Kathrine Kleveland og Tove Bøygard.

Tove Bøygard har laga ny nei-sang. Høyr den her!

– Det er når vi kjenner avgjerder på kroppen som ikkje vi ikkje har hatt høve til å påverke, at vi skjønar kor viktig det er å stå opp for folkestyre og demokratiet, seier Tove Bøygard, aktuell med ny song om folkestyre og EU. Sjå video av songen her!

Songar og artist Tove Bøygard har på eige initiativ skrive ein ny song som EU-motstandarar i heile landet vil bli godt kjend med framover. I denne samtalen med Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland forklarar Bøygard bakgrunnen for nei-songen og engasjementet sitt.  

– Tove Bøygard, du er songar og musikar. Du skriv låtane dine sjølv og du har laga ein song som heiter «Folkestyre», som vi i Nei til EU er veldig glade i, seier Kathrine Kleveland.

  • Her kan du sjå videoen. Intervjuet held fram under. 

– Du skreiv den til eit møte hjå oss. Vil du seie litt meir om den?

– Ja, eg var så heldig å få spele på konferansen Nei2017 i mars her i Oslo, og då tenkte eg at eg måtte skrive ein eigen song til Nei til EU, seier Tove Bøygard.

– Eg var jo med i 1994 og har jo vore engasjert på min måte i EU-spørsmålet heile vegen. Og for meg er det jo sjølvsagt folkestyre som er heile hovudsaka i mitt EU-standpunkt. Så då sette eg meg ned og skreiv songen som heiter «Folkestyre».

– Og den traff oss rett i hjartet, og no er det laga ein video der vi får heile songen. Det er veldig moro for oss å kunne vise den. Konferansen Nei2017 var grunnen til at du skreiv låten, men vil du seie litt meir om videoen?

– Ja, dagens medieverd er det jo viktig å ha noko visuelt og det er viktig å spreie bodskapen. Så eg hadde jo lyst til å lage ein video på låten. Eg er veldig nøgd med denne videoen. Det er ei som heiter Sara Andersson som har filma og har regien på den. Vi gler oss veldig til premieren. Videoen er også teksta, fordi det er jo viktig at bodskapen kjem fram her. Eg syng på hallingdialekt, så om det er nokon som ikkje heilt skjønar hallingdialekt, skal ikkje det vere noko problem. På videoen får du med teksten og.

Sosialdemokrat og EU-motstandar

– Det er vi veldig glade for, for nettopp teksten er så veldig sterk her. Den handlar om folkestyre. I videoen ser vi både 1. mai-demonstrasjonar og andre demonstrasjonar. Kva slags engasjement hadde du i 1994 under folkerøystingskampen?

– Mitt utgangspunkt var to saker, folkestyre og solidaritet. Det var også hovudargumenta for Nei til EU. Så for meg var det eit veldig enkelt val.

– Eg har jo ein bakgrunn frå AUF. Eg sat på fylkestinget i Buskerud for Arbeidarpartiet, og i sentralstyret i AUF. Mitt utgangspunkt var to saker, folkestyre og solidaritet. Det var også hovudargumenta for Nei til EU. Så for meg var det eit veldig enkelt val. I arbeidarrørsla og i AUF var det mange diskusjonar og vi var jo delt. Men det var mange AUF-arar som var nei til EU, og som jubla høgt den natta då det vart så klart fleirtal.   

– Og vi er veldig glad for at du er på neisida. Du har vore på kvinnekonferansen og songe songen. Vi veit at denne songen funkar, og vi som publikum får vere med å synge også. Så når folk ser den heime så oppmodar vi til å vere med å synge på «nananana», og lære seg teksten.  

– Korleis er den kreative prosessen din? Her vart du engasjert fordi du ville skrive til konferansen, men korleis brukar du å skrive tekstane dine?

Tove Bøygard kvinnekonferansen 2017
Tove Bøygard spelte på Nei til EUs kvinnekonferanse 2017

– Dei vert oftast trigga av eit engasjement. Eg har jo eit samfunnsengasjement i mange av tekstane mine. Eg har jobba gatenært i Oslo i mange år, og eg har henta mange historier frå sterke menneskemøte, og vil fortelje menneske sine historier. Samfunnsengasjementet mitt blir trigga av dagsaktualitetar, men det er tufta på ryggmargsrefleksen eg har frå det politiske engasjementet som vart vakt veldig tidleg. Engasjementet er igjen tufta på solidaritet og i sosialdemokratiet, på venstresida.  

