Jean-Luc Mélenchon, kandidat for partiet La France insoumise.

Bokomtale: Hjelp, vi er i EU

Kunne denne boka like gjerne hatt tittelen: Hjelp, vi er i Frankrike? Dette spørsmålet dukka opp i tankane mine fleire gonger under lesinga av boka til Ingrid Grønli Åm.

20 Hjelp vi er i EU
«Hjelp, vi er i EU!» av Ingrid Grønli Åm

Eller kanskje: Hjelp, vi er i kva som helst EU-land? Uansett, Grønli Åm har levert ei informativ og nøktern bok om fransk politikk, og ikkje minst om franske presidentar, presidentkandidatar og ministrar dei siste 30–40 åra, med vekt på det som har skjedd etter 2005.

Tidleg i boka lanserer forfattaren uttrykket sosialistane, eller meir presist sosialdemokratane, sin spagat. For nettopp det å stå i spagat, er det som har kjenneteikna tilværet til mange franske topp-politikarar dei seinare åra. På den eine sida lovnader om betre tider for eigne borgarar, på den andre sida krava frå EU om innstraming, mindre rettar til arbeidsfolk, nedskjeringar i offentleg sektor og velferdsgode og så vidare. 

Sosialistane i Frankrike har vore for EU, men ikkje det EU me no ser. Håpet om ein union med felles arbeidslivspolitikk, velferdspolitikk, solidaritet er avløyst av å innsjå at EU meir og meir utviklar seg i marknadsliberal retning.

Brot av lovnadar

Grønli Åm tek føre seg ulike valkampar – og valkampanjar ikkje minst – og syner oss eit politisk landskap der lovnader sit laust, og der brot av lovnader sit endå lausare.

Attende til 80-talet viser ho korleis Mitterand, som den første presidenten i det nye sosialistpartiet, ikkje maktar å verkeleggjera politikken som han hadde lova det franske folket. To år etter at han vart vald, uttalte han følgjande: «Jeg er delt mellom to ambisjoner: å bygge Europa og sosial rettferdighet».

Då det franske folket i 2005 sa nei til EU si grunnlov, skapte dette sjokkbølgjer i fransk politikk. Sjølv om motstanden mot EU sin politikk var stor i mange politiske miljø, var det få som snakka om utmelding. Tanken om ein plan A og ein plan B vart lansert på ytste venstreside i politikken. Plan A var å reformera EU frå innsida, og om det ikkje skulle lukkast, ville plan B vera utmelding. Forfattaren viser at plan B aldri har vore ein realitet.

Hjelp, vi er i EU

  • Utgjeven på Manifest forlag i 2018.
  • Ingrid Grønli Åm er journalist i Morgenbladet, på samfunnsavdelinga. Ho har tidlegare jobba i Klassekampen og i Le Monde Diplomatique. Grønli Åm har ein mastergrad i filosofi frå Bergen og Frankrike.

Jean-Luc Mélenchon, kandidat for partiet La France insoumise (dei ukuelege) ved presidentvalet i 2017, si rolle kjem tidleg til syne i boka. Han ville visa at det var mogeleg å stå imot EU sine krav og å samstundes gjera Frankrike meir rettvist, solidarisk, klasselaust og sosialistisk. Han løfta venstresida fram og fekk store mengder av folket med seg. Mélenchon snakka mykje om både plan A og plan B. Tanken om å heller få til interne endringar i EU, var tydelegare.

Overnasjonal EU-styring

Og samstundes som alle desse politikarane presenterer sin alternative politikk, opplever Frankrike innstramingar og overnasjonal styring frå EU som gjer det umogeleg å føra eigen politikk på desse viktige områda. Eller – kunne dei ulike presidentane ha stått imot? Kunne dei ha vore sterkare i krava sine for å ta vare på eigne borgarar? Den noverande presidenten Emmanuel Macron er svært oppteken av å få tettare integrasjon i EU, og han ønskjer meir overnasjonal politisk styring. I dette politiske landskapet er Mélenchon framleis ei motvekt, sjølv om oppslutnaden er redusert. Vil han kunna gjera noko om han kjem til makta i 2022? Eller vil han berre, som forgjengarane sine, raskt innretta seg etter EU og leggja eigne valløfte til side?

Forfattaren gjev lesaren lyst til både å reflektera og å stilla spørsmål om Frankrike sitt politiske liv, og det er bra! Men ikkje berre i høve til Frankrike, det er absolutt mogeleg å sjå til eige land, og utfordringane med EØS-avtala. Slik skal ei god bok fungera.

Stort bilde i toppen: Jean-Luc Mélenchon, kandidat for partiet La France insoumise. (Foto: Mathieumd)

reLATERT

Se alle arrangementer

Ny runde med nedskjæringspolitikk i EU

31. mai 2023

EU vil stramme inn budsjettreglene. Det vil bety dramatiske kutt i velferden, også i velstående Tyskland.

Etikken i teknikken

15. mai 2023

Hvor smart er det å gi kommersielle selskapers kunstige intelligens tilgang til helseopplysninger?

Fritt vilt

27. mars 2023

De omstridte gruveprosjektene ved Repparfjorden i Finnmark og Førdefjorden er trolig bare begynnelsen når EU ser nordover etter nye råvarer.

Jostein har skrive historia om EU-kampen i Gloppen

24. mars 2023

– Den viktigaste saka for Nei til EU no er energipolitikken. Vi har ikkje lenger lov til å drive med eigen energipolitikk, seier Jostein Hansen. Han har gitt ut bok om historia til EU-kampen i Gloppen kommune.

EU-domstolen bekrefter ACERs brede myndighet

13. mars 2023

ACER kan overprøve og treffe vedtak om alle sider ved en sak, også der de nasjonale reguleringsmyndighetene er enige seg imellom. EU-domstolen stadfester at energibyråets myndighet strekker seg mye lengre enn å avgjøre tvistepunkter mellom land. De ferske dommene styrker Nei til EUs anførsler i ACER-søksmålet.

Løven i Ljubljana

13. mars 2023

Flere kraftavgjørelser de siste årene viser at EUs energibyrå Acer er langt fra noen papirtiger.

Prisen for politikk

27. feb. 2023

Korrupte politikere kan finnes i ulike forsamlinger, men Qatargate avdekker alvorlige mangler ved EU-parlamentets reisverk.

Forsyningssikkerhet i kraftbørsens vold

14. feb. 2023

Vår beredskap og forsyningssikkerhet blir overlatt til markedet og kraftbørsen. Hvor smart er det?

Hva gjør EU i Arktis? 

07. feb. 2023

– Beslutningstakere må være forberedt på periodisk press mot sentrale norske interesser i nordområdene, skriver Jens Isak Hultgren Nielsen ut fra sin ferske masteroppgave om EU i Arktis. 

– Helvete er et sted der barn drukner

01. feb. 2023

Boken Budbringeren fra Helvete er både helt grusom, og veldig nødvendig. Kristina beskriver realitetene i flyktningpolitikken på en hjerteskjærende måte.

Rikdommens privatliv

02. jan. 2023

Vi bør være bekymret når EU-domstolen bruker menneskerettighetene til å hindre allmenhetens innsyn i investorers eierinteresser.

Euro i dyrtid

05. des. 2022

Halvparten av EU-borgerne frykter for egen økonomi i prisgaloppen. Gir euroen en vei ut av krisen eller gjør fellesmynten vondt verre?