EØS – ei verktøykasse for sosial dumping

– Dersom jasida har rett i at det ikkje finst alternativ til EØS så forstår eg ikkje kvifor dei er så redde for ei utgreiing om alternativa, sa Roar Abrahamsen, leiar for avdeling 5 i Fellesforbundet, og som no går mot EØS-avtalen.

LO i Oslo, Trondheim og Stavanger i samarbeid med fagleg utval i Nei til EU arrangerer konferanse fredag 5. april i Kulturhuset i Oslo.

Første tema under konferansen var EØS og arbeidslivet, med sosial dumping, bemanningsbransjen og reise, kost og losji.

Roar Abrahamsen er leiar for den største avdelinga i Fellesforbundet og organiserer industriarbeidarar på Vestlandet, mellom anna i verftsnæringa lang kysten. I den bransjen merkar dei veldig godt konsekvensane for arbeidslivet av EØS-avtalen, i form av sosial dumping.

– Eg har vore varm forsvarar av EØS-avtalen på mange landsmøte i Arbeiderpartiet og LO-kongressar.

– Vi ser våre lokale verksemder med faste eigne tilsette gå rundt i tomme verkstadhallar, medan det vert flydd inn innleigde arbeiderarar som ikkje får dekt reise, kost og losji.

– Dei vil basere heile produksjonen på innleige av arbeidskraft. Då rann det over for oss.

– Mykje av denne sosiale dumpinga kan og bør norske styresmakter ordne opp i sjølv. Men dei har vald å bruke EØS som verktøykasse for å gjennomføre ein politikken dei ønskjer, og som fører til sosial dumping. Den verktøykassa kan dei ikkje få lov til å behalde.

I november 2018 vedtok avdelinga at Noreg bør seie opp EØS-avtalen.

– I uttalen vår hadde vi tre hovudpillarar. Den delen som har fått størst merksemd er reise, kost og losji. Eg er også samd i at vi ikkje kan seie opp EØS-avtalen berre på grunn av den saka. Men lavtslønsstrategien og sosial dumping må bekjempast. Det er like viktig eller viktigare enn reise, kost og losj.

– Om norsk industri vil halde på EØS så kan ikkje avtalen brukast som strategi for å gjennomføre sosial dumping.

No er det steile frontar i EØS-debatten. Abrahamsen ønskjer ei utgreiing om alternativ til EØS.

– Skal vi klare å kome oss vidare så må vi i alle fall få til det. Då treng vi at politikarane samlar seg om å til dømes lage ein NOU om alternativ til EØS.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fredrik Mellem
Fredrik Mellem, generalsekretær i Europabevegelsen.

– Det er ingenting som vil få Arbeiderpartiet til å gå mot EØS  

Fredrik Mellem er nyleg avgått leiar i Arbeidarpartilaget Oslo Arbeidersamfunn og nytilsett generalsekretær i Europabevegelsen. Han meiner utfordringane i arbeidslivet ikkje skuldast EØS-avtalen.

– Det var ingenting som utløyste så stor applaus på Arbeiderpartiet sitt landsmøte i går som Jonas Gahr Støre sitt varme forsvar for eøs-avtalen. Det er ingenting som kan få Arbeiderpartiet til å gå mot EØS.

– Vi har fosvart EØS-avtalen i 25 år fordi avtalen inneber ei enorm utviding av handlingsrommet. Hundretusenvis av ungdomar kan studere på eit kvart universitet i EU. Hundretusenvis av nordmenn har funne seg arbeid og kjærleiken i Europa.

– Men noko som har så mange fordeler med seg, har også nokre ulemper.

– Vi har problem knytt til utanlandske vogntog i Noreg. Dersom vi har som utgangspunkt at vogntoga er utanlandske, får vi ikkje gjort noko med det. Men om vi har som utgangspunkt at disse vogntoga ikkje har noko på norske vegar å gjere, kan vi handheve vegtrafikklova. Det er norske styresmakter sitt ansvar at køyrety på norske vegar tilfredsstiller norske lover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Joachim Espe
Joachim Espe fra Rørleggernes Fagforening. 

