– Vi kan få brexit utan avtale til å fungere

Storbritannia inn i EØS vil vere sklibrett tilbake i EU. Brexit basert på WTO-regelverket kan faktisk ende opp med å verte ein brexit som lova, meiner Lee Rotherham, direktør for tankesmia The Red Cell.

Forhandlingane mellom Storbritannia og EU om brexit vert stadig meir dramatiske. I mars 2019 går Storbritannia ut, men ei forhandlingsløysing er langt frå klar. På eit regjeringsmøte i juni på Chequers, landstaden til den britiske statsministeren, la regjeringa ein plan for kor langt dei kunne strekkje seg for å kome EU i møte i forhandlingane.

I juli gjekk først brexit-minister David Davis og så utanriksminister Boris Johnson av i protest mot Chequers-planen. Og det er ikkje sikkert at EU vil akseptere det britiske tilbodet.

I august offentleggjorde regjeringa kriseplanar for korleis Storbritannia skal kunne gå ut av EU utan ein avtale.

Brexit i trøbbel

10 Lee Rotherham
Lee Rotherham

Lee Rotherham er direktør for brexit-tankesmia The Red Cell, historikar og ein svært aktiv debattant. Han meiner utsiktene for brexit er usikre, men slett ikkje utan moglegheiter.

– I mediedebatten ser det ut som at brexit er i trøbbel. Korleis ser du på situasjonen?

– Brexit har alltid vore i trøbbel. Det var heile føresetnaden for at det vart folkerøysting i det heile. Etablissementet trudde dei ville vinne, seier han til Standpunkt.

Rotherham viser vidare til at dåverande statsminister David Cameron vart erstatta av Theresa May, ikkje av ein Leave-tilhengar.

– Og så var det ein katastrofal valkamp som reduserte statministeren sitt fleirtal så mykje at brexit-motstandarane i det konservative partiet – eit lite mindretal – fekk nytt mot.

– Legg til at den etablerte konsensusen i Whitehall og i embetsverket er at ‘endring er dårleg sjølv når status quo er strategisk forferdeleg’. Då har du eit problem. Men situasjonen er framleis ikkje utan moglegheiter.

Chequers-avtalen dårleg

Rotherham fortel at det har vore ein kontinuerleg kamp internt i den konservative regjeringa mellom embetsverket, som i hovudsak er mot brexit, og Remain-ministrane på den eine sida, og eit lite tal visjonære embetsmenn og Leave-ministrane på den andre.

– Kva er ditt syn på Chequers-tilbodet og avgangen til David Davis og Boris Johnson?

– Den første gruppa tilnærma seg brexit ut frå kva for nokre delar av EU-regelverket vi kan ta med oss når vi går ut. Den andre gruppa er prinsipielle og tek utgangspunkt i kva vi som eit land faktisk ønskjer å ende opp med. Den første gruppa har gjeve oss Chequers-avtalen i staden for den gode frihandelsavtalen vi skulle ha kjempa for. Vi kan framleis få ein slik frihandelsavtale med litt hell. Det er eit tap at Boris Johnson og David Davis har gått av, men det var vel uunngåeleg slik dei vart plassert på sidelina, meiner han.

– No Deal-brexit eksisterer ikkje

Rotherham avviser heile problemstillinga om Storbritannia kan kome til å ende opp med berre handelsregelverket i WTO-avtale, ein såkalla No Deal-brexit.

– No Deal-brexit er ikkje mogleg. Skremme-versjonen av No Deal er kun WTO-regelverket og ingen andre avtalar. Ein realistisk No Deal vil ha med tillegg slik at grensekryssande aktivitet framleis fungerer. På same måte som at USA har 147 avtalar med EU, og av dei kjem to tredelar frå multilaterale avtalar, seier han.

– Tenk på kor mykje vanskelegare det vil vere for eit medlemsland som ønskjer å melde seg ut om ti års tid?

– Påstanden om at No Deal vil vere ei katastrofe for landet er ein myte, basert på at dei ulike analytikarane ikkje har ein felles definisjon av No Deal-brexit.

– Eg påstår ikkje at vi ikkje vil få alvorlege problem ved ein No Deal. Desse problema må taklast. Eg har brukt over tre månader berre på å kartlegge problema, i eit dokument som vart på over to hundre sider. Det verkelege spørsmålet er kor mange av disse problema som kan reduserast eller verte tekne bort.

– Etter mi vurdering kan fire av fem problem løysast utan at vi treng seriøse forhandlingar om dei. Det vil framleis vere mykje arbeid, og mykje vil stå att. Men kva kan vi vente når EU byggjer ein superstat?