– Då vil eg nemne ein song du song på kvinnekonferansen, Melea, som handlar om ein flyktning. Det er jo også ei sak vi opplever at EU ikkje har løyst på beste vis. Kan du fortelje litt om den songen?

– Den songen handlar om dei som kjem til landet vårt og som vi ikkje tek godt nok vare på. Akkurat denne songen vart inspirert av eit gammalt bilete som eg såg i Dagsavisen. Det var eit bilete frå Kristiania frå 1912. På dette biletet står det ei ung jente med langt skjørt og skaut og som held fram ein kopp. Eg skvatt, fordi dette liknar slik på jentene som sit med koppen sin nede på Grønland torg.

– På biletet frå 1912 heiter jenta Marie, og ho er symbolet på våre nære historie. Vi var eit fattig land, og ho står i suppekø med koppen sin. Ho kunne vore bestemor vår, så eg trur det er mange som kjenner mykje godheit for Marie, mens Melea på Grønland går vi forbi.

– Du syng om disse to damene og rører oss når du fortel om kva slags tilhøve mange av oss har til den eine, men ikkje til den andre som rekkjer fram koppen sin. Det viser noko om engasjementet ditt, og det traff oss veldig.

  • Sjå ein kort video frå samtalen mellom Kathrine Kleveland og Tove Bøygard her. Intervjuet held fram under. 

Alt handlar om folkestyre

– Er det andre EU-saker du har late deg provosere av oppgjennom?

– Det er jo stadig vekk enkeltsaker på så mange områder. Sjølv om vi ikkje er med i EU så er det ein del område der vi ikkje har fullstendig sjølvråderett lenger, spesielt i arbeidslivet. Eg synest det veldig skremmande med TiSA og disse handelsavtalane som blir laga i lukka rom, og vi veit ikkje heilt kva som skjer.

– Det er jo nettopp demokratiet som er det store problemet med EU. Veldig mange avgjerder vert ikkje eingong tekne av dei folkevalde i EU. Og når valdeltakinga er så låg som berre litt over 40 prosent, seier det veldig mykje. Eg tenkjer at lokaldemokrati og folkestyre, at ein kan vere med og styre der ein bur, det er veldig viktig. Dette er det viktig å kjempe for. Det gjennomsyrer alt og er heile grunnmuren i alt vi gjer.

– Det er også bakteppet for engasjementet i Nei til EU, fordi det er når vi kjenner på kroppen at her er det gjort avgjerder som ikkje vi ikkje har hatt høve til å påverke, det er då vi skjønar kor viktig det er å stå opp for folkestyre og demokratiet.

– I Nei til EU har vi alltid vore opptekne av kultur, og i aksjonen før folkerøystinga var det diktsamlingar, forfattarar, kunstnarar og artistar som bidrog, så du går fint inn i ei rekke av mange kjende artistar som har bidrege til vår organisasjon.

– Nei til EU er inkluderande

– Du har vore med på TiSA-demonstrasjon, på Nei2017 og på kvinnekonferansen. Korleis vil du utfordre Nei til EU?

– Eg må seie at eg synest Nei til EU er veldig inkluderande og raus. Det har eg opplevd i alle samanhengane eg har vore med.  Eg har følt ei slik hjartevarme, inkludering og rausheit som er veldig fin. Og slik må det også vere, fordi Nei til EU femner så mange.

– I Nei til EU er det veldig mange ulike partibakgrunnar, og sjølvsagt mange som ikkje har partibakgrunn, men ein samlast om hjartesakene.

– Det er godt å høyre at du har opplevd Nei til EU slik, for det er vi heilt avhengige av, som du seier.

Reiser rundt med den kulturelle skulesekken

– Vi skal vere ein beredskapsorganisasjon på EU-saka, og så er vi opptekne av EØS, der vi har litt ulike oppfatningar, men der fleirtalet vil ut av EØS. Men eg opplever at du som kunstnar og artist bidreg til å formidle ein bodskap som når hjarta våre, og tillegg til hovudet. Eg er veldig oppteken av at vi i Nei til EU-samanheng skal hugse å ha med kultur. Eg trur på kulturen for å formidle bodskapen på litt andre måtar. Det opplever vel du som reiser rundt som musikar på heiltid?

– Det er så viktig det du seier.  Eg har jo alltid hatt eit engasjement, og når ein er så heldig å få stå på ei scene og få bruke dette engasjementet til å røre menneske, og kanskje opne nokre hjartedører. Det har eg opplevd veldig mange gongar. Folk kjem bort til meg og seier at dei tenkjer annleis om dei sakene som songane mine handlar om.

