
Nett mot natur
Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
Me som ikkje er unionistar og som set pris på å bu i eit, enn så lenge, sjølvstendig land, kan slå fast at hovudargumenta våre for å seia nei til unionen framleis er høgst aktuelle. Hadde me no vore medlemer av unionen, hadde me ikkje hatt val, direktivet hadde vore på plass for lengst. Dei som trur at me med eit unionsmedlemskap og vår om lag 1% innverknad på politiske vedtak i unionen kunne ha påverka den politiske prosessen, er sikkert dei same som trur på julenissen. Begge deler er like usannsynlege.
Me vil og ha ein annan avtale med unionen enn EØS-avtalen fordi me ser at EØS-avtalen fungerer slik me lenge har hevda: den er ikkje ein avtale mellom likeverdige partar, og den er langt frå å berre vera ein handelsavtale. EØS-avtalen gjer at Norge som land taper suverenitet og verdiar som folkestyre og demokrati.
Kampen for å ta vare på landet vårt som ein sjølvstendig nasjon, fullt ut i stand til å ta eigne avgjerder som vedkjem både eige land og samkvemmet med resten av verda, vil halda fram. Me meinar faktisk noko så opplagt som at eigne folkevalde meistrar den oppgåva folket har gjeve dei. Å springa til Brussel for å nærast trygla om overnasjonal styring, er å grovt undervurdera eigne styresmakter. Og det som verre er, det er og eit tydeleg signal om kvar dei ønskjer at makta skal vera: hos ikkje-folkevalde organ og kapitalsterke lobbyistar.
Toril Mongstad, 5. mai 2024

Det grønne skiftet sporer av når EU-kommisjonen vil forby landene å opprette nasjonalparker.
.jpg?quality=100)
Full tilknytning til EUs tollunion vil sette 80.000 arbeidsplasser over hele landet i spill, skriver Morten Harper.

Selv om det er mulig for Norge å bli en del av EUs tollunion, også uten å være EU-medlem, er gevinsten usikker og ulempene betydelige, skriver Morten Harper.