EU-tilhengarane skremmer med at fly ikkje får lande, folk vil ikkje få medisin og unge vil ikkje få reise, fortel Kate Hoey frå Labour Leave.
Britiske Kate Hoey er gjest på landsmøtet til Nei til EU. Hoey var sentral i brexit-kampanjen og er medlem av det britiske parlamentet for Labour.
– Ja-sida sitt Project fear var eit av dei største problema før folkerøystinga. Men det har gått veldig bra etter 2016. Arbeidsløysa har gått ned og investeringane har gått opp. No skremmer dei med at det ikkje vil lande fly i Storbritannia, vi får ikkje medisinar og unge får ikkje reise.
– Eg er ikkje pessimistisk enda. Eg er frustrert. Den britiske regjeringa har vore for snille med EU. Dei burde vore tøffare frå starten, seier Kate Hoey.
– Vi ville vinne tilbake kontrollen over lovene våre. Vi vil vere uavhengige. Det vil ikkje seie å at vi ikkje vil samarbeide eller at vi vil vende ryggen til andre, seier Hoey.
– Vil ikkje ha brexit berre i namnet
– No, over to år etter folkerøystinga, har vi kome til eit punkt der ein avtale må kome på plass. Eller kva ordning vi skal ha utan ei avtale. Problemet er at Storbritannia kan vere ute av EU formelt sett, men likevel inne, ved å vere underlagt EU-regelverk og framleis betale til EU.
– Vi burde ikkje ein gong tenkje på å betale pengar til EU før vi har ein avtale på plass.
Ny kampanje
Etter at folkerøystinga i 2016 enda med brexit, la EU-motstandarane ned kampanjen.
– Vi gjorde ein feil i Leave-kampanjen. Vi hadde vunne og vi trudde på demokratiet. Det vi oppdaga var at pengesterke krefter starta ei kampanje for å få til ei andre folkerøysting. Dei kallar kampanjen The peoples vote.
– Vi har starta kampanjen Leave means Leave. Vi meiner vi ville vinne igjen om det blir ei ny folkerøysting. Men vi vil ikkje ha ei andre folkerøysting. Folket har uttalt seg.
– Både dei konservative og Labour har i programmet sitt at dei skal respektere folkerøystinga. 80 prosent røysta på parti som vil ut av tollunionen og den indre marknaden.
– Dersom resultatet i folkerøystinga blir undergravd gjennom ei andre folkerøysting vil det føre til store problem med legitimiteten til demokratiet.
Stort bilete: Kathrine Kleveland og Kate Hoey under landsmøtet i Nei til EU. Foto: Eivind Formoe