Norsk folkestyre og Ja-sidas EU-lyst

I Stortinget 22. mars: Regjeringsforslag om norsk tilslutting til EUs energibyrå/ACER.

Regjeringa har lagt fram forslag til behandling i Stortinget 22. mars om å innlemme Noreg i EUs energibyrå/ACER. Forslaget er av stor betydning for framtida for norsk næringsliv og for vanleg forbrukar. Det er eit stort ansvar som kviler på den enkelte stortingsrepresentant den 22. mars. Nei til EU advarar sterkt mot å stemme ja til regjeringa sitt forslag av følgjande grunnar:

Kva er EUs energibyrå/ACER?

ACER har som oppgåve å vedta, utøve og overvake nasjonale reguleringsstyresmakter og systemoperatørar i alle land som er tilslutta, (i Noreg er dette i dag lagt inn under NVE, Norges vassdrags- og energidirektorat og Statnett). Formålet er å sikre at EUs regelverk for elektrisitets- og gassmarknad vert gjennomført. Dette omfattar elektrisitet, gass og grensekryssande krafthandel.  ACER har vedtaksmakt på følgjande område:

  • Artikkel 7 gir ACER makt til å gjere vedtak om tekniske spørsmål. Det betyr at byrået bestemmer reglar for flyt av straum gjennom overføringskablane i landområda som er tilslutta ACER.
  • Artikkel 8 gir ACER makt til å avgjere saker der det er usemje mellom nasjonale organ og også der byrået sjølv meiner det er manglande tilgang til overføringskablar eller røyrsystem over landegrensene. For Noreg er Overvåkningsorganet ESA tiltenkt den formelle rolla å gjennomføre vedtak i direkte samsvar med forslag fra EU-byrået. 

ACER opnar for fri flyt av kraft innad mellom alle land som er tilslutta og byrået kan gripe inn i alle tilfelle der nasjonale tiltak virkar konkurranse-hemmande – dvs. bryt med EØS-reglane om «fri flyt». ACER skal avgjere kva veg straumen skal gå i kablane og overføringskapasiteten mellom landa.

Forsikringar frå regjeringa

Regjeringa framheld at norsk innlemming i ACER ikkje medfører soverføring av styringsmakt som krev vedtak etter Grunnlovas § 115 (tidlegare § 93). Denne paragrafen gir Stortinget høve til å overføre styringsmakt til internasjonale organisasjonar der Noreg er medlem dersom det er tre fjerdedels fleirtal for dette. Regjeringa foreslår å føre Prop. 4 S (2017-2018) gjennom i Stortinget utan at spørsmål om suverenitetsavståing vert behandla.

Regjeringas argument er at Grunnlovas § 115 ikkje er berørt fordi vedtak frå ACER via ESA skal vere retta mot nasjonale styresmakter (NVE), og ikkje private. Dei formulerer det slik at vedtak i ACER difor «kun skal ha en alminnelig folkerettslig virkning for Norge». Regjeringa vil difor etablere ein ny Reguleringsmyndigheit for energi (RME) som skal vere det norske organet som ESA, EU og ACER skal forhalde seg til. Dette RME skal vere heilt uavhengig av norsk politisk kontroll og skal ikkje kunne instruerast av nasjonale styresmakter, slik NVE og Statnett kan i dag. ACER skal gjere vedtak, sende til ESA som skal gjere same vedtak og sende vidare til det norske RME, som skal gjere same vedtak. På denne måten prøver regjeringa å lage ei ny transportrute for å omgå spørsmål om suverenitetsavståing etter Grunnlova §115.