– Tenk på kor mykje vanskelegare det vil vere for eit medlemsland som ønskjer å melde seg ut om ti års tid?

Avviser EØS-løysing

Rotherham meiner Remain-tilhengarane har øydelagt for moglegheita til å bruke EØS som ein overgangsordning.

– Trur du tilslutting til EØS-avtalen er sannsynleg, og kva ville konsekvensane verte av det?

– Det kunne ha vore ei overgangsløysing. Men motstanden frå remain-sida etter folkerøystinga tok knekken på den løysinga. Ei kvar overgangsordning via EØS-avtalen vil ende opp med at Storbritannia går tom for bensin, parkert i ein bakke som leier tilbake til EU, og redde for å bruke bremsene.

– Kva meiner du er det mest trulege utfallet på dette punktet?

– Om Kommisjonen er rimelege vil dei akseptere Chequers-utkastet. Erfaringa tilseier at Kommisjonen ikkje vil vere rimelege, og at dei vil presse på vidare i den tru at May vil gje etter og tilby britane ei enda dårlegare løysing, meiner han.

– Det er heilt utelukka at dei konservative vil akseptere noko slikt, og det leier oss i retning av å bolte saman ein frihandelsavtale saman med ei pakkeløysing av sveitsisk type. Du kan godt kalle det ‘Lego-brexit’.

– Det vil vere ein tøff jobb for dei stakkars sjelene som må jobbe natta gjennom for å få avtalen på plass. Men det kan faktisk ende opp med å verte ein brexit som lova, fri frå gravitasjonskrafta i retning av ein stadig tettare union.

Bilete i toppen: Ny brexit-minister. I august besøkte den nye brexit-ministeren Dominic Raab EU sin sjefsforhandlar Michel Barnier i Brussel. Raab var aktiv på Leave-sida før folkerøystinga i 2016. Foto: EU-kommisjonen

reLATERT

Se alle arrangementer

Sverige: Devaluering av demokratiet

10. feb. 2025

Mens Norge sa nei, ble Sverige medlem i EU fra januar 1995. Hva er svenske erfaringer med 30 års EU-medlemskap?

Stille i styrehuset

13. jan. 2025

EUs styringssvikt kan gi uante følger for Europas parlamentariske demokratier.

Islandssuget

06. jan. 2025

Kan valget på Island få konsekvenser for Norges forhold til EU?

Ti bud for et nytt nei

05. des. 2024

I 94 var nei-sidens kjerneargumenter miljø, solidaritet og folkestyre. Finnes det fortsatt gode, grønne og solidariske argumenter mot norsk EU-medlemskap?

Aprilsnarr i januar  

02. des. 2024

EU må kunne sies å være på nedtur – og rystes av de nye høyrepartiene.  Jeg synes derfor at påstanden om «det sosiale EU» som aprilsnarr er en god metafor. 

Norge som sjølstendig stemme i verdenssamfunnet 

26. nov. 2024

Utenfor EU og EØS har Norge en friere stemme som kan brukes uten å hemmes av stormaktenes interesser.

Flertallet fikk rett

25. nov. 2024

Vi stemte nei til EU-medlemskap, men hva skjedde med folkestyre, miljø og solidaritet?

Demokrati, menneskerettigheter, sikkerhet og rettsstat i Europa

21. nov. 2024

Innspill fra Nei til EU til melding til Stortinget om demokrati i Europa.  

Vett 2 2024 EU er ikke all verden

01. nov. 2024

30 år etter at flertallet sa nei til norsk EU-medlemskap i folkeavstemningen 28. november 1994, undersøker dette Vett-heftet EUs politikk i dag på viktige internasjonale spørsmål. Verden er fortsatt større enn EU.

Et dansk blikk på EUs militære ambisjoner

28. okt. 2024

Valgresultatet til EU-parlamentet kommer ikke til å påvirke forsvarspolitikken i særlig grad. Dette er fordi EU-parlamentet faktisk ikke har noen direkte innflytelse på EUs forsvarspolitikk.

Fred uten folkestyre?

28. okt. 2024

Norge har et omfattende internasjonalt samarbeid om sikkerhet, også med EU. I en urolig verden har Norge utenfor EU bedre forutsetninger for å bidra til fred og forsoning.

EU taper konkurransekraft

28. okt. 2024

EUs økonomiske styrke har blitt dramatisk svekket i forhold til Kina og USA. Mottiltakene som lanseres vil svekke folkestyre og handlingsrom.