Korona og brexit. Storbritannia er hardt råka av koronapandemien. Regjeringa skal både handtere krisetiltaka og forhandlingane med EU om ein handelsavtale.

Utsett brexitfrist kan koste 380 milliardar pund

Brexit-motstandarane vil bruke koronakrisa for å forlenge overgangsperioden før Storbritannia er heilt ute av EU. Ein ny rapport viser at forlenga overgang blir svært dyrt for britane. 

Storbritannia er no i ein overgangsperiode der dei må følgje det meste av EU-regelverket, etter at dei formelt gjekk ut av unionen 31. januar 2020. Etter utmeldingsavtalen har begge sider frist til 31. desember 2020 til å ratifisere ein handelsavtale og reglar for framtidig samarbeid. 

Regjeringa er tydelege på at dei ikkje vil gå med på ei forlenging, sjølv om EU skulle be om at fristen blir utsett. Den nye Labour-leiaren, sir Keir Starmer, har sagt at Storbritannia bør utsette fristen til etter desember om naudsynt, medan Liberaldemokratane og Scottish National Party vil ha utsetting uansett. 

14 Boris Johnson Covid-19 pressekonferanse 11 mai Foto Number 10-utsnitt
Statsminister Boris Johnson held pressekonferanse om koronakrisa. Foto: Number 10

Dyrt å forlenge forhandlingsfrist 

EU-tilhengarane meiner presset for å handtere koronakrisa gjer det umogleg å få på plass ein handelsavtale før 31. desember, og at den britiske økonomien som allereie er svært hardt råka av koronakrisa, ikkje vil overleve sjokket av å endre handelsvilkåra med EU. 

Men ein rapport frå Centre for Brexit Policy frå 16. mai viser tvert imot at å forlenge overgangsperioden med to år vil koste den britiske økonomien 380 milliardar pund eller 4 700 milliardar kroner. 

Rapporten slår vidare fast at det å utsette utgangen i desember i håp om å få til ein avtale, er reint nonsens. «Det er berre mangelen på politisk vilje i EU som hindrar ein handelsavtale før året er omme. I mangel av ein handelsavtale med EU er det handel under WTO-vilkår som er det mest attraktive, billegaste og best førebudde alternativet», heiter det i rapporten. 

Styrka forhandlingsposisjon 

Konklusjonen i rapporten er at å avslutte overgangsperioden 31. desember, sjølv utan ein avtale på plass, er eit kritisk vilkår for å få økonomien på beina igjen etter koronakrisa. Å halde på fristen vil også gi eit betre utgangspunkt for å få til ein avtale med EU. 

Å gå ut av overgangsperioden som avtalt vil «bidra til den økonomiske tilfriskninga etter Covid-19 ved å byggje på tidlegare britisk handelssuksess med land utanfor EU, etter WTO-reglane». Etter overgangsperioden kan Storbritannia inngå frihandelsavtalar som også vil kunne styrke økonomien. Ved å ikkje be om utsetting vil Storbritannia ha ein «styrka forhandlingsposisjon som gjer det meir sannsynleg å kome til ein avtale med EU». Rapporten peiker også på at fridom frå stramme EU-reglar opnar for tiltak som kan revitalisere økonomien etter koronakrisa. 

Storbritannias veg ut av EU 

  • Storbritannia har vore medlem av EU sidan 1972. 
  • 23. juni 2016 røysta 51,9 prosent av britane for at landet skal forlate EU medan 48,1 prosent røysta for å bli. 
  • 31. januar 2020 gjekk Storbritannia formelt ut av EU.
  • 31. desember 2020 skal overgangsperioden vere over. 

Fleirtal for å halde på fristen

Ei meiningsmåling utført for Centre for Brexit Policy viser at eit knapt fleirtal blant britane, 44 mot 40 prosent, ønskjer at regjeringa held seg til 31. desemberfristen. Britane trur også at forlenging av fristen vil føre til ytterlegare utsettingar. Her var 46 prosent einige, men berre 16 prosent ueinige. Centre for Brexit Policy tolkar dette svaret som at britane har eit kynisk syn på EU sine motiv i forhandlingane, og at dei vil ha brexit overstått. 