Framvekst av EU-byrå med overnasjonal makt

Oppretting av organ av typen RME inngår i ei meir generell utvikling innad i EU. I EU vert aukande makt flytta bort frå EU-kommisjonen, som den norske kontakten i dag skal vere retta mot, og over til nyoppretta og overnasjonale EU-tilsyn og EU-byrå. I desse har Noreg ikkje fullt medlemskap på grunn av Grunnlova §115 som set hinder, og deltar difor utan røysterett. Nettopp for å omgå Grunnlova og for å oppnå full norsk tilslutting inn under EUs byrå, er det laga ein eigen konstruksjon der vedtak frå EU-byråa kan bli gjort gjeldande for Noreg gjennom EFTAs overvakingsorgan, ESA, fordi der er Noreg medlem. ESA er på serskilte saksfelt bunden til å gjere same vedtak som EU-byråa. I 2016 vart ein slik konstruksjon brukt for å knyte Noreg til EUs finanstilsyn. Det er nettopp denne strategien som no ligg innebygd i det aktuelle forslaget om å få Noreg tilslutta EUs energibyrå gjennom å opprette RME som eit nytt norsk vedtaksorgan, der RME skal stå utafor norske styresmakter men skal vere bunde av vedtak i ESA, som i sin tur er bunde av vedtak i EUs energibyrå. Det kan slik synast muleg å hoppe bukk over Grunnlovas §115 og norsk krav til folkestyre gjennom landets Storting.

Forsikringar frå Ja-sida

Også Ja-til-EU-mannen, Aps Espen Barth Eide, som er saksordførar for saka i Stortinget, prøver å omgå spørsmål om suverenitetsavståing. Hans forslag er å «stille krav» til EUs energiunion. Men motstandarane i Ap som kan saka, peikar på at hans forsøk på internt kompromiss i Ap forledar: Dei viser at hans forslag om krav om fortsatt eigarskap til norsk olje, gass og vasskraft er overflødige fordi ACER-saka ikkje handlar om eigedomsrett, men om sjølvråderett, det vil seie retten til suverent sjølv å bestemme kva den norske krafta skal brukast til. Dei peikar på at norske styresmakter ikkje beheld politisk styring når den blir utøvd via REM etter pålegg fra ESA og ACER.

Olje- og energiminister, Søviknes, seier på si side at Noreg har full nasjonal kontroll over energiressursane sjølv om landet blir medlem i ACER, fordi «ACER vil kun avgjøre i spørsmål der det det er tvister mellom land» (Klassekampen, 26.01.2018), så at ein kan ta det med ro så lenge Noreg er einig med EU. Hans forsikring er oppfatta som forsøk på «alternative fakta» og som rein omskriving av fakta.

Overføring av norsk styringsmakt

For den som ønskjer klar tale, er det avgjerande å lytte til landets fremste juridiske ekspertise, eksempelvis professor i rettsvitskap, Eivind Smith, som advarar mot regjeringas omgåing av Grunnlova §115 i denne saka. Han opplyser at eit organ som det foreslåtte RME er ein ny type juridisk konstruksjon som ikkje tidlegare er kjent i norsk forvalting. Det skal vere heilt uavhengig av politisk styring på eit vis som ikkje gjeld for noko anna uavhengig organ i forvaltinga og har diforr ikkje nokon tydeleg plass i norsk politisk styring.

Likeeins peikar landets fremste juridiske ekspertise på at Ja-mannen Barth Eides forslag til krav for å blidgjere motstandarar i Ap ikkje er muleg å innfri fordi norsk særordning vil kome til å utløyse tilsvarande eller andre krav frå Sverige, Finland, osv. Uforpliktende utsagn frå EU-parlamentarikarar kan formulerast men kan ikkje bli juridisk bindande for dagens eller framtidas EU.

Likeeins seier energiekspert og professor emeritus, Øystein Nordeng, at tilknyting til ACER er ingen god idé. Gjennom ACER kan EU tilta seg styringsmakt over maksimums- og minimumsprisar, produksjonsvolum og andre inngrep. EU har serleg behov for norsk vasskraft. Det er i Noregs interesse å kunne handle med heile Europa, inkludert Storbritannia.

