
Alle EØS-regler må nabosjekkes
Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte 12. april 2026.

Dei viste bare til Grunnlovens § 26, andre ledd, som seier korleis Norge kan inngå folkerettslege traktatar. Den paragrafen seier ingenting om å avstå suverenitet. Høgsteretts fleirtal skriv at det har stor samfunnsnmessig interesse å få avklart når Grunnlovens § 115 må anvendast, og når stortingsfleirtalet kan bruka Grunnlovens § 26, andre ledd. «En dom som bidrar til å avklare grensen mellom Grunnlovens § 26 andre ledd og § 115, vil være retningsgivende for fremtidige saker.» (sitert frå Høgsteretts kjennelse s. 29).
Høgsterett har ikkje tatt standpunkt til realitetane i saka, men har peika på at det er eit problem at stortingsfleirtalet overfører suverenitet til EU/EØS «bit for bit» (sitat frå Høgsteretts kjennelse s. 29). Har dei rett til det etter Grunnloven? Det vil bli eit hovudspørsmål i dei kommande rettsrundane, som truleg vil enda med at saka nok ein gong kjem til Høgsterett for endeleg avgjerd. Det høgsterettsfleirtalet som slo fast at det er problematisk å overføra suverenitet bit for bit, vil truleg også avgjera om praksisen er i strid med Grunloven — når den tid kjem.
Høgsterett er også blitt beden om å avklara forholdet mellom jernbanepakke 4 og Grunnloven. Følgjer dei den same logikken i den saka, vil dei venteleg landa på at jernbanepakke 4 er i strid med Grunnloven og ikkje kan innførast før enten jernbanepakken eller Grunnloven blir endra. Jernbanepakke 4 er endå meir problematisk sidan suverenitet då blir overført direkte til EU-organ, utan å gå omvegen om EØS, noko som ikkje kan vedtas om det så er 3/4 fleirtal på Stortinget, sidan Norge ikkje er medlem i EU.
I dag kan me ikkje vita kva Høgsterett vil meina om jernbanepakke 4 eller kva retten til slutt vil meine om ACER og EUs energipakkar. Men dersom Høgsterett kjem fram til at framgangsmåten som har vore nytta, er grunnlovsstridig, får det konsekvensar. Grunnlovens § 115 har bare vore nytta to gonger: då EØS-avtalen blei vedtatt, og då finanstilsynet blei lagt under EU/EØS. Men sidan 1997 har suverenitet blitt overført i eit stort tal saker med henvisning til Grunnlovens § 26, andre ledd. Dersom Høgsterett kjem fram til at denne framgangsmåten har vore grunnlovsstridig, blir ingen vedtak oppheva, men Stortinget har då hamna i ei lei knipe og må finna ut kva dei vil gjera med det. Kan Storting og regjering i så fall leva med at hovudsporet i EØS-politikken har vore grunnlovsstridig?
Det er det Stortinget som skal veljast i haust, som i så fall vil få saka i fanget. Derfor: haustens stortingsval får stor betydning for kampen mot EU og EØS.
Årsmøtet i Rogaland Nei til EU, 20. mars 2021
Stort bilde i toppen: Nei til EU markerte åpningen av Høyesteretts behandling i januar ved å sende EUs energipakke i retur.

Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte 12. april 2026.

Uttalelse fra Nei til EUs rådsmøte 12. april 2026.

Høringsuttalelse fra Nei til EU vedrørende forslag til ny forordning om retningslinjer for transeuropeisk energiinfrastruktur og endringsdirektiv om effektiviserte konsesjonsprosedyrer