
Nødbrems i kraftpolitikken
Er det mulig å lete fram et flertall i Stortinget for å gjenopprette kontroll over kraftmarkedet?
Meiningsmålinga vart utført frå 9. til 14. mars og spurte eit representativt utval på 1009 personar. På spørsmålet «Ønsker du at Norge skal bli med i ACER og slik sett bli en del av EUs energiunion?» var det altså berre 8,8 prosent som svarte ja. Eit klart fleirtal på 52,3 prosent svarte nei og 38,9 prosent visste ikkje.
Denne målinga stadfestar konklusjonane frå ei meiningsmåling utført av Sentio for Nei til EU i november.
Målinga viser også at berre eit lite mindretal aksepterer regjeringa sin føreslegne behandlingsmåte der Noreg vil bli tilslutta Acer med eit vanleg fleirtal i Stortinget.
Berre 10,8 prosent av dei spurte svarte nei på spørsmålet «Mener du at tilknytning til EUs energibyrå innebærer en suverenitetsavståelse som krever 3/4 flertall i Stortinget?». 41,7 prosent meinte at tilknytninga til Acer er ei slik suverenitetsavståing, og 47,5 prosent svarte «vet ikke».
75,3 prosent meinte at straumen bør sikre langsiktig rimeleg straum til vanlege norske forbrukarar og norsk industri.
Heile 75,3 prosent av dei spurte meinte at straumen bør brukes til å sikre langsiktig rimeleg straum til vanlege norske forbrukarar og norsk industri. Berre 8,9 prosent meinte at energiressursane bør brukes til det som gjev størst avkasting til ei kvar tid. 15,8 prosent svarte «vet ikke».
Spørsmålet var formulert slik: «Mener du norske energiressurser primært burde brukes til å sikre langsiktig rimelig strøm til vanlige norske forbrukere og norsk industri, eller bør den brukes til det som gir størst avkastning til enhver tid?».
Meiningsmålinga vart initiert av Isabell Dahl, og finansert gjennom pengeinnsamling.

Er det mulig å lete fram et flertall i Stortinget for å gjenopprette kontroll over kraftmarkedet?

Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte 12. april 2026.

Torsdag 26. mars var det seminar og fanemarkering om strømpriskrisa i Oslo.