
Nå får vi nabosjekk
Nå skal vi begynne å se oss rundt, heller enn å blindt høre på EU-kommisjonen og overvåkningsorganet ESA.

EØS-loven slår fast at EØS-avtalen går føre andre avtalar mellom EU og eitt eller fleire EFTA-land, men den kan seiast opp med 12 månaders varsel (EØS-loven art. 127), og når den ikkje lenger gjeld, vil handelsavtalen frå 1973 regulera forholdet vårt til EU. Handelsavtalen er aldri sagt opp, den gjeld enno, og blir fortløpande oppdatert — seinast i 2016.
Det blir sagt at me risikerer handelsproblem dersom me seier opp EØS-avtalen, og at det kan bli vanskeleg å fohandla fram ein ny avtale. Det blir vist til Brexit-kaoset og at me ikkje må hamna i liknande trøbbel. Men me er ikkje avhengig av å forhandla fram ein avtale. Me har ein avtale, sidan handelsavtalen frå 1973 aldri er sagt opp. Me kan sjølvsagt forhandla om å forbetra denne avtalen, men handelsavtalen frå 1973 sikrar oss god tilgang. Handelen med EU utvikla seg faktisk best i åra før EØS, då me bare hadde handelsavtalen. Fastlandsindustriens handel med EU hadde toppåret i 1994. I åra med EØS-avtale har det tvert om utvikla seg eit aukande underskot i Norges handel med EU-landa.
EØS gir oss sosial dumping og mange andre ulemper, EØS overkjører folkestyret og undergrev velferdsstaten, problem som me ikkje får slutt på om me ikkje seier opp EØS.
EØS er ikkje fyrst og fremst ein handelsavtale. Den er også ein handelsavtale, men fyrst og fremst er det ein overstatleg avtale som skal sikra Romatraktatens fire såkalla «friheter», det vil seia: uhemma bevegelsesfrihet for kapitalen. Det er sjølve føremålet med EØS-avtalen, ifølgje EØS-lovens art. 1, pkt. 2. Samtidig skal EØS-avtalen gå føre alle andre lovar og avtalar (EØS-loven § 2), og avtalen slår fast at det skal byggast opp statsliknande organ (domstolar og anna) som skal sørga for at avtalepartane følgjer diktata frå Brussel. Kort sagt: EØS-avtalen er ein avtale som legg Norge under diktat frå Brussel, trass i at me har hatt to folkeavstemningar som sa NEI, avtalen forbyr oss å setta grenser for kapitalens uhemma bevegelser, og avtalen forbyr oss å bryta dei stengslene for folkestyret som EU vedtar.
EØS gir oss sosial dumping og mange andre ulemper, EØS overkjører folkestyret og undergrev velferdsstaten, problem som me ikkje får slutt på om me ikkje seier opp EØS. Men seier me opp EØS, har me ein handelsavtale. Spørsmålet er: kva vil me ha — EØS eller handelsavtale? Eg er ikkje i tvil om kva eg vil ha.
Stort bilde i toppen: Leiv Olsen.

Nå skal vi begynne å se oss rundt, heller enn å blindt høre på EU-kommisjonen og overvåkningsorganet ESA.

Energifattigdom og oljeavhengighet gjør EU til en mer uberegnelig motpart for ressursmakten Norge.

Vestfold Nei til EU mener all folkeopplysning om EU og Norge er bra. Vi trenger saklig informasjon og kunnskap om vår handels- og samarbeidspartner, slik at vi kan føre en opplyst debatt om Norges forhold til Europaunionen.