Rådsmøte i Nei til EU 15. og 16. april 2023.

ACER og EU sin energiunion blir meir og meir inngripande 

Vi vil ta tilbake politisk kontroll over krafta ved å frikople Noreg og RME frå ACER. Vetoretten i EØS må takast i bruk mot EUs fjerde energipakke. Fråsegn frå rådsmøtet i Nei til EU 16. april 2023.

Stortinget vedtok 22. mars 2018 EU si tredje energimarknadspakke og dermed tilslutning til ACER. Dette vart gjort med simpelt fleirtal trass i at slikt vedtak er suverenitetsavståande og skulle hatt ¾-dels fleirtal. No ser vi at Noreg si innlemming i ACER og EU sin energiunion er langt meir omfattande enn det Stortinget la til grunn.  Marknadsstyrte, varige EU-straumprisar gjennom nye høgkapasitetskablar viser tydeleg kor lite Noreg sjølv kan setja eigne, innanlandske straumprisar basert på vår låge produksjonskostnad frå vasskraft. 

EUs energibyrå ACER har dei seinare åra treft ei rad avgjerder med store konsekvensar for kraftmarknaden òg i Norden. 26. oktober 2022 avgjorde til dømes ACER at Svenska kraftnät ikkje kunne avgrense krafteksporten til Finland og Danmark. ACER viste til kravet i fjerde energimarknadspakke om at landa er forplikta til å stille minst 70 prosent av sin eksportkapasitet til rådvelde for marknaden. 

15. februar fastslo EU-domstolen at ACER har ei brei overnasjonal myndigheit. Opptakta var eit ACER-vedtak om balansering av kraftsystemet. EU-domstolen slår fast at når ei sak kjem til ACER, kan EU-byrået vurdere heile saka. Dette bygger opp under Nei til EU sine merknadar i ACER-søksmålet. 

ACERs forlenga arm i Noreg, Reguleringsmyndigheit for energi (RME), har no pålagt fleire nettselskap å endre namn eller logo. Grunnen er krav i EUs tredje energimarknadspakke om skilje mellom selskap i same konsern. Ifølgje bransjen kostar RMEs pålegg millionar av kroner og skapar forvirring hos kundane. RME passar på at EU-reglene vert følgde og kan ikkje instruerast av norske myndigheiter. 

Då regjeringa i fjor haust skulle undersøke handlingsrommet i EØS for kraftreguleringar, var det nett RME som blei spurt. RME avviste at det er tillate å avgrense krafteksporten av omsyn til straumprisen. Kor blir det av folkestyret når avgjerande delar av kraftpolitikken ikkje lenger er underlagt folkevald kontroll? 

Vi treng føreseieleg og rimeleg straumpris i Noreg for å omstille samfunnet, utvikle næringslivet og kutte klimautsleppa.

Med eit toprissystem for hushalda, kan høgt forbruk koste meir, medan eit vanleg forbruk vert lågare prisa. 

Noreg er eit land med lange og kalde vintre.  Oppvarming er i hovudsak basert på straum. Noreg har ein stor industri bygd på konkurransedyktig straumpris. Dette er heilt naudsynt for å kompensere for ulempene som det naturgitte klimaet gir. 

Nei til EU gir honnør til regjeringa som skrinla North Connect-kabelen til Skottland for godt. Klok av skade må regjeringa hindre fornya konsesjon til dei tilårskomne kablane Skagerrak 1 og 2. Denne reine vasskrafta treng vi til det grøne skiftet. 

Straumsolidaritet med dei nære naboane våre har vi praktisert i seksti år. No trengst nasjonal styring for å sikre ei utveksling av kraft til gjensidig fordel. Nei til EU stør den breie mobiliseringa frå folk og organisasjonar mot ei straumpriskrise skapt av tilkoplinga til den EU-styrte kraftmarknaden. Vi vil ta tilbake politisk kontroll over krafta ved å frikople Noreg og RME frå ACER. Vetoretten i EØS må takast i bruk mot EUs fjerde energipakke. Det understrekar alvoret i situasjonen at Høgsterett har avgjort at Nei til EU sitt ACER-søksmål skal prøvast i plenum, det vil seie med alle domarane representerte. 

Stort bilde i toppen: Rådsmøte i Nei til EU 15. og 16. april 2023. (Foto: Eivind Formoe)

reLATERT

Se alle arrangementer

Er det ikke bare for SV og Rødt å si det samme som Vedum?

22. aug. 2025

Det enkleste er at SV og Rødt ikke inngår budsjettsamarbeid uten at Ap garanterer at det ikke innføres nye energidirektiv, spesielt EUs fjerde energipakke.

Erna bløffer på direkten om EØS og strømpriser

08. aug. 2025

Høyre-leder Erna Solberg hevder at strømprisene ikke har noen ting å gjøre med Acer og EØS-avtalen. Det er ikke riktig. Prissmitten fra EUs kraftmarked har gitt historisk høye og ustabile priser i Norge.

Ulovlig hemmelighold om EUs støtte til Nussir-gruva

04. aug. 2025

Dette bør bekymre både tilhengere og motstandere av EU/EØS i Norge, samt borgere i de alle land der EU nå tillater seg innblanding med å støtte gruveprosjekter. EU gjør vedtak av stor virkning for miljøet i disse landa, men nekter borgere i de berørte landa tilgang på informasjon om hva vedtaka bygger på.

Partienes EU/EØS-standpunkt før valget i 2025!

18. juni 2025

Se presentasjonen av Nei til EUs nye rapport med Einar Frogner og Morten Harper.

Nei til EU krever full stans i nye energiregler fra EU

13. juni 2025

Et stortingsflertall av Arbeiderpartiet, Høyre, Venstre, KrF og MDG har i dag vedtatt innføring av fornybardirektivet, bygningsenergidirektivet og energieffektiviseringsdirektivet. Nei til EU krever nå full stans i innføring av nye energiregler fra EU.

Nei til EU mobiliserer mot energipakke 4: Stortinget må si nei til EU-direktiver!

11. juni 2025

Markering torsdag 12. juni 16.00 på Eidsvolds plass. 

Vårt vern mot elektrosjokk: Ut av EUs energiunion!

06. juni 2025

Strømpriskrisa rammer vanlige folk, industri og landbruk. Ta tilbake kontrollen!

EU-sak mot Danmark om fornybardirektivet

05. juni 2025

EU-kommisjonen setter makt bak fornybardirektivets tidsfrister og andre krav for raskere behandling av kraftutbygging. Nå har kommisjonen åpnet sak også mot Danmark.

EUs fjerde energipakke må avvises samlet

03. juni 2025

Nei til EU trapper nå opp arbeidet mot EUs fjerde energipakke foran Stortingets behandling fredag 13. juni.

Jonas og Ernas EU-allianse er skadelig for Norge 

28. mai 2025

– Det kan koste Jonas Gahr Støre statsministerposten at han går i kompaniskap med Erna Solberg for å starte innføringen av EUs fjerde energipakke, sier Nei til EU-leder Einar Frogner.

Bit for bit

26. mai 2025

Regjeringen vil innføre EUs fjerde energipakke stykkevis og delt. Slikt blir det rettslig lapskaus av.

Ny De Facto-rapport om kraftpolitikk og norsk industri

22. mai 2025

Last ned rapporten «Pris og prioritering: To kraftige utfordringer for norsk industri», skrevet av Isak Lekve i De Facto.