– Tussete å motarbeide ein god brexit-avtale

Norske EU-tilhengarar åtvarar EU mot å gje britane ein god avtale. – Det er heilt vanvitig. Vi burde heie på britane, seier Sigbjørn Gjelsvik. Ein endeleg brexit-avtale skal vere klar mot slutten av 2018.

I april var Sigbjørn Gjelsvik, stortingsrepresentant for Senterpartiet og tidlegare leiar i Nei til EU, med EFTA- og EØS-delegasjonen i Stortinget i London. Der var også stortingskollega Heidi Nordby Lunde (H) med. Ho er leiar i Europabevegelsen. Den norske delegasjonen møtte brexit-komitéen i Underhuset.

10 Sigbjørn Gjelsvik rådsmøtet 2018
Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Gjelsvik er oppteken av at britane skal få ein så god avtale med EU som mogleg, men Heidi Nordby Lunde meiner derimot at britane må anten få ein dårligare eller like god avtale som EØS etter brexit.

– Jeg er opptatt av norske, nasjonale interesser i EFTA og EØS, mens Senterpartiet ukritisk åpner døra for britene, sa Nordby Lunde til ABC Nyheter 9. april.

– Begynner EU å gi konsesjoner til Storbritannia, som andre ikke får, kan det skape splittelse i EU. For det er sikkert andre land som har krav fra egen befolkning om liknende goder, sa ho.

– Og for oss som EØS-land kunne det få samme virkning. Hvis britene får noe som oppfattes som gunstigere vilkår, vil EØS-land kreve det samme. På den annen side er det ikke sikkert at det britene oppfatter som en bedre avtale, fortoner seg som bedre for oss, heldt ho fram til avisa.

– Dersom britane får ein betre avtale med EU enn EØS, vil det vere eit høve for Noreg til å få ei betre løysing. Det er heilt tussete av norske politikarar å motarbeide det.
Sigbjørn Gjelsvik

Sigbjørn Gjelsvik innleidde om brexit på Nei til EUs rådsmøte 7. april.

– Dersom britane får ein betre avtale med EU enn EØS, vil det vere eit høve for Noreg til å få ei betre løysing. Det er heilt tussete av norske politikarar å motarbeide det, sa Gjelsvik.

– Norske EU-tilhengarar åtvarar EU om at britane ikkje må få ein betre avtale med EU enn EØS. Det er det reine vanvit. Vi burde heie på britane. Dei er eit viktig land for oss, ein alliert som vi eksporterer til og som vi deler hav med. Vi burde styrke samarbeidet, men så blir vi i staden oppfatta slik, sa han.

Brexit og EØS

10 helle_hagenau_oktober_2014
Helle Hagenau

Leiar i internasjonalt utval i Nei til EU, Helle Hagenau, innleidde også om brexit på rådsmøtet. Ho er oppteken av at brexit vil vere viktig i den norske EØS-debatten.

– Brexit har gjort det mogleg å diskutere EØS-avtalen på nytt i Noreg. Acer-debatten har flytta EØS-saka vidare, men det var folkerøystinga i Storbritannia som var det første steget, sa ho.

Sigbjørn Gjelsvik meiner dei norske EØS-tilhengarane ser på brexit med stor uro.

– Dersom Noreg skal kome ut av EØS, må det skje noko utanfor landet som gjev moment til debatten. Brexit er ei slik sak.

– Brexit kan vere med på å opne debatten, men det vil verte ein tøffare diskusjon om EØS dei næraste månadane. Statsminister Erna Solberg seier at EØS-tilhengarane må verte tøffare i forsvaret av avtalen. Dei opplevde Acer-kampen som ein kamp om heile EØS-avtalen, sa Gjelsvik.

– EØS-kampen vil hardne til, og då må vi vere enda betre budde på den grunnleggjande argumentasjonen om EØS.

– Noreg er også eit viktig land for Storbritannia. Og vil vere det i framtida, med mindre vi vel å snu ryggen til dei. Nei til EU bør også diskutere korleis vi skal samarbeide med Storbritannia når dei går ut av EU.

– Frå norsk side har ein vore for lite flinke til å bygge kontaktar og utnytte moglegheitene som opnar seg når dei går ut. Det er viktig at vi held fram med å bygge kontaktar i Storbritannia.

Handelsavtale eller EØS

Det er no snart to år sidan folkerøystinga 23. juni 2016, over eitt år sidan artikkel 50 vart utløyst 29. mars 2017 og mindre enn eitt år att til «Brexit Day» 29. mars 2019. Det er framleis svært uklart kva slags avtale Storbritannia vil få med EU.

