Me ønskjer ein likeverdig handelsavtale med EU

NHO tviheld på ein 25 år gammel EØS-avtale som i sak etter sak undergrev norsk sjølvstyre og demokrati.

Nei til EU vil i staden få utreda om ein likeverdig handelsavtale med EU kan vera tenleg. Korfor fryktar NHO meir kunnskap om alternativa til EØS?

Ein påstand frå NHO er at EØS-avtalen sikrar stabilitet i norsk økonomi. Røynda er at EØS-avtalen gjer det utrygt for norsk arbeidsliv, offentlege tenester og næringsliv, ved at useriøse firma, tilmed slike politi og skatteetat kallar kriminelle, utkonkurrerer seriøse norske bedrifter, ved sosial dumping, ved at norske lovar og tilmed tariffavtalar må vika for stadig nye reglar og ikkje minst ny rettspraksis frå EU. Utanlandske trailarar skapar livsfare på norske vegar. EU vil bestemma kva norske kommunar skal få lov til og ikkje få lov til å gjera. Eksempla er mange.

Om me seier opp EØS-avtalen, vil frihandelsavtalen frå 1973, igjen regulera handelen. Frihandelsavtalen er velprøvd og sikrar tollfrihet for industrivarer til EU, og den har blitt fortløpande oppdatert i alle dei åra me har hatt EØS-avtalen.

Denne handelsavtalen utgjer ein viktig forskjell på situasjonen til Norge og Storbritannia. Britane har ingen handelsavtale når dei no forlet EU — me har det. Handelsavtalen vår gir tollfrihet, i tillegg til den frihandelen WTO fastset. Handelsavtalen med EU gir ikkje bare tollfrihet på industrivarer, den gir også uendra toll på laks, sild, reker og makrell samt tollfrie kvotar på torsk.

Eit nei til EØS er ikkje gambling med økonomi og arbeidsplassar, slik NHO hevdar. EU-landa importerer for eksempel ikkje sjømat frå Norge som veldedighet fordi me er med i EØS, men fordi EU ikkje har nok ressursar til egige forbruk og foredlingsindustri. EUs sjølvforsyning av laks er 16 prosent, av torsk bare 9 prosent. 9 av 10 torskekilo må altså EU importera. Norge er ein naturleg og heilt nødvendig leverandør.

Rogaland er eit oljefylke. Den viktigaste europeiske eksportmarknaden for oljeindustrien vår er Storbritannia, som 29. mars skal gå ut av EU. Då blir ikkje den britiske marknaden trygga av EØS-avtalen. Det er bygd ut eit nett av røyrleidningar for olje og gass både til Storbritannia og kontinentet, og desse leidningane blir liggande der uansett EØS-avtale eller ikkje. Gjennom dei blir norsk olje og gass fordelt til industri og forbrukarar i heile EU. Skal EU parkera dette systemet viss Norge seier opp EØS-avtalen? Skal dei stenga krana til sine eigne forbrukarar for å straffa Norge? EU treng meir gass, ikkje mindre, derfor er det planlagt røyrleidningar for russisk gass i tillegg til den norske. Dei som ikkje vil bli avhengig av russisk gass, argumenterer med at EU ikkje treng den russiske gassen så lenge dei får gass frå Norge. Kven trur EU vil gi frå seg dette trumfkortet?

Omtrent 150 land, det store fleirtalet av alle land i verda, handlar med EU utan ein EØS-avtale. Amerikanske, japanske og sveitsiske selskap sel varer og tenester til EU utan å vera underlagt overvåkingsorganet ESA. EU har dei siste åra inngått omfattande frihandelsavtalar med Sør-Korea, Japan og Canada. Norge er ein omtrent like stor handelspartnea med EU som Japan, og større enn dei to andre. Norge har varer som EU treng og er i liten grad konkurrent til EUs industri. Det er ingen grunn til at Norge ikkje skal kunna inngå ein likeverdig handelsavtale der me slepp regelimporten og overstyringa frå EU.

reLATERT

Se alle arrangementer

Hva er greia med løk og kadmium?

22. des. 2025

EU-forordning skaper problemer for løkbønder rundt Mjøsa.

Katta i sekken

22. des. 2025

Energiministerens julegave til boligeiere er økte utgifter.

Nei til EUs høringssvar om Bygningsenergidirektivet

16. des. 2025

Nei til EU mener at EUs bygningsenergidirektiv ikke er tilpasset lokale forhold. Direktivet vil gi store kostnader for samfunnet og for huseiere i Norge.

Har EU åpnet handlingsrommet i EØS?

11. des. 2025

EUs toll på ferrolegeringer vekker til live en sovende bestemmelse i EØS-avtalen, og gir nye forutsetninger for tiltak mot prissmitte fra det europeiske kraftmarkedet, skriver Morten Harper.

Folket tenker selv

09. des. 2025

I slutten av november var det 31 år sia vi stemte nei til å bli medlem i EU. En beslutning det norske folk tok fordi vi er i stand til å tenke selv.

Nei til EU podkast: Burde Norge komme med en reaksjon på EUs jerntoll?

05. des. 2025

I denne korte miniepisoden av Nei til EUs podkast diskuterer Einar Frogner og Alexander Fossen Lange den nye EU-tollen på norske ferrolegeringer.

Regjeringen må stå opp for norske interesser

04. des. 2025

EUs nye toll på norske ferrolegeringer viser at EØS-avtalen ikke er verdt papiret den er skrevet på, skriver Einar Frogner i Nei til EU.

Vil ikke bukke, nikke og neie for EU

02. des. 2025

– Vi har alt å tjene på godt samarbeid med våre naboland. Men vi har ikke noe å tjene på at det skal gå automatikk i at det som bestemmes i Brussel skal alltid godtas i det norske Stortinget, fastslo Senterparti-leder Trygve Slagsvold Vedum i EU/EØS-debatten.

Et norsk mottrekk?

01. des. 2025

Å svare på EUs jerntoll med mottiltak vil ivareta både norske økonomiske interesser og EØS-avtalens prinsipper.

EUs jerntoll mot Norge

25. nov. 2025

EØS-avtalen skulle utelukke toll på industrivarer, men nå har EU innført kvoter og toll på ferrolegeringer fra Norge og Island. Hva koster EUs toll, og hva er konsekvensene for norsk industri?

Ja-sidas fallitt i møte med EU-makta

25. nov. 2025

Har vi ei regjering som har som eneste strategi å logre for Brussel og håpe at de ikke banker oss opp enda en gang?

Legg ned veto mot dei nye energidirektiva!

21. nov. 2025

Nei til EU meiner at dei grunnleggjande problema ved EUs fjerde energipakke ikkje berre består, men også blir forverra gjennom dei reviderte utgåvene av direktiva.