Espen Barth Eide holder appell ved markering mot ACER foran Stortinget 27. februar 2018. 
CC BY-NC-SA Nei til EU | Eivind Formoe

Ap vil lure Stortinget igjen.

Gro Harlem Brundtland (Ap) lurte Stortinget til å gjera Noreg og det norske folk til ein husmannsplass og husmenn under EU gjennom EØS-avtalen.

Gro Harlem Brundtland (Ap) lurte Stortinget til å gjera  Noreg og det norske folk til ein husmannsplass og husmenn under EU gjennom EØS-avtalen. Overklassedama utan røter eller kjennskap til arbeidarrørsla nytta ålbogane til å arbeide for sterkast mogeleg tilknyting til EU(helst medlemsskap)  og eigen karriere. EØS-avtalen er blitt det som Gro Harlem Brundtland ville, å få Noreg sterkast mogeleg knytta til EU gjennom EU sitt regelverk og dermed direktivdiktat frå Brüssel.

EØS-avtalen har til no hatt dramatiske verknader for den norske samfunnsmodellen.

Stadige direktiv frå Brüssel og fri flyt av personar, kapital, varer og tenester har skapt mange  «Wild west» situasjonar innan arbeidslivet med sosial dumping, arbeidslivskriminalitet, korrupsjon og nedleggjing av seriøse verksemder, som fylgjer regelverket for norske løns- og arbeidsvilkår. Offentleg sektor med stat, fylkeskommunar og kommunar blir alle diktert frå Brüssel.

EU medlemskap var viktigare for Gro Harlem Brundtland enn Noreg, det norske folk, Grunnlova og sjølvråderetten.

Noreg hadde ein Handelsavtale med EU, ein tosidig avtale der EU og Noreg var likeverdige partar. Den er ikkje sagt opp  og kan difor takast fram, børstast  støv av , moderniserast  og erstatta EØS-avtalen. Sjølvråderett er sjølvsagt i eit fritt såkalla demokratisk land som Noreg er.

Det må vera noko ibuande mangel på respekt for folket og for landet i Ap bastionen. Det virkar som mykje dreier seg om ein indre maktkamp, trakassering, fortiingar og uklare fråsegner til velgjarane.

No vil Espen Barth Eide «ta opp hansken» etter Gro Harlem Brundtland og med sju krav til regjeringa  i samband med ei eventuell overføring av konroll og reguleringsmyndigheit  til ACER og EU. Dersom desse krava ikkje vert oppfylde, vil truleg Ap sei nei til noko ACER dominans av norsk energiproduksjon. Dette er eit spel for galleriet , som det heiter. Espen Barth Eide er som Gro Harlem Brundtland sterk tilhengjar av EU-medlemsskap.

Denne Ap strategien for å overføra meir av norsk sjølvråderett til EU avslører nok ein gong Ap si respektløysa ovanfor det norske folk samstundes som dei klårt viser både ei styringsvegring og eit ynskje om makt , for makta sin eigen del. Den katastrofale tilbakegongen på meiningsmålingane for Ap viser tydeleg at ferre og ferre har TILLIT til det partiet, som spela hovudrolla med å  byggje opp det velferdssamfunnet me har i Noreg.

Den avideologiske sentralleiinga i Ap, frå det å arbeide for fellesskap, velferd og solidaritet til i stigande grad å overføra styringa av landet til marknadskreftene har vore ein raud tråd i partiet frå Gro Harlem Brundtland og fram til i dag. I sak etter sak allierer partiet seg med Høgre.

Det «nye «partiet er blitt ein kopi av Tony Blair sitt New Labour i Storbritannia med sin NMP – new public management (ny offentleg leiing) styre  landet etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Jeremy Corbyn , som leier Labour i Storbritannia i dag, har sett galskapen i dei nedbrytande veknadene dette har for samfunnet.

Sentralleiinga i Ap synest ikkje å ha oppdaga dette. Kanskje har det med ståstaden til partileiaren å gjera? Trass i dette er det likevel eit gledeleg håp for partiet i horisonten.

