
Forsvar norsk fiskerilovgivning!
Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 27. april 2025.

Høgsterett gav i storkammer 14. februar 2019 dom i saka om fangst av snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel i fiskevernsona ved Svalbard.
Høgsterett uttalte at kyststaten Noreg etter folkeretten har eksklusiv rett til fangst av snøkrabbe, og at Svalbardtraktaten ikkje er til hinder for å straffa den som fangstar utan løyve. Dette gjeld uavhengig av nasjonalitet. Domen var samrøystes.
For kort tid sidan la EU-kommisjonen fram det årlege forslaget til forordning som skal regulera fiske og fangst i EU. Der gjer dei framlegg om å gje 20 lisensar til EU-fartøy for fangst av snøkrabbe utanfor Svalbard.
Dette syner ein manglande respekt for norsk rett og viser nok ein gong at EU ikkje tar omsyn til nasjonalstaten som sjølvstendig rettsstat.
Fiskeriministeren, Harald T. Nesvik, er skuffa (pressemelding frå regjeringa 30.10.). Utover det å vera skuffa, seier han at Noreg er klar til å ta opp att diskusjonen om snøkrabbe i dei bilaterale forhandlingane. Han seier òg at dette føreset at EU respekterer Noreg sine suverene rettar på kontinentalsokkelen.
Nei til EU meiner at dette er langt frå nok. Nei til EU forventar at den norske regjeringa krev respekt for norsk rett, og at EU bøyer seg for Høgsterett sin dom i snøkrabbesaka.

Uttalelse vedtatt på Nei til EUs rådsmøte 27. april 2025.

Fordi vi ikke er medlem i EU har vi politisk frihet til å bringe fiskeriforvaltninga i tråd med lovverket og tidligere stortingsvedtak om at fisken skal sikre sysselsetting og bosetting i kystsamfunnene.
.png?quality=100)
Nei til EU støtter kystopprøret. Våre fiskeressurser er folkets felles eiendom og skal bygge landet. Ikke EU.