Nei til EU fekk Høgsteretts støtte for at Stortingets vedtak om å legga Norge under ACER kan prøvast for retten. Det betyr at realitetsbehandlinga av stortingsvedtaket vil begynna i Oslo tingrett ein gong seinare i år.
Høgsteretts fleirtal avviste regjeringsadvokatens påstand om at Nei til EU ikkje hadde høve til å føra ei slik sak. Høgsterett la særleg vekt på at det har stor samfunnsmessig interese å få avklart når Grunnlovens § 115 må anvendast, og når ein kan nøya seg med å følgja § 26 andre ledd.
Det er ingen usemje om at Stortingets vedtak innebar å avgi myndighet til eit overnasjonalt organ. Regjeringsadvokaten hevda at overføringa skjedde på eit «lite inngripande» område, og at ein derfor ikkje treng oppfylla dei strenge krava i Grl. § 115. Høgsterett viser til at det ikkje er avklara når ein kan overføra myndighet utan å følgja krava i Grl. § 115. Dette er «konsitusjonelle spørsmål av stor betydning,» står det i Høgsteretts fleirtalsinnstilling. «Myndighetsoverføring til internasjonale organer, ikke minst i sammenheng med EØS-samarbeidet, er et aktuelt og tilbakevendende spørsmål,» skriv dei òg. «En dom som bidrar til å avklare gernsen mellom Grunnovens § 26 andre ledd og § 115, vil være retningsgivende for fremtidige saker.»
Høgsterett siterer også dommen frå klimasøksmålet, då Høgsterett slo fast at «domstolane skal kunne setja grenser også for eit politisk fleirtal når det er tale om å verne grunnlovsfesta verdiar». Grunlovens § 115 er meint som eit vern for mindretalet: overføring av nasjonal suverenitet skal bare skje ved nærmare presisert kvalifisert fleirtal. Då kan det ikkje vera opp til eit tilfeldig fleirtal i Stortinget å setta dette grunnlovsvernet til side på vilkårleg grunnlag, eventuelt med eit fleirtal på éin stemme. «Hvis domstolene aldri kunne kontrollere dette, ville det være opp til et alminnelig flertall i Stortinget å avgjøre om det er nødvendig med tilslutning fra et kvalifisert flertall,» står det i dommen.
Samtidig presiserer dommen at dersom Nei til EU vinn fram i rettssakene som vil komma, inneber det at stortingsvedtaket var grunnlovsstridig, men kva praktiske konsekvensar det må få, må Stortinget sjølv vurdera. «Hvilke virkninger dette skal ha, må Stortinget og regjeringen selv ta stilling til,» slår Høgsteretts fleirtal fast. Det kan i så fall skje tidlegast neste år, i alle fall etter valet i haust. Det gjer haustens stortingsval endå viktigare.
Høgsterett vedtok òg at Nei til EU får dekt sakskostnader på nær 2 millionar. Det kjem godt med når realitetsbehandlinga av saka startar i Oslo tingrett. Me må då rekna med at saka vil gå gjennom heile rettssystemet på nytt, og til slutt enda med realitetsavgjerd i Høgsterett, kanskje ein gong i 2022. Det blir ikkje billeg, men denne saka aktar me å vinna fram med.
Stort bilde i toppen: Nei til EUs advokat Kjell Brygfjeld prosederer i ACER-saken for Høyesterett 13. januar 2021.