Ungdomspartiet til Ap, AUF,  har vedtatt å gå mot det som vert kalla EU sin tredje energimarknadspakke og ACER. Leiaren, Mani Huseini, seier det slik; « Vi vil ha suverenitet over kraften. Den tilhører fellesskapet.» AUF leiaren seier vidare at spørsmålet om å bli ein del av ACER må røystast over i samsvar med § 115 i Grunnlova, som krev tre fjerdedelar fleirtal på Stortinget  for å overføra råderett av norsk eigedom til internasjonalt samarbeid.

Det er håp når ungdomen i Ap, dei som skal byggje landet vidare, ser klårare enn moderpartiet at fellesskapsverdiane og sjølvråderetten er mykje viktigare for Noreg og det norske folk enn på enno eit område å gjera oss alle til husmenn under EU.

Stort bilde i toppen: Espen Barth Eide holder appell ved markering mot ACER foran Stortinget 27. februar 2018. CC BY-NC-SA Nei til EU | Eivind Formoe (CC BY-NC-SA Nei til EU | Eivind Formoe)

reLATERT

Se alle arrangementer

Myndighetsoverføringen i Energipakke 4

25. sep. 2020

Professor Peter Ørebech gjennomgår i en ny betenkning den økte myndigheten som EUs energibyrå ACER får med Energipakke 4. En av konklusjonene er at det for norske myndigheter kun gjenstår «små rester av lovgivningsmakt».

Høring om Energipakke 4: Inngripende myndighetsoverføring

23. sep. 2020

Nei til EU mener EUs energipakke 4 griper inn i norsk samfunn og næringsliv på en måte som er både udemokratisk og uakseptabel, og krever derfor at regelverket ikke tas inn i EØS-avtalen.

Alle togruter på anbud?

21. sep. 2020

Et nei til EUs jernbanepakke 4 ivaretar norsk handlefrihet. Det gjør ikke et ja.

Høyesterett skal behandle ACER-saken i plenum

11. sep. 2020

Noen svært få rettsaker er så viktige og prinsipielle at vår høyeste domstol behandler dem i plenum, det vil si med alle dommerne samlet. Nå har Høyesterett bestemt at ACER-søksmålet er en slik sak.

ESAs angrep på arbeidslivet

03. sep. 2020

Det seriøse arbeidslivets viktigste bestemmelse angripes av EU og ESA.

EUs klimapolitikk og konsekvensene den har for Norge

31. aug. 2020

Fører EU en ambisiøs klimapolitikk? Er et norsk EU-medlemskap bra for klima? Ville vi kuttet mer utslipp uten EØS-avtalen? En ny klimarapport fra Nei til EU gir svar.

La ikke EU svekke genteknologiloven

21. aug. 2020

Norge har en rekke ganger avvist utsetting av GMO-er selv om de er godkjent i EU. Nå foreslår regjeringen endringer i genteknologiloven som vil strupe igjen unntaksmulighetene i EØS.

EØS, gagner ordninga Norge?

14. aug. 2020

EØS var klar i 1992. Ettersom ei folkeavstemming skulle si nei til medlemskap, skulle Norge være sikra tilgang til det indre markedet for de varene som handelsavtalen vår ikke omhandla. EØS ble betrakta som en handelsavtale til tross for at den bygger på EUs fire friheter om fri flyt av arbeidskraft, kapital, tjenester og varer.

Skyggeboksing om jernbanepolitikk  

14. aug. 2020

Valgkampen om jernbanepolitikken kan bli avlyst allerede i høst.

Oljemakta rår - litt til 

11. aug. 2020

Når oppdager de store investorene at satsing på fossil energi er en finansiell blindvei? 

Tvilsom EØS-agenda

03. aug. 2020

Tankesmia Agenda hevder at EØS-avtalens mange skadevirkninger kan nøytraliseres, bare politikerne er frampå og utnytter handlingsrommet. Hadde det bare vært så enkelt.

KrF må ta foreldreansvar for EØS-avtala!

28. juli 2020

Om ikkje partiet skal miste truverd, må KrF stå opp og kjempe for suverenitetsvernet og intensjonane som ligg bak EØS-avtala.