– Du opptrer i mange samanhengar. Kan du fortelje litt om arbeidsvekene dine?

– Eit hjartebarn av alt eg gjer er å spele på ungdomsskular. Eg har gjort mange konsertar for Den kulturelle skulesekken i mange år, og reist rundt på ungdomsskular over heile landet. Då er tematikken rus, psykisk helse og mobbing. Det er ein viktig problematikk i den aldersgruppa.  

– Når du skal inn i ein gymsal med 300 ungdomsskuleelevar, så må du berre ta dei med ein gong. Der er det rett på og så må du halde taket. Det er ei veldig fin utfordring, kvar bidige konsert, uansett kor mange hundre konsertar ein har spelt.

Englar og bandittar

– Eg trur du gjorde det same då du var på kvinnekonferansen hjå oss sist også, for då tok du oss med ein einaste gong, og traff oss. Men du speler ikkje berre åleine. Er du ikkje med i eit dameband også?

– Jau, eg har eit fantastisk dameband som heiter Englar og bandittar. Vi starta opp for nokre år sidan i samband med 8. mars. Eg tenkte at når ein skal spele på 8. mars, må det vere eit reint dameband. Vi er fem superdyktige damer som synest det var så moro å spele saman at vi har halde fram. Vi kallar oss Englar og bandittar som eit symbol på at vi puttar alt mogleg inn i musikken vår. Der finn du alle sjangrar og det er ein regnboge av ulik musikk.

– Song og kultur har vore viktig i alle dei viktige kampane våre, likestillingskamp, Nei til EU-kamp, arbeidarkamp. Vi høyrer nesten for oss dei ulike songane frå dei ulike kampane, og no har du gjeve oss ein ny i Nei til EU, og det seier vi tusen takk for.

Stort bilde i toppen: Kathrine Kleveland og Tove Bøygard. (Eivind Formoe)

reLATERT

Se alle arrangementer

Rådsmøtet: – Vi sier ja til folkestyre!

20. april 2024

– For mange i Oslo er det veldig langt til makta i regjering og Storting. Men det er enda mye lenger til Brussel, sa Einar Frogner i åpningstalen på Nei til EUs rådsmøte.

Folkestyret er sterkt truet av EØS-avtalen  

18. april 2024

Det viktigste for Nei til EU er folkestyret. Avgjørelsene skal tas av folkevalgte organ. Etter to EØS-utredninger denne våren er det demokratiske underskuddet i EØS for oss tydeligere og tydeligere.  

Alternativet til EØS ligger foran oss 

11. april 2024

Vårt alternativ til EØS-avtalen vil styrke folkestyret og kontrollen over kraftmarkedet, arbeidsliv, næringspolitikk, helse og miljø. 

Sikkerhetspolitikk på 15 minutter

08. april 2024

På 15 minutter vil Heming Olaussen, medlem av Nei til EUs folkestyreutvalg, forklare hvorfor Norges sikkerhet best ivaretas utenfor EU, og uten tettere tilknytning til EUs militærunion.

Nei til EUs innspill til partienes valgprogram

05. april 2024

Nei til EUs innspill til partiprogrammene frem mot stortingsvalget i 2025

Kan EU erstatte Nato?

03. april 2024

En europeisk forsvarsgaranti er lite annet enn en ønskedrøm på ja-sida.

Norge har flere verktøy i landbrukspolitikken utenfor EU

19. mars 2024

Bondeopprør i EU viser hvor viktig det er at Norge og landbruket holdes utenfor EU

Vel møtt til årsmøte i ditt fylkeslag! 

22. feb. 2024

Nei til EUs fylkeslag er nå i gang med gjennomføring av årsmøter.  

Framtida er ikke i EU

13. feb. 2024

Aktivistene i Natur og ungdom har visst glemt at Norge hadde strengere miljøkrav enn EU før innlemmelsen av EØS-avtalen.

Eva Johanne Heir til minne

08. feb. 2024

Eva døde 21. januar seks dager før hun ville fylt 81 år, etter et langt liv i politikken og innsats i Oslo Nei til EU. 

Naturen taper på et mineralkappløp

26. jan. 2024

Så langt har ikke EØS-direktivene reddet Førdefjorden, slik miljøorganisasjonene satset på gjennom Fjordsøksmålet. Derimot pusher EU på for at Norge skal utvinne mer mineraler, og det raskt.

Informasjonskampanje om EU og EØS

21. des. 2023

Fylkeslaget i Møre og Romsdal starter informasjonskampanje.