.jpg?quality=100)
Står norsk landbruk og næringsmiddelindustri for fall?
Årsmøtet i Sarpsborg Nei til EU den 10. februar vedtok en uttalelse: Står norsk landbruk og næringsmiddelindustri for fall?

Landbruket i Noreg skulle i si tid haldast utanfor da EØS-avtala vart inngått, men ein ser no at det er spesielt på tre område at landbruket i Noreg og blir påverka av EØS. Desse områda er:
Dette ynskjer ikkje Nei til EU skal fortsette. Noreg må styre landbrukspolitikken slik avtala var!
Nei til EU ynskjer ikkje å vera med på meire bruk av antibiotika, og kasting av meire egg som fylgje av dei nye reglane som er til revidering i EU. At dei nye reglane for antibiotikabruk vil gjera at fleire land brukar mindre, er vel og bra, men at vi her må fylgje EU sine reglar slavisk gjer at vi da må bruke både meire antibiotika, og over lengre tid. Dette kan vi ikkje godta. Med eit landbruk som leverer den reinaste maten i verda skal vi verne om det!
Like eins ser vi kor feil det blir at vi skal fylgje reglane om haldbarheit på egg. Når vi skal ha same lengde som land som slit med salmonella, medan vi her i Noreg ikkje har den utfordringa. Det gjer at vi kjem til å måtte kaste fullt brukbare egg, noko som ikkje er bra verken for miljøet eller mattryggleiken.
Import av landbruksvarer frå EU har over tid skote i veret. Artikkel 19 i EØS-avtala seier at Norge og EU skal gjennomgå handelen med landbruksvarer annakvart år. Dette har konsekvent ført til at handelsutviklinga går til EUs fordel. Denne importen går utover norsk matproduksjon og foredlingsindustri. Nei til EU krev at det som måtte vera av handlingsrom i EØS-avtala brukast til å endre på dette.
EUs frie flyt av arbeidskraft skaper sosial dumping i arbeidslivet inkludert landbruket. I Nei til EU står bønder og arbeidarar saman om anstendige arbeidsvilkår i matproduksjonen.
Auka matvareberedskap og matsuverenitet, slik at den norske bonden kan få produsere mest mogleg mat på ressursar som er tilpassa naturgrunnlaget, er eit viktig mål. Å ha rett og plikt til å produsere mat for befolkninga er ein viktig verdi. Spesielt i verdssamanheng, noko som blir understreka av FN si bekymring for framtidig forsyning av mat i verdssamfunnet.
.jpg?quality=100)
Årsmøtet i Sarpsborg Nei til EU den 10. februar vedtok en uttalelse: Står norsk landbruk og næringsmiddelindustri for fall?

Høringsuttalelse fra Nei til EU vedrørende forslag til ny forordning om retningslinjer for transeuropeisk energiinfrastruktur og endringsdirektiv om effektiviserte konsesjonsprosedyrer
EU vedtok i 2024 et nytt direktiv som gjaldt energiforbruk i bygninger. Regjeringen har signalisert at de vil ha det inn i EØS avtalen. Det er derfor blitt sendt ut på høring.
Akershus Nei til EU har sendt inn et høringssvar som er kritisk til direktivet og hevder at vi heller må revidere norske regler og forskrifter, da forholdene er annerledes i Norge enn i europeiske land. Direktivet kan føre til store kostnader for vanlige folk og for bedrifter. Vi må heller oppnå energisparing ved å gi støtte og veiledning.