Klimakrisa er større enn EU

Kan EU sin rådande politikk om fri flyt og med auka vekst gjennom meir transport foreinast med effektive tiltak mot klimakrisa? Nei til EU meiner nei.

Verda er større enn EU, og klimakrisa er større enn EU. Nei til EU meiner dette er ei krise som er altfor viktig til å overlatast til EU. Her som på mange andre område, ser me at norske styresmakter sluttar seg til EU, og det til og med på eit felt som ikkje direkte er knytt til EØS-avtala. Me ser sjølvråderetten, også på dette området, som det viktige, noko som sjølvsagt ikkje skal hindra oss i å delta i verdsomspennande samarbeid. Noreg har slutta seg til Paris-avtala saman med dei fleste landa i verda. Det same har EU. Noreg har i fleire høve vore ei viktig sjølvstendig røyst i internasjonale klimaforhandlingar.

Klimamåla til verken EU eller Noreg er i tråd med Parisavtala, ifølgje Climate Action Tracker. Andre land som Sverige og Storbritannia har sett seg høgare mål. Det er den nasjonale politikken som er viktigast for å sikre ambisiøse mål og tiltak. Noreg kan ikkje lene seg på samarbeidet med EU for å unngå å ta utsleppskutt heime, i alle fall ikkje når måla til EU er altfor svake.

Noreg må ha sin eigen politikk når det gjeld klima, som er tilpassa naturen vår, og me vil kunne vera eit føregangsland til etterfølging for andre. Me har rein kraft, me har høg kompetanse og gode føresetnader for miljøvenleg industri og kan handtera kraftige klimamessige tiltak og utfordringar. Om det er politisk vilje til det.

Skogvern og klimaskog er døme på  nasjonale klimatiltak av di skog fangar opp CO2-utslepp. Miljødirektoratet, Statens landbruksforvaltning og Institutt for skog og landskap har no utarbeidd ein rapport som gjev føringar for korleis planting av klimaskog bør gå føre seg. Tiltaket må sjølvsagt ta omsyn til biologisk mangfald, og det er viktig å lytte til råd frå miljøorganisasjonar og klimaforskarar.

EU snakkar om grøn vekst. Den frie vareflyten i EU sin indre marknad krev forureinande og auka transport over store distansar. Produksjon vert flytta til lågkostregionar, og produkta vert flytta til dei marknadene som er mest attraktive. Jakta på vekst og nye marknader går føre kravet til klimareduserande tiltak. I tillegg er det meir merksemd retta mot grønfarging av eksisterande industri, heller enn tanken på alternativ og mindre forureinande industri.

Noreg har slutta seg til EU sin energiunion gjennom ACER. Det har som konsekvens at me ikkje lenger har den same politiske styringsretten over eigen energi. Dette er alvorleg og tar frå oss verktøy i arbeidet med klimakrisa, mellom anna satsing på grøn industri med fornybar kraft. EU har også vedteke ei ny Energipakke 4. Nei til EU meiner at dette ytterlegare vil svekka høvet til å ha ein eigen og aktiv klimapolitikk.

Nei til EU vil oppmoda regjering og storting til å ta ansvar for eigen klimapolitikk, slik at me kan få til reelle resultat og utsleppskutt i Norge, basert på det som er hovudårsaka til klimautfordringane, nemleg overforbruk og krav til auka vekst i dei velståande landa. Me vil vidare be regjeringa auka innsatsen av nasjonale tiltak, framfor å kjøpa seg fri gjennom kvotehandel.

Illustrasjon (øverst): Jørgen Bitsch.

reLATERT

Se alle arrangementer

Det er gode grunner til ikke å gå inn i EUs tollunion

22. jan. 2026

Selv om det er mulig for Norge å bli en del av EUs tollunion, også uten å være EU-medlem, er gevinsten usikker og ulempene betydelige, skriver Morten Harper.

NHO sin halvhjerta omsorg for distriktene

16. jan. 2026

Det var mange gode grunner til at det ble nei i folkeavstemninga i 1994.

Norgespris og «ESA-prosessen»

14. jan. 2026

ESA mener norgespris er i strid med EØS-reglene, men regjeringen avviser dette kontant i et fyldig svar.

Minstelønnsdirektivet består

14. jan. 2026

Minstelønnsdirektivet får bestå, har EU-domstolen bestemt. Kommer kampen mot direktivet tilbake til Norge nå?

EUs nye nettpakke på høring

09. jan. 2026

EU-kommisjonen vil bygge flere overføringsforbindelser raskere, og samle mer makt hos seg selv og energibyrået ACER.

Jacobsen bommer om løk og EU

09. jan. 2026

En eventuell frykt for at stortingsflertallet nå har åpnet døra for skader på nordmenns levre, nyrer og skjeletter i 2026, er svakt begrunnet, skriver Einar Frogner.

Podkast: Hva er problemet med EUs bygningsenergidirektiv?

08. jan. 2026

Ny episode av podkasten Standpunkt, med Nei til EUs Morten Harper og Alexander Fossen Lange.

Stiller Valencia og Vestfold likt?

08. jan. 2026

Vi trenger ikke EU for å fortelle oss at det er klokt å ha tette vinduer.

Ut mot milliardregning til norske boligeiere fra EU

07. jan. 2026

En ny versjon av EUs bygningsenergidirektiv kan gi en massiv regning til norske boligeiere. Det avslører regjeringens høringsrunde for EU-direktivet.

EU vil bygge en boligpolitikk

07. jan. 2026

EU-kommisjonen har erklært boligkrise i europeiske storbyer, og skal komme med en boligpolitisk plan. Har EU virkemidlene til å skape et mer inkluderende boligmarked?

Hva er greia med løk og kadmium?

22. des. 2025

EU-forordning skaper problemer for løkbønder rundt Mjøsa.

Katta i sekken

22. des. 2025

Energiministerens julegave til boligeiere er økte utgifter.