Gå til hovedinnhold
Av Sindre Humberset

EU-guiden kjem i sjette utgåve

23. mai 2019
Arbeidsliv og faglig politikk
Helse og velferd
EØS
Norsk EU-debatt
Klima og miljø
Vett-abonnentar får no sjette utgåve av EU-guiden som vedlegg til Standpunkt. Dei førre utgåvene har vorte distribuert i tusenvis av eksemplar til skular over heile landet.

Nei til EUs skriftserie VETT 2-2019 er ein ny versjon av informasjonsheftet EU-guiden.

Omslag EU_guiden 2019

– Heftet dekkjer fem avgjerande tema: Folkestyre, solidaritet, velferd og arbeid, miljø og ressursar samt handlefridom. Det gjev også ei oversiktleg framstilling av korleis EU vert styrt, seier Morten Harper, redaktør av heftet. 

EU-guiden gjev ei lett tilgjengeleg innføring i EU-systemet, kva som er hovudproblema med unionen og kva moglegheiter og fordelar Noreg har utanfor EU. Lesarane kan prøve eigne kunnskapar i ein EU-quiz.

Verda er større enn EU

EU-guiden, som har fått tittelen «Verden er større enn EU» er spesielt tilpassa bruk i skulane. Nei til EU nyttar tenesta Subject Aid, der skulane kostnadsfritt kan bestille tilleggslitteratur til undervisinga.

Subject Aid distribuerer materiellet vårt som klassesett til skular som tingar det. Tenesta er i seg sjølv er gratis, men vi betalar materiellet og porto. EU-guiden er noko av det mest populære materiellet Subject Aid tilbyr.

– Heftet dekkjer fem avgjerande tema: Folkestyre, solidaritet, velferd og arbeid, miljø og ressursar samt handlefridom. | Morten Harper, redaktør for EU-guiden.

Den nye utgåva av heftet held seg til suksessoppskrifta, men er oppdatert i tekst og utforming slik at den framleis er toppaktuell. Det nye opplaget er trykt i 10 000 eksemplar, der 3000 går til Vett-abonnentane i dette nummeret av Standpunkt og resten vert tilbode organisasjonen og til skulane.

I Standpunkt 5-2017 spådde vi at dersom etterspørselen heldt seg oppe, vil femte utgåve halde eit par år før det er tomt, og ei sjette utgåve må trykkast. Det vart skrive i september 2017, og no i mai 2019 er det allereie på høg tid med nytt opplag.

I tillegg til bruk i skulen er også EU-guiden svært nyttig som oppslagsverk og som materiell for studiemøte og studieringar.

Nei til EU-skulering 2019

I tillegg til EU-guiden og dei andre Vett-hefta satsar Nei til EU no på å lage innleiingar som laga kan bruke til studiemøta sine. I april vart det lagt ut to standardinnleiingar til fri bruk.

Innleiinga «Nei til EUs skolering 2019: Politiske hovedsaker» omhandlar dei viktigaste hovudsakene for Nei til EU i 2019. Dei er EUs jernbanepakke IV, kommunevalget og offentlege tenester, ut av EØS og EUs unionsprosjekt.

I tillegg har Nei til EU laga ei grunnskulering i organisasjon, som er basert på organisasjonshandboka til Nei til EU. Denne finst i papirutgåve og på nettsida til Nei til EU som pdf.

Denne innleiinga er delt i to delar: Først litt om korleis Nei til EU er bygd opp og fungerer, deretter går innleiinga nærare inn på korleis tillitsvalde best kan jobbe lokalt, anten det er i fylket eller i lokallaget.

Medlemene er ryggrada i organisasjonen – både politisk og økonomisk.

EU-guiden: Verden er større enn EU

 

Stort bilde: – Etterspørselen etter EU-guiden har vore høg i mange år, seier redaktør Morten Harper, her på talarstolen på rådsmøtet i april. Foto: Sindre Humberset

Relatert

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

Kvifor får ikkje NtEU meir plass i presse og media?

03. juli 2026

Igjen og igjen opplever me at meiningane våre vert kasta vrak på både i presse og media. Styret i Hordaland Nei til EU har mange medlemer som er glade i å ytra seg om kampsakene våre. Me sender lesarinnlegg både som sjølvstendige innlegg og som svar på andre sine innlegg. Me sender fakta der ja-sida har servert udokumenterte påstandar. T.d. i saker som omhandlar Brexit, peikar me på manglande dokumentasjon frå ja-sida, og me tilbyr nettopp det, faktabasert informasjon. Me kan lura på kvifor presse og media synes å vera interesserte i å støtta opp under feil-informasjon. I BT 29.6.26 kjem Morten Myksvoll med eit innlegg som osar av skremselspropaganda. Me er nær undergangen om me ikkje tenkjer medlemskap i samband med at Island vurderer dette. Me står utanfor, me er ein stat utan makt, me er utrygge osv. Det er ikkje måte på kva som vil henda oss om me no ikkje går inn i unionen. Eit svarinnlegg på dette var det ikkje plass til i BT. Då eg la innlegget ut som ein kommentar, ser eg at moderator har fjerna det. Er den frie pressa ein myte? Skal det vera slik at meiningsytringar som ikkje fell i smak hos redaktøren, berre skal neglisjerast? Eg publiserer her innlegget mitt, eit innlegg som haltar litt fordi Myksvoll sitt innlegg ikkje vert publisert samstundes. Dette kan ein sjå ved å gå inn på bt.no.