Panelet frå  venstre: Gjermund Skaar, leder i internasjonal utvalg i SV, Tobias Drevland Lund, stortingsrepresentant frå Raudt, Nimrah Ramzam, sentralstyremedlem i AUF og Dordi Boksasp Lerum, sentralstyremedlem fra Senterungdommen. Heilt til venstre: møteleiar Eva Nordlund, journalist og kommentator i avisa Nationen.

– Bruk handlingsrommet og sei opp EØS-avtalen 

Debattmøtet til Nei til EU under Arendalsuka hadde temaet «Handlingsrommet i EØS-avtalen – kan det brukes for å sikre politisk kontroll med strømprisen?» 

Einar Frogner, leiar i Nei til EU, ønska velkommen og presenterte bakteppet for debatten:

– Straumprisane har det siste halvanna året vorte fullstendig marknadsstyrt til stor kostnad for familier og næringslivet. Handlingsrommet vi høyrer mykje om, men vi ser veldig lite til det i praksis, sa Frogner. 

– Kan kraftprisane igjen kome under politisk kontroll? Kan handlingsrommet brukast? Er det politisk vilje og mot til å gjere noko med det?

Panelet bestod av Gjermund Skaar, leiar i internasjonalt utval i SV, Tobias Drevland Lund, stortingsrepresentant frå Raudt, Dordi Boksasp Lerum, sentralstyremedlem frå Senterungdommen og Nimrah Ramzam, sentralstyremedlem i AUF. Møteleiar var Eva Nordlund, journalist og kommentator i avisa Nationen. 

Handlingsrommet blir ikkje brukt 

Alle i panelet meinte det er eit handlingsrom innanfor EØS-avtalen, men at dette handlingsrommet ikkje blir brukt godt nok. 

– Der er eit handlingsrom i EØS, men avtalen er uansett ei tvangstrøye. Vi ser inga vilje til å bruke den. Rødt er for å melde oss ut av EØS og forhandle handelsavtale, sa Tobias Drevland Lund. 

Nimrah Ramzam frå AUF meinte at handlingsrommet ikkje har blitt brukt godt nok. 

– Det er klart det er eit handlingsrom, og det er rom for å bruke meir av det. Det er nok eit større handlingsrom i EØS-avtalen enn det dagens og tidlegare regjeringar har brukt, sa ho. 

– Vi ønskjer ikkje å melde oss ut av EØS. Dersom det er mange av direktiva vi er misnøgde med så kan vi seie nei til dei, i staden for å  melde oss ut. 

Senterungdommen vil gå lenger enn å bruke handlingsrommet. 

– Der er heilt klart eit handlingsrom innanfor EØS. Og vi kan seie opp EØS-avtalen. Vi ønskjer å reforhandle EØS og inngå ein handelsavtale, sa Dordi Boksasp Lerum frå Senterungdommen

SVs Gjermund Skaar meiner handlingsrommet ikkje berre er reservasjonsretten, men reservasjonsretten er den viktigaste delen av den. 

– Dei som er for EØS-avtalen snakkar bort reservasjonsretten og snakkar heller om den konstruktive samtalen på bakrommet. SV sitt standpunkt er at vi skal ut av EØS-avtalen. Om Noreg blir dømt på innleigeforbodet så er det eit klart teikn på at EU grip inn i norsk arbeidsliv. Om hardt blir sett mot hardt så ryk EØS for SV sin del.

AUF er ikkje villege til å seie opp EØS for å bevare innleigeforbodet. 

– Vi stiller oss bak LO-leiar Peggy Hessen Følsvik på at vi ikkje gir oss på innleige. Vi må ha vurdering på kva vi skal gjere om vi ikkje får gjennomslag for å halde på forbodet. Vi ønsker at Noreg skal vere ein del av EØS, sa Nimrah Ramzam. 

Kraftpris og handlingsrommet 

Meir fornybar kraft er løysinga AUF ser på kraftpriskrisa. 

– Grunnen til at vi har ei straumkrise er at vi har for lite kraft. Den einaste måten å gjere noko med det på er å bygge ut meir fornybar kraft. Vår kraft er veravhengig, så då har vi fordel av å vere kopla på eit straumnett som gir oss høve til å importere når vi produserer for lite sjølv og eksportere når vi har overskot, sa Ramzam. 

