Sogn og Fjordane Nei til EU i Oslo under den store demonstrasjonen 19. november 1994.

30 år utanfor EU: Ja til norsk sjølvstyre, nei til EU

I 2024 er det 30 år sidan den siste folkerøystinga om EU-medlemskap. Vi greier oss godt utanfor EU.

Samstundes er det 30 år sidan EØS-avtalen vart sett i kraft, og Norge vert tettare og tettare knytt til EU. Samstundes har EU sidan 1994 vorte ein stadig tettare og meir overnasjonal union. 

Utanfor EU har Norge råderett over landbruks- og fiskeripolitikken, og Norge har ei eiga røyst i internasjonale fora. Norsk produksjon og foredling av mat er avgjerande for beredskapen i Norge og busetnaden i distrikta. Folkestyre, miljø og solidaritet er framleis kjerneord i kampen vår mot EU-medlemskap. Samstundes er ikkje Nei til EU samde i forteljinga om at det hjelper norsk økonomi å knyte seg tettast mogleg til EU. 

I september 2024 la den tidlegare europeiske sentralbanksjefen, Mario Draghi, fram ein rapport om europeisk konkurransekraft. Der vart det peikt på at EU i lang tid har hatt ein svak vekst, utan at dei har greidd å snu trenden. Det vert også trekt fram at europeiske selskap møter hardare konkurranse frå utanlandske konkurrentar og har fått avgrensa tilgang på utanlandske marknader. Den indre marknaden i EU har vore prega av økonomisk stagnasjon samanlikna med andre delar av verda. Norge er eitt av landa i Europa som har hatt sterk økonomisk vekst dei siste 30 åra – og det har skjedd medan vi har stått utanfor EU! 

EØS- avtalen er dynamisk, og den har utvikla seg til å vera svært inngripande på nasjonal politikkutforming.  EØS-avtalen inneber at EU-lov står over norsk lov i EØS-relevante saker. Dette inneber innlemming av EUs politikk på ei rekkje viktige område. EØS-avtalen har gjeve styresmaktene ei svekka verktykasse med omsyn til å drive ein aktiv næringspolitikk. Utholinga av tollvernet og auka import av landbruksvarer frå EU, fører til mindre verdiskaping knytt til norsk landbruk. Mykje på grunn av lågare toll på ubearbeidd fisk, går ein stor del fisk i Norge ubearbeidd ut av landet, og skaper arbeidsplassar i EU i staden for i Norge. På det viset tryggjer ikkje EØS-avtalen norske arbeidsplassar, men set dei i spel. Utanfor EU har Norge vetorett. Norge må nytte vetoretten til å seie nei til EU-politikk som svekkjer demokratiet, faglege og sosiale rettar, og som svekkjer nasjonal kontroll over naturressursar. 

EØS-avtalen omfattar ikkje EU sin pengeunion og felles valuta. Norge har ein økonomi der kronekursen i stor grad følgjer olje- og gassprisen. I og med at Norge har ei fleksibel inflasjonsstyring og ein flytande valutakurs, kan vi nytte pengepolitikken til å fremje omsyn som er spesifikke for Norge. Klimaomstillinga med redusert bruk og utvinning av olje og gass, set også Norge overfor særskilde økonomiske utfordringar i åra framover. Ein eigen valuta og ein relativt svak kronekurs, gjev bedriftene drahjelp for å utvikle ny eksportretta industri. Ikkje minst er det også positivt for turistnæringa. Norge må halde fram med sin eigen pengepolitikk. 

I 1972 og 1994 sa det norske folket nei til norsk EU-medlemskap. Sidan då har EU-motstanden jamt over vore høg. Fleirtalet mot EU-medlemskap er høgt og stabilt på meiningsmålingane. Vi har vunne to folkerøystingar. Vi er ikkje redde for å få ei tredje - vi skal vinna den òg 

30 år etter førre folkerøysting, har vi framleis folket med oss – Noreg står seg best utanfor EU. Nei til EU står framleis på barrikadane for folkestyre, miljø og solidaritet. EØS-avtalen gjev EU for mykje makt i Norge. Derfor vil Nei til EU erstatte EØS-avtalen med ein jambyrdig handelsavtale. 

Stort bilde i toppen: Sogn og Fjordane Nei til EU i Oslo under den store demonstrasjonen 19. november 1994. (Foto: Skjalg Engebø)

reLATERT

Se alle arrangementer

Et EU-kritisk storting må sette foten ned mot EU-tilpasning på tvers av nasjonale interesser

11. nov. 2025

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 9. november 2025.

Esa eser ut

10. nov. 2025

EØS-tilsynet Esa vil overstyre jernbanen i Norge og regjeringen vil øke Esas budsjett med mange millioner. Begge deler er lite lurt.

En økt EU-debatt gir oss mulighet til å fronte vårt syn

08. nov. 2025

Nei til EU er samla til rådsmøte på Klekken hotell. Rådsmøtet er det høyeste organet mellom landsmøtene og samler representanter fra alle fylkeslag og direktevalgte representanter.

Er euro valgfritt?

04. nov. 2025

Nye medlemsland i EU er pålagt å innføre euro med felles pengepolitikk.

Vett 2 2025 Krone eller euro?

29. okt. 2025

Vett 2 2025 undersøker virkningen av euroen i medlemslandene, og viser hvorfor det passer dårlig for Norge å erstatte krone med euro. Her kan du også lese om hvordan vi best møter trusler om toll.

Ikke kutt i støtten til EU-opplysning

16. okt. 2025

EU- og EØS-debatten har blusset opp de siste årene, samtidig foreslår regjeringen kutt i støtten til EU-opplysning.

Stortinget sier nei til å innføre resten av EUs fjerde energipakke

15. okt. 2025

Et stort flertall på Stortinget har sagt nei til å innføre ytterligere ett direktiv og fire forordninger i EUs fjerde energipakke. Regjeringen bør nå legge ned veto.

Oslo's new parliament - what will flashpoints with EU be?

02. okt. 2025

Norway’s relationship to the EU will in particular be controversial on matters related to tariffs, labour rights and the electricity market.

– EU-medlemskap kan ikke erstatte Nato

02. okt. 2025

– EU er blitt en viktigere sikkerhetspolitisk aktør, men det er ikke da sånn som mange liker å fremstille det et alternativ å erstatte NATO med EU, sier Øystein Tunsjø.

Nei til EUs 7 krav til det nye Stortinget og regjering 

30. sep. 2025

Nei til EU krever blant annet at regjeringen ikke må søke om EU-medlemskap, at nasjonal kontroll over strømmen sikres og at Stortinget ikke skal avgi suverenitet til EU-organer. Les hele listen under.

Gratulerer til det norske folk!

26. sep. 2025

Last ned løpeseddelen som oppsummerer valget. Stortingsvalget er overstått. Folket har valgt et storting som sier nei til EU-medlemskap.

Norway will not be joining the EU anytime soon

16. sep. 2025

The Norwegian parliament has a majority opposed to EU membership after the recent election.