– 13 prosent organisasjonsgrad i bygg og anlegg  

Joachim Espe kjem frå Rørleggernes Fagforening i Fellesforbundet. Han arbeider med å organisere utanlandske arbeidstakarar i Osloområdet.

– Organisasjonsgraden i bygg og anlegg i Oslo og Akershus er fallande, og er no nede på 13 prosent. Byggfagforeiningane i Oslo og LO i Oslo har hatt tre politiske streikar med krav om forbod mot innleige frå bemanningsbyrå i enkelte område og bransjar.

– Vi fekk ikkje på plass forbod, men har fått eit nytt regelverk.

– Bemanningsbransjen er ein stor del av problemet. Men om vi forbyr dei vil det tyte ut andre stadar. Vi stiller krav om at alle skal jobbe på tariffvilkår. Vi krev likebehandling av EØS-borgarar. Og skal reglane ha effekt vil vi tilbake til offentleg arbeidsformidling.

Stort bilete: Roar Abrahamsen fra Fellesforbundet, avdeling 5. Foto: Sindre Humberset. 

reLATERT

Se alle arrangementer

Har EU åpnet handlingsrommet i EØS?

11. des. 2025

EUs toll på ferrolegeringer vekker til live en sovende bestemmelse i EØS-avtalen, og gir nye forutsetninger for tiltak mot prissmitte fra det europeiske kraftmarkedet, skriver Morten Harper.

Folket tenker selv

09. des. 2025

I slutten av november var det 31 år sia vi stemte nei til å bli medlem i EU. En beslutning det norske folk tok fordi vi er i stand til å tenke selv.

Nei til EU podkast: Burde Norge komme med en reaksjon på EUs jerntoll?

05. des. 2025

I denne korte miniepisoden av Nei til EUs podkast diskuterer Einar Frogner og Alexander Fossen Lange den nye EU-tollen på norske ferrolegeringer.

Regjeringen må stå opp for norske interesser

04. des. 2025

EUs nye toll på norske ferrolegeringer viser at EØS-avtalen ikke er verdt papiret den er skrevet på, skriver Einar Frogner i Nei til EU.

Vil ikke bukke, nikke og neie for EU

02. des. 2025

– Vi har alt å tjene på godt samarbeid med våre naboland. Men vi har ikke noe å tjene på at det skal gå automatikk i at det som bestemmes i Brussel skal alltid godtas i det norske Stortinget, fastslo Senterparti-leder Trygve Slagsvold Vedum i EU/EØS-debatten.

Et norsk mottrekk?

01. des. 2025

Å svare på EUs jerntoll med mottiltak vil ivareta både norske økonomiske interesser og EØS-avtalens prinsipper.

31 år siden EU-neiet i folkeavstemninga – Gratulerer! 

28. nov. 2025

Motstanden mot EU og EØS øker, viser to nye meningsmålinger som kom rett før 31-årsdagen for folkeavstemningen i 1994. 

EUs jerntoll mot Norge

25. nov. 2025

EØS-avtalen skulle utelukke toll på industrivarer, men nå har EU innført kvoter og toll på ferrolegeringer fra Norge og Island. Hva koster EUs toll, og hva er konsekvensene for norsk industri?

Ja-sidas fallitt i møte med EU-makta

25. nov. 2025

Har vi ei regjering som har som eneste strategi å logre for Brussel og håpe at de ikke banker oss opp enda en gang?

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

21. nov. 2025

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.

EØS-avtalen har spilt fallitt

20. nov. 2025

EUs nye tollsatser overfor Norge viser at vi må tenke nytt om vårt forhold til unionen.

Alexander Fossen Lange er ny rådgiver for samfunnskontakt i Nei til EU 

18. nov. 2025

Nei til EU styrker staben for å bli mer synlige i den norske samfunnsdebatten.