Målinga viser også stor støtte til den britiske EU-utmeldinga. På spørsmål om det er betre for Storbritannia å stå utanfor EU på lang sikt, er 45 prosent einige, mot 28 prosent ueinige. Det var også eit klart fleirtal av dei som svarte som meinte at det er nok tid til å få på plass ein avtale med EU, trass i koronakrisa, og at regjeringa bør klare å handtere både koronakrisa og forhandlingane med EU samstundes. 

Forhandlingsmøte i juni 

Storbritannia og EU skal ha eit avgjerande forhandlingsmøte i juni, der dei skal avklare om endeleg frist for å forhandle fram ein handelsavtale skal forlengast utover fristen i desember. Ifølgje BBC 11. mai var den førre forhandlingsrunda i april ikkje så fruktbar, men partane har hatt videosamtalar gjennom mai, sidan reising og fysiske møter har vore umogleg å gjennomføre. 

Partane er usamde om fiskeri, konkurransereglar, politisamarbeid og korleis avtalen skal handhevast. Storbritannia ønskjer først få på plass ei kjerneavtale, ved sidan av avtalar om luftfart og energi, medan EU vil fokusere på fiskekvotar og konkurransereglar. 

Standpunkt 2-2020

Denne artikkelen har stått på trykk i Standpunkt 2-2020.

Stort bilde i toppen: Korona og brexit. Storbritannia er hardt råka av koronapandemien. Regjeringa skal både handtere krisetiltaka og forhandlingane med EU om ein handelsavtale. (Foto: Duncan C / Wikimedia)

reLATERT

Se alle arrangementer

Uten innsyn

28. april 2025

Kan domstolene berge europeisk offentlighet fra EU-kommisjonens stadig strengere hemmelighold?

Yara legger ned i Bretagne

24. feb. 2025

I Montoir-de-Bretagne er nok mange glade for at distriktets miljøversting blir borte.

Sverige: Devaluering av demokratiet

10. feb. 2025

Mens Norge sa nei, ble Sverige medlem i EU fra januar 1995. Hva er svenske erfaringer med 30 års EU-medlemskap?

Stille i styrehuset

13. jan. 2025

EUs styringssvikt kan gi uante følger for Europas parlamentariske demokratier.

Islandssuget

06. jan. 2025

Kan valget på Island få konsekvenser for Norges forhold til EU?

Ti bud for et nytt nei

05. des. 2024

I 94 var nei-sidens kjerneargumenter miljø, solidaritet og folkestyre. Finnes det fortsatt gode, grønne og solidariske argumenter mot norsk EU-medlemskap?

Aprilsnarr i januar  

02. des. 2024

EU må kunne sies å være på nedtur – og rystes av de nye høyrepartiene.  Jeg synes derfor at påstanden om «det sosiale EU» som aprilsnarr er en god metafor. 

Norge som sjølstendig stemme i verdenssamfunnet 

26. nov. 2024

Utenfor EU og EØS har Norge en friere stemme som kan brukes uten å hemmes av stormaktenes interesser.

Flertallet fikk rett

25. nov. 2024

Vi stemte nei til EU-medlemskap, men hva skjedde med folkestyre, miljø og solidaritet?

Demokrati, menneskerettigheter, sikkerhet og rettsstat i Europa

21. nov. 2024

Innspill fra Nei til EU til melding til Stortinget om demokrati i Europa.  

Vett 2 2024 EU er ikke all verden

01. nov. 2024

30 år etter at flertallet sa nei til norsk EU-medlemskap i folkeavstemningen 28. november 1994, undersøker dette Vett-heftet EUs politikk i dag på viktige internasjonale spørsmål. Verden er fortsatt større enn EU.

Et dansk blikk på EUs militære ambisjoner

28. okt. 2024

Valgresultatet til EU-parlamentet kommer ikke til å påvirke forsvarspolitikken i særlig grad. Dette er fordi EU-parlamentet faktisk ikke har noen direkte innflytelse på EUs forsvarspolitikk.