Alver Nei til EU på offensiven

Tusen takk til dei partia som stilte og som utgjorde eit aktivt panel, skriv Toril Mongstad i Alver Nei til EU.

Alver Nei til EU inviterte til folkemøte 26. august.

Temaet var EU og EØS-avtala sin innverknad på lokaldemokrati og folkestyre, høgst aktuelt no nett før valet den 9. september. Morten Harper, jurist og utgreiingsleiar i Nei til EU, innleia om temaet. Han var innom Hjelmengutvalet sin rapport, og det nye Meldepliktdirektivet (som rett nok er lagt på vent grunna motstand internt i EU). Han snakka og om Telemarksmodellen (Skiensmodellen, Oslomodellen), modellar for tiltak mot sosial dumping, og som fleire kommunar har innført.

Alver Nei til EU hadde invitert listetoppar frå dei 11 partia i Alver kommune til å delta i ein paneldebatt om temaet, 8 av desse takka ja og stilte opp. Høgre, FrP og FNB (bompengepartiet), valde å ikkje stilla opp, det var beklageleg. Særs spente var me på Høgre, som ønskjer landet vårt inn i EU. Kva ville dei meina om overnasjonal styring, også på kommunenivå, frå Brussel? Det fekk me ikkje svar på.

Men – tusen takk til dei partia som stilte og som utgjorde eit aktivt panel, og som både uttalte seg og svarte på spørsmål frå dei frammøtte.

Dei fleste kandidatane var samde om at overstyring av lokaldemokratiet ikkje er ønskjeleg. Morten Harper viste til at om lag halvparten av sakene som vert handsama kommunalt, tar på ein eller annan måte, omsyn til EØS-avtala /EU sine lover. Dei partia som er for EØS-avtala, likar heller ikkje dette, men ser fordelane med avtala som større enn ulempene. Nokre av kandidatane tenkjer at me som nasjon, kan velja å godta eller å setja grenser. Andre meinte at tvilssaker bør utgreiast av juristar, slik at vedtaka er i samsvar med gjeldande regelverk.

Mange tenkjer at EØS-avtala er naudsynleg ut frå omsynet til handel, og at me utan denne, ville ha vanskar med å få avsetnad på varene våre.

Som arrangørar minna me om at berre tre land i heile verda, har ein så omfattande og politisk overstyrande avtale som EØS-avtala er. Resten av verda handlar med EU etter normale, likeverdige handelsavtalar. Slik handlar også me med landa utanfor EU, utan at dei krev å påverka politisk styring i landet vårt. Når det gjeld tiltak mot sosial dumping, viste politikarane til at mange av desse retningslinene alt er på plass i kommunane. Dei slo også fast at det var særs viktig å ha ryddige arbeids- og tilsetjingstilhøve, og at dette er noko dei vil halda fram med å få på plass i Alver kommune. Vilje til å både støtta lokalt næringsliv, og å kjøpa produkta deira, var det og semje om. På spørsmål frå ordstyrar om korleis dei ville handtera innblanding frå ESA (EFTA sitt overvakingsorgan), vart dei meir usikre, og ville handtera enkeltsaker når desse eventuelt dukka opp.

Dei frammøtte deltok i debatten både med spørsmål og kommentarar. Me som arrangørar var godt nøgde med møtet, og gode attendemeldingar frå både listekandidatane og publikum oppmuntrar oss til å arrangera fleire folkemøte framover.

reLATERT

Se alle arrangementer

Norgespris og «ESA-prosessen»

14. jan. 2026

ESA mener norgespris er i strid med EØS-reglene, men regjeringen avviser dette kontant i et fyldig svar.

Minstelønnsdirektivet består

14. jan. 2026

Minstelønnsdirektivet får bestå, har EU-domstolen bestemt. Kommer kampen mot direktivet tilbake til Norge nå?

EUs nye nettpakke på høring

09. jan. 2026

EU-kommisjonen vil bygge flere overføringsforbindelser raskere, og samle mer makt hos seg selv og energibyrået ACER.

Jacobsen bommer om løk og EU

09. jan. 2026

En eventuell frykt for at stortingsflertallet nå har åpnet døra for skader på nordmenns levre, nyrer og skjeletter i 2026, er svakt begrunnet, skriver Einar Frogner.

Podkast: Hva er problemet med EUs bygningsenergidirektiv?

08. jan. 2026

Ny episode av podkasten Standpunkt, med Nei til EUs Morten Harper og Alexander Fossen Lange.

Stiller Valencia og Vestfold likt?

08. jan. 2026

Vi trenger ikke EU for å fortelle oss at det er klokt å ha tette vinduer.

Ut mot milliardregning til norske boligeiere fra EU

07. jan. 2026

En ny versjon av EUs bygningsenergidirektiv kan gi en massiv regning til norske boligeiere. Det avslører regjeringens høringsrunde for EU-direktivet.

Hva er greia med løk og kadmium?

22. des. 2025

EU-forordning skaper problemer for løkbønder rundt Mjøsa.

Katta i sekken

22. des. 2025

Energiministerens julegave til boligeiere er økte utgifter.

Nei til EUs høringssvar om Bygningsenergidirektivet

16. des. 2025

Nei til EU mener at EUs bygningsenergidirektiv ikke er tilpasset lokale forhold. Direktivet vil gi store kostnader for samfunnet og for huseiere i Norge.

Har EU åpnet handlingsrommet i EØS?

11. des. 2025

EUs toll på ferrolegeringer vekker til live en sovende bestemmelse i EØS-avtalen, og gir nye forutsetninger for tiltak mot prissmitte fra det europeiske kraftmarkedet, skriver Morten Harper.

Folket tenker selv

09. des. 2025

I slutten av november var det 31 år sia vi stemte nei til å bli medlem i EU. En beslutning det norske folk tok fordi vi er i stand til å tenke selv.