
Ny leder i Vestfold Nei til EU
Heming Olaussen ny leder i Vestfold

Nei til EUs skriftserie VETT nr 3-2017 er ein ny versjon av informasjonsheftet EU-guiden.
– Heftet dekkjer fem avgjerande tema: Folkestyre, solidaritet, velferd og handel, miljø og ressursar samt handlefridom. Det gjev også ei oversiktleg framstilling av korleis EU vert styrt, seier Morten Harper, redaktør av heftet.
EU-guiden, som har fått tittelen «Verden er større enn EU» er spesielt tilpassa bruk i skulene. Nei til EU nyttar tenesta Subject Aid, der skulane kostnadsfritt kan bestille tilleggslitteratur til undervisinga. «Her finner du høyaktuelt stoff innen områder som samfunnskunnskap, naturfag, klima, EU, menneskerettigheter, yrkesvalg og mye mer», som Subject Aid skriv på nettsidene sine.
Subject Aid distribuerer materiellet vårt som klassesett til skular som tingar det. Tenesta er i seg sjølv er gratis, men vi betalar materiellet og porto. EU-guiden er noko av det mest populære materiellet Subject Aid tilbyr, og sidan januar 2014 har vi fått ut 9605 EU-guiden-hefter til elevar over heile landet.
Den nye utgåva av heftet held seg til suksessoppskrifta, men er oppdatert i tekst og utforming slik at den framleis er toppaktuell. Det nye opplaget er trykt i 10 000 eksemplar, der 3000 går til Vett-abonnentane i dette nummeret av Standpunkt og resten vert tilbode organisasjonen og til skulane.
Dersom etterspørselen held seg oppe vil vel femte utgåve halde eit par år før det er tomt, og ei sjette utgåve må trykkast.
Stort bilde i toppen: Les EU-guiden. Kaspar Tjeld og Kristiane Mauno Krystad frå Ungdom mot EU les den nye utgåva av Nei til EU-heftet EU-guiden.

Heming Olaussen ny leder i Vestfold
I samband med nye nettsider har Nei til EU også oppdatert den grafiske profilen vår. Her finner du informasjon om hvordan den grafiske profilen skal brukes.

Island skal holde folkeavstemning om å gjenoppta sin sovende EU-søknad, og den norske ja-siden nærmest forskutterer et islandsk EU-medlemskap. Jeg foreslår en dose isvann i årene, skriver Heming Olaussen.