– Vi vil at Noreg skal fortsette å tilkople oss EUs energipakkar.

Tobias Drevland Lund var heilt usamd med AUF om den løysinga. 

– Å bygge ut meir straum er som å fylle badekaret med proppen ute. Mange vil reagere på at vi må betale for vår reine vasskraft med prisen som er rett for kull. Vi har foreslått ein politisk sett straumpris på 35 øre per KWh, sa Drevland Lund. 

– Eg er trur ikkje det er rom for å styre straumpolitikken innanfor EU sine straumpakkar. Vi skal bygge meir straum i Noreg, men det kan ikkje leggast opp slik det blir gjort no med store naturinngrep. Tilgang på rimeleg straum blir opplevd som ein rett, ikkje ei handelsvare, sa Gjermund Skaar frå SV. 

– Eg trur det er ein illusjon å ta energiområdet ut av EØS. Alternativet må vere å seie opp EØS-avtalen, sa han. 

Senterungdommen meiner det kan kome ein ny EU-kamp i Noreg. 

– Vi står på opptakten til ein ny EU-kamp. Neisida må stå samla. Det har vi aldri hatt større behov for, sa Dordi Boksasp Lerum. 

Stort bilde i toppen: Panelet frå venstre: Gjermund Skaar, leder i internasjonal utvalg i SV, Tobias Drevland Lund, stortingsrepresentant frå Raudt, Nimrah Ramzam, sentralstyremedlem i AUF og Dordi Boksasp Lerum, sentralstyremedlem fra Senterungdommen. Heilt til venstre: møteleiar Eva Nordlund, journalist og kommentator i avisa Nationen. (Foto: Sindre Humberset )

reLATERT

Se alle arrangementer

EU-kontroll av kommunikasjon i strid med personvernet og Grunnloven

04. sep. 2025

En ny forordning, som er til behandling i EU, vil innføre kontroll av krypterte meldingstjenester. Datatilsynet advarer mot forslaget fordi det undergraver privat kommunikasjon.

Valget kan få store konsekvenser for bruken av handlingsrommet i EØS

04. sep. 2025

Om det blir rødgrønn side som vinner valget eller et borgerlig flertall kan ha mye å si for om handlingsrommet i EØS-avtalen blir brukt på områder som arbeidsliv, transport og strøm.

Forsvar folket sitt nei 

02. sep. 2025

Med Stortingsvalget rett rundt hjørnet er det stadig krefter som forsøker og ønsker å løfte spørsmålet om medlemskap i EU på nytt.

Vi må få kontroll på krafta

30. aug. 2025

Stem på parti som har de samme måla som vi har, når det gjelder å få kontroll på krafta, oppfordrer Ståle Knoff Johansen.

Nord-Trøndelag kan bli nei til EU bastion

30. aug. 2025

Din stemme avgjør: Alle som er inne på Stortinget, basert på meningsmålinga i mai, ville stemt nei i en folkeavstemning om EU-medlemskap.

Her er svarene fra Troms-kandidatene

29. aug. 2025

Finn din neste stortingsrepresentant fra Troms her!

Stem på ein neikandidat i Troms!

29. aug. 2025

Før valget vil Troms Nei til EU informere om kva partia og kandidatane står for i EU-spørsmålet.

Fornybardirektivet undergraver målene i Naturavtalen

29. aug. 2025

Det finnes mange måter å få til en reell grønn omstilling – det klarer vi best om vi står utenfor EUs energiunion.

EUs fornybardirektiv vil eskalere naturkrisa

29. aug. 2025

Folket vil ikke ha vindkraft!

Jernbanekaos i Vestfold – hvorfor det, egentlig?

28. aug. 2025

Bakom synger EØS-avtalen, som skal fremme konkurranse for enhver pris, og som mener statlig drift og samordning er en uting.

EØS-avtalen: Nødvendig for norsk handel? 

28. aug. 2025

Det er velkjent og naturlig at mye av norsk eksport går til EU og EØS, selv om andelen er lavere enn for bare noen år siden. Storbritannia er utenfor EU og en av Norges største handelspartnere. 

– Ta kontroll over krafta!

26. aug. 2025

– Nei til EU krever at Stortinget sier nei og legger ned veto mot EUs energipakke 4, sier Heidi Larsen, nestleder i Nei til EU.