
Kvinner er helt avgjørende for matproduksjon – også i Norge
Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte 12. april 2026.

Agnieszka Piasna er seniorforskar ved det europeiske fagforeiningsinstituttet ETUI i Brussel. Ho innleidde på kvinnekonferansen om situasjonen for kvinner og mødre i EU ti år etter kriseutbrotet.
I Europa er det timeløna for kvinner 84 prosent av timeløna for menn. For årsløna er skilnaden enda større, med berre 60 prosent. Lønsskilnadane mellom kvinner og menn har gått litt ned etter den økonomiske krisa slo til for ti år sidan. Det skuldast i hovudsak at mange menn har mista jobben eller gått ned i stilling, medan fleire kvinner har kome ut i arbeidslivet.
– Den gjennomsnittlege arbeidstida i EU-landa har gått ned med to og ein halv time per veke på 20 år. Dette skuldast hovudsakleg at bruken av deltidsarbeid har auka. Auken i deltidsbruk er driven av arbeidsgjevarane, ikkje av dei tilsette for å balansere arbeid og fritid. Nulltimarskontrakter aukar kraftig, seier ho.
Artikkelen held fram under biletet.
– Kortare arbeidstid er ofte berre ei orsaking for å kun betale for intensive arbeidsperioder. Når ein ikkje har oppgåver er ein ikkje på jobb og tener ikkje pengar.
– Hovudgrunnen for å arbeide deltid er at ein ikkje får heiltidsjobb. Den ideelle arbeidstida for å kombinere arbeid og fritid er lang deltid eller kort fulltid, altså 30-35 timar. Lange dagar, kveldsarbeid og helgearbeid går ut over denne balansen.
– Fleksibilitet er bra, dersom det er på dei tilsette sine vilkår. Deltidsarbeid er ikkje noko løysing. Reduksjonar i arbeidstid, basert på forhandla løysingar, er det beste for få meir likestilt arbeidsliv. Kortare arbeidstid for alle gjer det mogleg for menn å bidra meir heime.
Forskaren viser til at kvinner har kome langt når gjeld å ta utdanning utdanning innanfor realfag, teknologi, ingeniørfag, IT, men i dei best lønte jobbane i næringslivet er det i stor grad framleis mest menn.
– Kvinner har ofte problem med ein mannleg arbeidskultur med svært lang arbeidstid. Med hovudansvar for barn og familie er det vanskeleg å leve med veldig lange arbeidsdagar.
– I forsking og utvikling er det gjerne ikkje fast arbeidstid. Barnepass er vanskeleg å organisere utan å vite når ein sluttar for dagen.
Vil EU-kommisjonen sine tiltak for å takle kjønnsbestemte lønsskilnadar hjelpe? Agnieszka Piasna meiner EU-kommisjonen har mange fine ord og elles er det veldig generelt.
– Kommisjonen sine utspel er i hovudsak fin tekst. Den sosiale pilaren er ikkje bindande. Dei kan ikkje pålegge likelønstiltak.
– Eit framlegg var at Kommisjonen skulle pålegge openheit om lønsnivå. Dersom lønsskilnadane er kjende kan fagrørsla kreve endring. Diskriminering er ulovleg, så ein kan også gå til retten.
– Kravet om openheit har vorte avvist på grunn av at det er for stor byrde for selskapa.
Stort bilete: Agnieszka Piasna og Kathrine Kleveland på Nei til EU si kvinnekonferanse.

Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte 12. april 2026.

Et ryddig arbeidsliv og trygge arbeidsplasser er viktige hensyn i debatten om EU. Denne utgaven av skriftserien Vett undersøker hvorfor det er best for arbeidsfolk at arbeidslivspolitikken bestemmes i Norge og ikke i Brussel.

– Jeg er redd industridøden vi har sett i Tyskland også skal komme til Norge. Vi må sikre at industrien får rammevilkår for kraft som er til å leve med, sa Frantz Johan Agerbo, daglig leder 3B Fibreglas Norway AS.