Rogaland Nei til EU til kamp mot ACER
Amina Ødegaard Prestbakk ble gjenvalgt på årsmøtet i Rogaland Nei til EU den 12. februar. Årsmøtet vedtok følgende uttalelse:
Rogaland Nei til EU til kamp mot ACER og straumprissjokket
Kampen mot straumkrisa rettar seg mot energiunionen vi er med i utan å vera medlemsland i EU. Den norske EU-tilknytinga er til stort tap og skade for folk flest, set norsk industri i alvorleg fare og trugar norsk grønsakdyrking. Årsmøtet i Rogaland Nei til EU slår fast at ny EU-kamp på dette grunnlaget er nødvendig og er i gang.
Norsk nasjonal energi styring må til for å sikra folket rimeleg tilgang til sin eigen straum og berga norsk industri.
På same måten trengst verkeleg klimapolitikk utan binding til EU på grunnlag av tilrådingar frå FN og internasjonal klimaforsking.
Ut frå energikrisa og klimakrisa må den norske EU-tilknytinga forandrast og bygga på norsk sjølvråderett.
(Samrøystes vedtak)
Årsmøtet gjenvalde Amina Ødegaard Prestbakk som leiar, med desse styremedlemmene: Espen Watne, Leiv Olsen, Anita Utsola, Olav Gjesteland, Marthe Lien Hamre, Livar Sømme, Eline Ødegaard Prestbakk og Håvard Hundsdal.
Varamedlemmer: Gunnar Sirevåg, Kate Elin Norland, Nils Melbøe.
Rogaland Nei til EU hadde ved årsskiftet 1762 betalande medlemmer, éin meir enn ved førre årsskifte.
Advokatane Bent Endresen og Kjell Brygfjeld orienterte om den pågåande rettssaka om ACER. Det var Rogaland Nei til EU som tok initiativet til at organisasjonen skulle saksøka regjeringa for brot på Grunnloven då Stortinget vedtok EUs energipakkar utan å følgja Grunnlovens § 115. Roy Pedersen, leiar i Nei til EU, gjorde greie for den politiske situasjonen, med ACER og straumprissjokket som særleg aktuelle saker.
På vegne av
Rogaland Nei til EU
Leiv Olsen
(AU-medlem)
tlf. 948 29 008