– Det er heilt klart at brexit kjem til å skje. Dei diskuterer ikkje om brexit skal skje, men korleis det skal skje. Det er ein viktig milepæl i seg sjølv, sa Sigbjørn Gjelsvik.

– Britane går inn i forhandlingane med målet om å vinne tilbake nasjonal råderett. Vi veit ikkje kva avtalen dei kjem fram til vil vere, men det kan opne seg eit rom for å vinne tilbake meir sjølvråderett.

– Ein komite i underhuset har kome til at dersom arbeidet med å få til ein omfattande handelsavtale ikkje fører fram, kan Efta eller EØS vere eit alternativ.

Helle Hagenau meiner det er vanskeleg å sjå kva slags avtale det blir, men ho trur det vert ei form for handelsavtale.

– Endeleg avtale skal kome i oktober-november 2018. Eg har heile tida trudd det blir ein avtale. Begge sider har interesse av at det blir ein avtale.

– Både Labour og det konservative partiet seier at resultatet frå folkerøystinga skal respekterast. Dei er også samde om at det ikkje vert noka ny folkerøysting, og dei er samde om at Storbritannia ikkje skal vere med i EØS.

– I begge parlamentsgruppene er det grupper som er anti-brexit. Anten fordi dei er for EU eller fordi dei er tilhengjarar av britisk deltaking i den indre marknaden. Dette er eit lite mindretal hjå dei konservative og eit noko større mindretal i Labour. Men Jeremy Corbyn har etter kvart god kontroll på sitt parti, heldt ho fram.

– Eg tippar at eit fleirtal av Labour si gruppe vil røyste for avtalen, sidan dei har lovd dei skal respektere folkerøystinga.

– Ein endeleg avtale skal røystast over i parlamentet. Kva skjer om avtalen blir røysta ned? Mitt tips er at regjeringa går av og at det blir skrive ut nyval.

Stort bilete: I påvente av brexit gjer Storbritannia tilnærmingar til andre viktige handelspartnerar. På biletet frå eit møte i London i april talar statsminister Theresa May til regjeringssjefane frå Commonwealth-landa. Foto: Number 10

reLATERT

Se alle arrangementer

Sverige: Devaluering av demokratiet

10. feb. 2025

Mens Norge sa nei, ble Sverige medlem i EU fra januar 1995. Hva er svenske erfaringer med 30 års EU-medlemskap?

Stille i styrehuset

13. jan. 2025

EUs styringssvikt kan gi uante følger for Europas parlamentariske demokratier.

Islandssuget

06. jan. 2025

Kan valget på Island få konsekvenser for Norges forhold til EU?

Ti bud for et nytt nei

05. des. 2024

I 94 var nei-sidens kjerneargumenter miljø, solidaritet og folkestyre. Finnes det fortsatt gode, grønne og solidariske argumenter mot norsk EU-medlemskap?

Aprilsnarr i januar  

02. des. 2024

EU må kunne sies å være på nedtur – og rystes av de nye høyrepartiene.  Jeg synes derfor at påstanden om «det sosiale EU» som aprilsnarr er en god metafor. 

Norge som sjølstendig stemme i verdenssamfunnet 

26. nov. 2024

Utenfor EU og EØS har Norge en friere stemme som kan brukes uten å hemmes av stormaktenes interesser.

Flertallet fikk rett

25. nov. 2024

Vi stemte nei til EU-medlemskap, men hva skjedde med folkestyre, miljø og solidaritet?

Demokrati, menneskerettigheter, sikkerhet og rettsstat i Europa

21. nov. 2024

Innspill fra Nei til EU til melding til Stortinget om demokrati i Europa.  

Vett 2 2024 EU er ikke all verden

01. nov. 2024

30 år etter at flertallet sa nei til norsk EU-medlemskap i folkeavstemningen 28. november 1994, undersøker dette Vett-heftet EUs politikk i dag på viktige internasjonale spørsmål. Verden er fortsatt større enn EU.

Et dansk blikk på EUs militære ambisjoner

28. okt. 2024

Valgresultatet til EU-parlamentet kommer ikke til å påvirke forsvarspolitikken i særlig grad. Dette er fordi EU-parlamentet faktisk ikke har noen direkte innflytelse på EUs forsvarspolitikk.

Fred uten folkestyre?

28. okt. 2024

Norge har et omfattende internasjonalt samarbeid om sikkerhet, også med EU. I en urolig verden har Norge utenfor EU bedre forutsetninger for å bidra til fred og forsoning.

EU taper konkurransekraft

28. okt. 2024

EUs økonomiske styrke har blitt dramatisk svekket i forhold til Kina og USA. Mottiltakene som lanseres vil svekke folkestyre og handlingsrom.