Olaf Gjedrem foran Stortinget. Bildet er fra 2017.

KrF må ta foreldreansvar for EØS-avtala!

Om ikkje partiet skal miste truverd, må KrF stå opp og kjempe for suverenitetsvernet og intensjonane som ligg bak EØS-avtala.

I ei sak i Nationen åtvarar stortingsrepresentant Steinar Reiten frå KrF mot ei utgreiing om EØS-avtala. Han seier at «KrF er fortsatt et parti som sier klart nei til EU, men vi skal stå opp og kjempe for EØS-avtalen. Det er på en måte vår baby.»

Han har mykje rett i det. Nett difor bør KrF ta foreldreansvar i staden for å frykte ei utgreiing om konsekvensane av EØS-avtala. For det som skjer i desse dagar er at EØS-barnet til KrF får fødselsattesta si omskriven. Vi er så å si i ferd med å miste foreldreretten, medan partileiinga i Kristelig Folkeparti ikkje ser ut til å bry seg om den sida av saka.

– KrF er i ferd med å miste foreldreretten

Utviklinga med ei rad EU-byrå som får ulik grad av forvaltningsmyndigheit er urovekkande. Finansbyråa og ACER er døme på slike byrå som overstyrer norske forvaltningsorgan, om enn indirekte ved at vedtaka må passera gjennom EØS-tilsynet ESA, eit EFTA-organ. Verre enda er det med EUs jernbanebyrå ERA, som Samferdsledepartementet foreslår skal få direkte styringsrett i Noreg, uavhengig av EFTA-pilaren. Eit slikt forslag ligg no på bordet, presentert av ein statsråd frå Kristelig Folkeparti. Det trudde eg aldri eg ville få oppleva.

Om ikkje partiet skal miste truverd, må KrF stå opp og kjempe for suverenitetsvernet og intensjonane som ligg bak EØS-avtala. Avtala har form av eit dobbeltspor, eit EU-spor og eit EFTA-spor. Konstruksjonen er slik nett fordi Noreg og EFTA-landa ikkje skal avstå myndigheit til noko EU-organ, berre til EFTA-organa i EØS (til dømes ESA og EFTA-domstolen). Det var denne sikringa som i si tid fekk KrF til å samla seg bak EØS-avtala som eit varig alternativ.

Regjeringa vil innføre EUs fjerde jernbanepakke i motstrid med dette prinsippet, noko departementet sjølv vedgår. Dersom ikkje statsråd Hareide og regjeringa snur, vil det altså vere ei regjering med KrF-statsrådar som iverksett denne «nyskapinga i EØS-retten» (som departementet kallar det), ei «nyskaping» som bryt tvert med det EØS-grunnlaget som KrF har slått ring om i eit kvart hundre år.

Lojaliteten til eit regjeringsprosjekt må ikkje la partiet hive moral og prinsipp over bord. Det er enno ikkje for seint å snu, Knut Arild. Eg ber deg og partileiinga om å tenkje ein gong til – for EU-motstanden, for Grunnloven og for EØS-avtala sin skuld.

Innlegget stod på trykk i Nationen 9. juli 2020.

Gjedrem er òg nestleiar i Nei til EU.

Stort bilde i toppen: Olaf Gjedrem foran Stortinget. Bildet er fra 2017. (Nei til EU)

reLATERT

Se alle arrangementer

EUs jerntoll mot Norge

25. nov. 2025

EØS-avtalen skulle utelukke toll på industrivarer, men nå har EU innført kvoter og toll på ferrolegeringer fra Norge og Island. Hva koster EUs toll, og hva er konsekvensene for norsk industri?

Ja-sidas fallitt i møte med EU-makta

25. nov. 2025

Har vi ei regjering som har som eneste strategi å logre for Brussel og håpe at de ikke banker oss opp enda en gang?

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

21. nov. 2025

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.

EØS-avtalen har spilt fallitt

20. nov. 2025

EUs nye tollsatser overfor Norge viser at vi må tenke nytt om vårt forhold til unionen.

EUs tollavgjørelse om norske ferrolegeringer er uakseptabel 

13. nov. 2025

EU har gjort det klart at det legges opp til at Norge vil rammes av toll på ferrolegeringer.

Ingen seier i saken mot minstelønn 

11. nov. 2025

I dag avsa EU-domstolen sin dom i saken om minstelønnsdirektivet.  – Nå må regjeringa stå på kravet om at minstelønnsdirektivet ikke er EØS-relevant, sier Einar Frogner, leder i Nei til EU.  

På tide å få jernbanen tilbake på rett spor, Støre?

11. nov. 2025

AP, SV, Rødt, Sp og MDG stemte nei til innføring av jernbanepakke 4. Disse fem partiene har i dag flertall på stortinget. Det er på tide å få tilbake politisk kontroll over jernbanen.

Esa eser ut

10. nov. 2025

EØS-tilsynet Esa vil overstyre jernbanen i Norge og regjeringen vil øke Esas budsjett med mange millioner. Begge deler er lite lurt.

Er Norges regler for bruk av innleie i arbeidslivet lovlige etter EØS-avtalen?

06. nov. 2025

Den norske staten har til nå seiret i rettsprosessene der det stilles spørsmål ved overenstemmelsen mellom innleiereglene som ble innført i 2023 og EØS-avtalen. En endelig konklusjon er imidlertid et stykke unna.

ESA åpner sak mot Norge: Kampen om kontrollen over jernbanen

04. nov. 2025

Nei til EUs podcast med Helga Hustveit og Morten Harper, politiske rådgivere i Nei til EU.

Nei til EU krever politisk kontroll over jernbanen  

30. okt. 2025

– Nå ser vi de langsiktige konsekvensene av tilslutninga til jernbanepakke 4, hvor vi mister politisk kontroll over viktig infrastruktur, sier Einar Frogner, leder av Nei til EU. 

Hvor blir det av strengere kjemikaliereguleringer?

29. okt. 2025

Revideringen av kjemikaliereguleringen REACH viser både hvordan prosesser i EU kan gå alt for treigt, hemmelighold fra EU-kommisjonen og makten til industrilobbyen.