Erna Solberg på Høgre sitt landsmøte i 2025. Landsmøtet vedtok at partiet skal «arbeide aktivt for et fullverdig medlemskap i EU».

Køyr debatt, Nei til EU er klare  

Vi merkar oss at Høgre vil ha raske EU-forhandlingar og EU-medlemskap. Nei til EU sitt svar er: Køyr debatt, vi er klare.

Vi står på folket si side, for folkestyre og solidaritet, mot marknadsstyring og byråkrati. 

Høgre sitt landsmøte vedtok at partiet skal «arbeide aktivt for et fullverdig medlemskap i EU». I eit intervju med Dag og Tid 28. mars brukar Michael Tetzschner, ein av pådrivarane for programformuleringa, tryggleik som argument for eit snarleg EU-medlemskap. 

Dei siste månadene har likevel tydeleg vist at svaret på den nye tryggingspolitiske situasjonen ligg utanfor EU. Fleire utspel frå USAs president Donald Trump har sådd tvil om amerikanske tryggingsgarantiar. Andre vestlege leiarar har av den grunn byrja å førebu seg på ei framtid der dei ikkje lenger vil vere like avhengige av USA. EU gjev ikkje eit tilstrekkeleg og meiningsfullt svar på utfordringane. 

EU har ikkje nokon tryggingspolitisk struktur. Ein forsvarspolitisk integrasjon, til dømes i form av ein eigen EU-hær, ville krevje ei tydeleg føderalisering av ein allereie svært overnasjonal og udemokratisk union, noko som er særs omstridt. 

Frankrikes president Emmanuel Macron har søkt løysingar utanfor Brussel, og det med god grunn. Saman med Storbritannias statsminister Keir Starmer har han leia ei konsolidering av vestlege allierte. Her er ikkje berre Storbritannia med, men også land som Noreg, Island og Canada. Ingen av desse landa er som kjent med i EU. 

I det breiare europeiske samarbeidet står Noreg trygt saman med land som er våre allierte. Med vår plassering og strategiske interesser, er det naturleg særleg å søke samarbeid i Norden og Nord-Europa, der Storbritannia utanfor EU er ei sentral forsvarsmakt. På sjølvstendig grunnlag har Noreg eit samarbeid med EU, og inngjekk i fjor ein ny forsvarsavtale med EU. Spørsmålet om EU-medlemskap framstår difor som ei avsporing i ein viktig tryggingspolitisk debatt, der historiske og tette band med våre allierte er det avgjerande. 

Tetzschner seier han ikkje ser nokon føremoner ved å vere utanfor EU, og meiner vi har nasjonal råderett over «nesten ingenting i Noreg no». Det er liten tvil om at EØS-avtalen, som Tetzschner er for, gjev EU for mykje makt i Noreg, men det vert ingen sakleg debatt utan å erkjenne dei viktige politikkområda som er utanfor EØS. Til dømes har Noreg framleis råderett i landbrukspolitikken og over fiskeressursane. Ikkje minst har vi ein eigen pengepolitikk og valuta, medan EU sin pengeunion har vist seg å vere ei tvangstrøye for mange av eurolanda. Vi kan i staden føre ein økonomisk politikk tilpassa norske konjunkturar, som blant anna har bidratt til høgare sysselsetting. 

Tetzschner ser ut til å ha avgrensa tru på støtte i folket for sitt EU-prosjekt. Det er kanskje ikkje så rart etter 20 år med samanhengande nei-fleirtal på meiningsmålingane. Tetzschner medgjev: «Eg er ikkje tilhengjar av folkerøystingar», og seier at Stortinget heller burde avgjere dette. Maken til elitistisk tenking skal ein leite lenge etter. Er også dette Høgre sin politikk, at Stortinget burde avgjere EU-saka utan å spørje befolkninga? 

Auka temperatur i EU-debatten gjer at medlemmene strøymer til Nei til EU. Berre i løpet av eit par dagar etter Høgre sitt landsmøte kom det nesten 100 nye medlemmer. Velkommen til EU-kamp, Høgre. Folket og Nei til EU er klare. 

Innlegget har stått på trykk i Dag og Tid 11. april 2025. 

Stort bilde i toppen: Erna Solberg på Høgre sitt landsmøte i 2025. Landsmøtet vedtok at partiet skal «arbeide aktivt for et fullverdig medlemskap i EU». (Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen/Høgre)

reLATERT

Se alle arrangementer

Vil ikke bukke, nikke og neie for EU

02. des. 2025

– Vi har alt å tjene på godt samarbeid med våre naboland. Men vi har ikke noe å tjene på at det skal gå automatikk i at det som bestemmes i Brussel skal alltid godtas i det norske Stortinget, fastslo Senterparti-leder Trygve Slagsvold Vedum i EU/EØS-debatten.

31 år siden EU-neiet i folkeavstemninga – Gratulerer! 

28. nov. 2025

Motstanden mot EU og EØS øker, viser to nye meningsmålinger som kom rett før 31-årsdagen for folkeavstemningen i 1994. 

Lundteigen – her er mitt politiske liv

24. nov. 2025

Lundteigen har til sammen vært folkevalgt på Stortinget i seks perioder, denne høsten gikk han av som stortingsrepresentant.

Et EU-kritisk storting må sette foten ned mot EU-tilpasning på tvers av nasjonale interesser

11. nov. 2025

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 9. november 2025.

Esa eser ut

10. nov. 2025

EØS-tilsynet Esa vil overstyre jernbanen i Norge og regjeringen vil øke Esas budsjett med mange millioner. Begge deler er lite lurt.

En økt EU-debatt gir oss mulighet til å fronte vårt syn

08. nov. 2025

Nei til EU er samla til rådsmøte på Klekken hotell. Rådsmøtet er det høyeste organet mellom landsmøtene og samler representanter fra alle fylkeslag og direktevalgte representanter.

Er euro valgfritt?

04. nov. 2025

Nye medlemsland i EU er pålagt å innføre euro med felles pengepolitikk.

Vett 2 2025 Krone eller euro?

29. okt. 2025

Vett 2 2025 undersøker virkningen av euroen i medlemslandene, og viser hvorfor det passer dårlig for Norge å erstatte krone med euro. Her kan du også lese om hvordan vi best møter trusler om toll.

Ikke kutt i støtten til EU-opplysning

16. okt. 2025

EU- og EØS-debatten har blusset opp de siste årene, samtidig foreslår regjeringen kutt i støtten til EU-opplysning.

Stortinget sier nei til å innføre resten av EUs fjerde energipakke

15. okt. 2025

Et stort flertall på Stortinget har sagt nei til å innføre ytterligere ett direktiv og fire forordninger i EUs fjerde energipakke. Regjeringen bør nå legge ned veto.

Oslo's new parliament - what will flashpoints with EU be?

02. okt. 2025

Norway’s relationship to the EU will in particular be controversial on matters related to tariffs, labour rights and the electricity market.

– EU-medlemskap kan ikke erstatte Nato

02. okt. 2025

– EU er blitt en viktigere sikkerhetspolitisk aktør, men det er ikke da sånn som mange liker å fremstille det et alternativ å erstatte NATO med EU, sier Øystein Tunsjø.