No seinast kritiserer jussprofessor Hans Petter Graver den siste utredinga (av 01.03.2018) fra Justisdepartementets lovavdeling som berre gjentar regjeringas tidlegare argument om at vedtak frå ACER via ESA skal vere retta mot nasjonale styresmakter (NVE) og ikkje private og difor «kun skal ha en alminnelig folkerettslig virkning for Norge». Graver påpeikar at dette kun er «et rent formalistisk argument, som ikke kan være avgjørende i forhold til Grunnlovens § 115» (Klassekampen 01.03. 2018). Graver viser til at Eftas overvakningsorgan ESA skal kopiere avgjersler i EUs energibyrå ACER og pålegge det nye norske forvaltingsorganet RME å gjennomføre dei. Såleis kan ikkje Noreg slutte seg til eit byrå av typen ACER med mindre Stortinget gjer vedtak etter Grunnlova §115, som krev tre firedels fleirtal.

I klartekst betyr dette at regjeringas forslag medfører overføring av makt og kontroll bort frå norske styresmakter. Tilslutting til ACER gjennom ESA og RME er eit stig for å skaffe EU kontroll over infrastruktur, kablar og overføring, ikkje ved å eige, men gjennom å kontrollere bruk. ACER vedtar regler og overvakar at straumen flyt etter marknadsomsyn utan nasjonale omsyn. EUs konkurranseregler sler inn og forbyr å forfordele enkeltland.

Noreg er ein av verdas største energinasjonar

I dag er Noreg ein stor energinasjon, og etter Russland den viktigste leverandøren til EU av gass. Elektrisk kraft er den viktigste naturressursen i vårt land - viktigare enn fisk og olje. Elkraft gir grunnlag for lys og varme i alle hus og billig straum til produksjon og industri. Noreg har den største smelteverk-industrien i Europa og billig statskraft til all annan industri. Den kraftintensive industrien er basert på rein energi med stabilt gunstige kraftprisar. I tillegg er landet med i nordisk straum-marknad med overskot av kraft som gir låge prisar. Nasjonal kontroll over vasskrafta både har vore og er avgjerande for å byggje opp norsk industri, landets velstand og folkestyrd fordeling av velstanden.

Konsekvensen av å slutte seg til EUs energibyrå er alvorleg og tosidig: Først fordi det endrar rammene for norsk kraftintensiv industri som er bygd på stabil energitilførsel i form av stabilt gunstige kraftprisar. I Noreg utgjer dette meir enn 15.000 arbeidsplassar med i tillegg rundt rekna fire jobbar relatert til kvar enkelt av desse. Mange er hjørnesteinsbedrifter i mindre byar og tettstader. Verdiskapinga var på 223 milliarder kroner i 2016. Til dømes i Nord-Norge utgjer det opptil 600 arbeidsplassar i kvart av fylka Troms og Finnmark, i Nordland 2000. I Troms gjeld dette eksempelvis Ewos i Balsfjord og Finnfjordbotn Smelteverk. For Vestlandet utgjer kraftintensiv industri oppimot 1500 arbeidsplassar i kvart enkelt fylke (Statistisk Sentralbyrå, 2017). Eksempelvis har Karmøy, Årdal og Sunndal mellom 900 og 1000 arbeidsplassar kvar i denne typen hjørnesteinsbedrifter.

Å slutte seg til ACER gir endra konkurransevilkår for denne industrien fordi det medfører overføring av dyrare straum frå EU, som i tillegg er basert på kol og atomkraft. Difor advarar til dømes Fagforbundet «Industri og Energi» (LO), med 60.000 medlemar, mot norsk tilslutting til ACER fordi det fører til høgare straumprisar og avvikling av norsk kraftintensiv industri. I tillegg får tilslutting til ACER konsekvensar for den vanlege forbrukaren med høgare prisar på straum og nettleige regulert av EUs marknadsreglar.

Vilje til folkestyre

I to folkerøystingar har det norske folket sagt nei til norsk medlemskap i EU. Begge gongene var Ap delt og Høgre for. I siste folkerøysting (1994) var bl. a. Krf, Venstre og SP imot, mens FrP også hadde stor motstand blant sine medlemar. Folkerøystingane hadde som viktigste mål å sikre norsk sjølvråderett og folkevald politisk styring over landets naturressursar. Også denne gongen er det same utfording for det norske folket og for våre folkevalde representantar: Evnar me å seie nei til å gi frå oss ein klar rett til å styre over oss sjølv - denne gongen over bruken av vår viktigste naturressurs? Evnar me å sjå at den politiske konstruksjonen som regjeringa foreslår, innfører udemokratiske spelereglar som tar bort folkevald, politisk kontroll over vår viktigste naturressurs?

