
Oljeavhengighetens pris
Energifattigdom og oljeavhengighet gjør EU til en mer uberegnelig motpart for ressursmakten Norge.

Så vedtok Stortinget at Norge skulle «slutta seg til» ACER. Det ACER-tilhengarane ikkje fortel, er at EU nektar Norge å bli medlem i ACER. ACER-tilslutning betyr at me «får lov til» å bli underlagt ACER på visse område. Kva for nokre område det gjeld, er det EU som til ei kvar tid bestemmer.
No er ikkje saka avgjort med Stortingets vedtak. Island kan seia nei. Gjer dei det, skal saka leggjast død — om spelereglane blir følgt, vel å merka.
Det blir sagt at norsk tilslutning til ACER er nødvendig for å få til eit grønt skifte i Europa — som om mektige land ikkje klarar sånt på eiga hand — og at samarbeid må til. Samarbeid er bra, men det foregår mellom to likestilte partar som blir einige om kva som er til felles beste. Ei ordning der den eine bestemmer og den andre må seia ja og amen, er ikkje samarbeid. Bare om Norge saman med Island og Liechtenstein seier nei til å bli underlagt ACER, kan me få til eit samarbeid. Paradokset er at eit nei ikkje vil hindra, men vera ein føresetnad for samarbeid.
Dersom Norge blir lagt inn under ACER, avstår me sjølvråderett til ein organisasjon me ikkje er medlem av — og det etter eit stortingsvedtak utan kvalifisert fleirtal.
Kva med sjølvråderetten? Regjeringa måtte laga ei ny utgreiing der dei vedgjekk at ACER-tilslutning inneber å gi frå seg sjølvråderett, men forsvara det med at det i dette tilfellet var «lite inngripende». Grunnloven har ingen paragraf for «lite inngripende» avståing av sjølvråderett. Dersom Norge blir lagt inn under ACER, avstår me sjølvråderett til ein organisasjon me ikkje er medlem av — og det etter eit stortingsvedtak utan kvalifisert fleirtal. Begge delar er brot på Grunnlovens § 115.
Nei til EU held fram kampen mot ACER, og stemner myndighetene for grunnlovsbrot. Alle kan stø denne kampen ved å bidra i kronerulling (sjå heimesida til Nei til EU), og alle kan slutta opp om parolen «ACER = brudd på grunnoven» i 1. mai-toget i Stavanger.
Innlegget stod på trykk i Stavanger Aftenblad 30. april.

Energifattigdom og oljeavhengighet gjør EU til en mer uberegnelig motpart for ressursmakten Norge.

Vestfold Nei til EU mener all folkeopplysning om EU og Norge er bra. Vi trenger saklig informasjon og kunnskap om vår handels- og samarbeidspartner, slik at vi kan føre en opplyst debatt om Norges forhold til Europaunionen.

Det er uholdbart høye strømpriser. Sjøl om Norgespris demper noe av utslagene for private husholdninger, sliter kommuner og næringsliv med strømprisene som importeres fra Tyskland og kontinentet.