Gå til hovedinnhold
Sindre Humberset

– Vi vil styre krafta vår sjølv!

19. des. 2017
Norsk EU-debatt
Energi og naturressurser
EØS
ESA
Meningsmåling
Ei ny meiningsmåling viser at det norske folket seier eit klart nei til å underlegge norsk kraft under EU.

Meiningsmålinga, utført av Sentio for Nei til EU i november, viser at 44 prosent av dei spurte ikkje støttar at overvakingsorganet ESA på vegne av EUs energibyrå skal treffe vedtak om norsk straum og kraft. Berre 18 prosent av dei spurte støttar denne overføringa av suverenitet. Ein stor del av dei spurte, 38 prosent, veit ikkje om dei støttar ei slik suverenitetsoverføring.

Spørsmålet: «Overvåkingsorganet ESA i Brussel skal på vegne av EUs energibyrå treffe bindende vedtak om norsk strøm og kraft. Støtter du at Norge knytter seg til dette?»
Spørsmålet: «Overvåkingsorganet ESA i Brussel skal på vegne av EUs energibyrå treffe bindende vedtak om norsk strøm og kraft. Støtter du at Norge knytter seg til dette?»
(Kilde: Sentiomåling, november 2017)

Stor motstand i Frp

Det er fleirtal mot maktoverføring til EUs energibyrå i alle parti, men sterkast er motstanden i Frp, Raudt og Senterpartiet.

– Berre 12 prosent av Frp sine veljarar støttar tilslutting til EUs energibyrå, noko som må vere ei tankevekkjar for olje- og energiminister Terje Søviknes, som har sendt forslaget til Stortinget, seier Kathrine Kleveland, leiar i Nei til EU.

Meiningsmålinga viser at det også er fleirtal mot tilslutting til EUs energibyrå blant dei som svarer at dei støttar EØS-avtalen. Den einaste gruppa som er for å avgje suverenitet er EU-tilhengarane.

Kontroll over arvesølvet

Nei til EU tek framlegget om overføring av kontrollen over kraftsektoren svært alvorleg og mobiliserer til kampanje mot suverenitetsavståinga.

– Vi snakkar om å avgje kontrollen over vår viktigaste evigvarande ressurs, fossefalla. Vi snakkar om ein føresetnad for norsk industri. Vi snakkar om straumpris og forsyning i eit kaldt langstrakt land. Vi snakkar rett og slett om arvesølvet vårt, seier Kathrine Kleveland.

– Nei til EU er uroa for at ei tilknyting til Acer er første steg til å skli inn i EUs energiunion.

– Nei til EU krev at Stortinget respekterer Grunnlova og handsamar regjeringa sitt forslag etter paragraf 115 om suverenitetsavståing, som føreset tre fjerdedels fleirtal for vedtak.

Regjeringa vil innføre EUs tredje energimarknadspakke i EØS og legge Noreg under EUs energibyrå Acer via overvakningsorganet ESA. Forslaget vart sendt til Stortinget i november og skal handsamast i februar og mars.

EU har gjeve energibyrået Acer i Slovenia makt til å handheve og gjere vedtak som grip inn i nasjonal styring og kontroll i medlemslanda. Acer skal overvake både nasjonale reguleringsstyremakter og systemoperatørar i EU-landene, tilsvarende Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statnett.

Regjeringa sitt framlegg går ut på å dele NVE og skilje ut eit reguleringsorgan (RME) uavhengig av norsk politisk styring. På den måten kan EU regulere og bestemme over energipolitikken vår gjennom overvåkingsorganet ESA.

RME skal vere heilt uavhengig frå nasjonale styresmakter. Regjeringa legg opp til å bruke same systemet som dei brukte då dei ga frå seg suverenitet til EUs finanstilsyn. Acer eller EU-kommisjonen gjer sine vedtak og sender dei over til overvakingsorganet ESA. ESA gjer same vedtak og sender dette til RME, som også gjer same vedtak. Slik vert RME Acer sitt verktøy i Noreg, heilt fritt for nasjonal politisk styring.

Relatert

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

03. juli 2026

Igjen og igjen opplever me at meiningane våre vert kasta vrak på både i presse og media. Styret i Hordaland Nei til EU har mange medlemer som er glade i å ytra seg om kampsakene våre. Me sender lesarinnlegg både som sjølvstendige innlegg og som svar på andre sine innlegg. Me sender fakta der ja-sida har servert udokumenterte påstandar. T.d. i saker som omhandlar Brexit, peikar me på manglande dokumentasjon frå ja-sida, og me tilbyr nettopp det, faktabasert informasjon. Me kan lura på kvifor presse og media synes å vera interesserte i å støtta opp under feil-informasjon. I BT 29.6.26 kjem Morten Myksvoll med eit innlegg som osar av skremselspropaganda. Me er nær undergangen om me ikkje tenkjer medlemskap i samband med at Island vurderer dette. Me står utanfor, me er ein stat utan makt, me er utrygge osv. Det er ikkje måte på kva som vil henda oss om me no ikkje går inn i unionen. Eit svarinnlegg på dette var det ikkje plass til i BT. Då eg la innlegget ut som ein kommentar, ser eg at moderator har fjerna det. Er den frie pressa ein myte? Skal det vera slik at meiningsytringar som ikkje fell i smak hos redaktøren, berre skal neglisjerast? Eg publiserer her innlegget mitt, eit innlegg som haltar litt fordi Myksvoll sitt innlegg ikkje vert publisert samstundes. Dette kan ein sjå ved å gå inn på bt.no.