Saka gjeld store pengar. Mange kunne ønskje å råde over slike summar heller enn at norske folkevalde skal bestemme. Kva er det ved det norske folkestyret som er bedre for nasjonal og internasjonal solidaritet enn å delta i EUs maktorgan? Dette synest å vere ei gåte for EU- tilhengjarane. Det kan sjå ut som nokre ja-folk ventar og ventar og kjem igjen. Denne gongen tilslørt med «nytale» og «alternative fakta» om fordelane med å slutte Noreg til EUs reglar for energi-omsetting.

Demokrati og folkestyre er ikkje vunne ein gong for alle. Det må vaktast og kjempast for i no-tid. No gjeld det vår tid, våre verdiar og vår plikt til å stå vakt - denne gongen over råderetten over energiomsettinga, som er avgjerande for landets velstand og industri og for den folkestyrde fordelinga som serpregar vårt land. Det er å håpe at stortingsrepresentantar frå alle parti vaktar landets folkestyre den 22. mars.

reLATERT

Se alle arrangementer

Markerte Islands suverenitet mot ACER

04. des. 2018

1. desember var det 100 års jubileum for Islands suverenitet. Blant markeringene var et møte i Reykjavik mot å godta EUs tredje energipakke og ACER.

Island utsetter ACER-avgjørelse

23. nov. 2018

Den islandske regjeringen utsetter behandlingen av EUs tredje energimarkedspakke og ACER til våren, skriver Nationen. Energiministeren utelukker ikke ytterligere utsettelser.

Videoer fra "hvem styrer landene når markedet tar over"

20. nov. 2018

Stortinget må bruke vetoretten mot Jernbanepakke IV

12. nov. 2018

Uttalelse fra Nei til EUs landsmøte 2018: Uansett om man støtter jernbanereformen eller ikke, burde man kunne enes om at jernbanepolitikk er noe vi trenger demokratisk og nasjonal kontroll over.

Kraftsamling for nei-alliansen

09. nov. 2018

På Nei til EUs landsmøte møtes to hundre delegater, ansatte, gjester og representanter fra våre gode samarbeidsorganisasjoner. Audun Lysbakken, Per Olav Lundteigen og Bjørnar Moxnes hilset landsmøtet.

– Opplagt inngripende myndighetsoverføring

08. nov. 2018

– Det er nokså opplagt at vi ikke står overfor en lite inngripende overføring av myndighet, sier jussprofessor Hans Petter Graver.

Nei til EU saksøker Erna Solberg

07. nov. 2018

Nei til EU går nå til søksmål mot statsminister Erna Solberg om å ikke gjennomføre EUs energipakke 3 fordi stortingsvedtaket om norsk tilslutning til ACER er ugyldig.

Grunnlovens § 115 og ACER-saken

07. nov. 2018

Betenkning avgitt til Nei til EU av Hans Petter Graver, professor dr. juris Universitetet i Oslo

Peter Ørebech debatterte Acer på Island

01. nov. 2018

I oktober var jusprofessor Peter Ørebech fra Universitetet i Tromsø på Island, der han ble intervjuet av radio og TV, og holdt innledning på Universitetet.

Infrastrukturforordningen, NorthConnect og ICE-link

08. okt. 2018

Hva skjer om Island eller Norge nekter konsesjon til utenlandskablene? Et nei til kabler kan ikke begrunnes med at vi ønsker å holde strømprisen nede, det vil EU anse som diskriminering.

Organisasjonsbygging

20. sep. 2018

«En solid organisasjon i ryggen er avgjørende for å sette EU-saker på dagsorden», skriver generalsekretæren i sin nye faste spalte i Standpunkt.

EU sin tredje energimarkedspakkes innflytelse på det islandske energimarkeds karakter

05. sep. 2018