fører til at vi skal i tingretten no.

SG: – Den viktigaste lærdomen av brexit for vår del er kor viktig det var at vi ikkje gjekk inn i EU.

Stort bilete: På Stein Ørnhøi si tak­terrasse. Alle Nei til EU-leiarane frå 1995 til i dag samla til prat om 25-årsjubileet. Frå venstre: Kathrine Kleveland, Heming Olaussen, Sigbjørn Gjelsvik, Lisbeth Holand og Stein Ørnhøi. Foto: Eivind Formoe


Logo_ folkets nei 25

Bli med på jubileumsfesten

■ 29. november 2019 kl. 18.00.
■ Billetter kr 249/150
Les mer og kjøp billetter her. 

reLATERT

Se alle arrangementer

EØS-avtalen skaper usikkerhet om velferdsstaten

04. des. 2019

NAV-skandalen om trygd for nordmenn med korttidsopphold i utlandet er også en EØS-skandale. Uretten som er begått mot de som er blitt uskyldig dømt og fratatt trygderettigheter, opprører mange. At det må gjøres en fullstendig opprydding og granskning bør være selvsagt.

Klimakrisa er større enn EU

02. des. 2019

Kan EU sin rådande politikk om fri flyt og med auka vekst gjennom meir transport foreinast med effektive tiltak mot klimakrisa? Nei til EU meiner nei.

Fantastisk fest for folkets nei!

30. nov. 2019

Fredag 29. november var en hele neisiden samlet for å feire at det er 25 år siden det norske folket sa nei til EU-medlemskap i folkeavstemningen 28. november 1994. Over 300 EU-motstandere fikk fine gode historier, kultur, politikk og samhold.

Perspektiver på EU 25 år etter folkets nei

29. nov. 2019

Jubileumsseminaret på DogA i Oslo samlet mange tilhørere som ville høre om erfaringene fra den store nei-kampen i 1994 – og hva lærdommene bør være for oss i dag.

25 år siden i dag: – Historisk EU-avstemning 28. november 1994

28. nov. 2019

I dag er det 25 år siden det norske folk stemte nei til EU-medlemskap i folkeavstemningen 28. november 1994.

NORGE SA NEI TIL EU-MEDLEMSKAP!

26. nov. 2019

Torsdag 28. november er det 25 år siden 52,4 % av folket sa nei til medlemskap i den Europeiske Unionen, EU. I Nordland var tallet 71,4 % nei, i Troms 71,5 %, mens det i Finnmark var høyest med 74,5%.

Nei-allianse med toleranse

26. nov. 2019

28. november 1994 sa det norske folk nei til EU for andre gang. 25 år senere trengs det fortsatt et sterkt Nei til EU.

Freiberg i flaskehalsen

26. nov. 2019

Energidepartementet holder fast ved at flaskehalsinntektene kan brukes i sin helhet til å redusere nettleia. Elektrisitetsforordningen til EU/EØS sier det motsatte.

135 har betalt UmEU-kontingenten på ni dager!

22. nov. 2019

Ungdom mot EU gjennomfører nå en vervekampanje for å få flere medlemmer før årsskiftet. De siste tallene viser at vervekampanjen gir gode resultat. Men Ungdom mot EU trenger fortsatt flere medlemmer så trykket må fortsatt holdes oppe.

«Vi sto han av» i Tromsø

19. nov. 2019

Lørdag 16. november markerte Troms Nei til EU 25-årsjubileet for seieren i folkeavstemninga i 1994 og den store demonstrasjonen «Vi står han av» som samlet 5000 i tog i Tromsø 14. november 1994.

Mat og miljø hos Tante Gerda

18. nov. 2019

Kreativiteten svekkes i miljøpolitikken og forbildene forsvinner nå regler og politikk skal harmoniseres i EUs indre marked.

Ungdom mot EU verver fem om dagen, verv fem til laget!

15. nov. 2019

Vi utfordrer alle i Nei til EU til å verve fem ungdommer til Ungdom mot EU.